31/05/2026
Tusen takk for ei fantastisk Kvam Open 2026 presented by MVP Disc Sports! 🥏☀️
For ei helg dette blei! Me var heldige med vêret, hadde eit flott oppmøte og kunne nyta god stemning gjennom heile turneringa. Det er inspirerande å sjå så mange spelarar, frivillige og tilskodarar samla på anlegget vårt.
Ei stor takk går til alle som har bidrege til å gjera Kvam Open 2026 til ein realitet. Slike arrangement blir ikkje til av seg sjølv, og me set enorm pris på alle timane som er lagde ned før, under og etter turneringa.
Ei heilt spesiell takk går til Even Hatlen, Daniel Hatlen og Hanne-Christine Hatlen, som heldt kiosken gåande gjennom heile dagen. De gjorde ein fantastisk jobb og sørgde for at både spelarar, frivillige og publikum vart tekne godt vare på.
Når det gjeld bileta frå turneringa, må me retta ein særskild takk til Daniel Gammelsæter og Frede Gravdal. Det er utruleg kjekt å sitja att med så mange flotte minner frå ei innhaldsrik helg.
Me vil òg retta ei stor takk til alle sponsorar og samarbeidspartnarar som støttar opp om klubben og arrangementa våre. Dykkar bidrag er med på å leggja til rette for gode opplevingar, utvikling av banen og gjennomføring av turneringar som Kvam Open. Me set stor pris på støtta og samarbeidet.
Til slutt vil me takka alle deltakarar, frivillige, publikum og støttespelarar som var med på å skapa ei minnerik helg på Kvam Disc Golf Course.
🔥 Neste turneringar hjå oss:
• Vestkyst Touren 2026 – Finale
🗓️ 22. august
🔗 Påmelding: https://www.discgolfscene.com/tournament/Vestkyst_Touren_Kvam_2026_Presented_by_Innova_Europe
• Hardanger DiscGolftour 2026 – Finale
🗓️ 12. september
🔗 Følg med på Disc Golf Scene for påmelding og informasjon.
• 2026 MVP Circuit Challenge presented by Kvam Disc Golf Shop
🗓️ 30. august
🔗 Påmelding: https://www.discgolfscene.com/tournament/2026_MVP_Circuit_Challenge_presented_by_Kvam_Disc_Golf_Shop
Alle arrangementa er PDGA-sanksjonerte turneringar, og me håpar å sjå endå fleire på startstreken utover sesongen.
Søk opp arrangementa på Disc Golf Scene og meld dykk på! 😄
Takk for i år – me gler oss allereie til neste Kvam Open! 🥏💙💛
– Kvam Frisbeegolf