29/08/2026
Me har mista ein på laget ❤️
Det er nesten ikkje til å forstå
Olav er borte
Han vart ein del av Hardanger Trening i 2007, og i snart 20 år har han vore kollega, tilsett og ven. Men eigentleg blir alle dei orda litt for små. For oss har Olav vore som familie. Ikkje den familien ein tilfeldigvis blir fødd inn i, men av den sorten ein vel – fordi ein har lyst til å ha kvarandre i livet sitt ❤️
Og for ein mann me har fått ha med oss
Olav var ryddig, direkte, omsorgsfull og utruleg omgjengeleg. Han var morosam og hadde alltid ei god historie på lur. Han kunne prata med alle, og han var like dyktig med folk som han var med maskiner.
Me har hatt så gysla mykje kjekt i lag med Olav. Det har vore mykje skratting, mykje tull og gode historiar – både på jobb og ikkje minst når me har vore samla sosialt. Olav var rett og slett himla kjekk å ha med på laget ❤️
Olav var kanskje ikkje den alle medlemmane våre såg så ofte. Mykje av arbeidet hans skjedde i det stille og i bakgrunnen. Han hadde ansvar for service, vedlikehald og reparasjonar, og var det noko som ikkje fungerte, var Olav mannen me ringde. Han passa på at utstyret var i orden, at ting fungerte som dei skulle – og ikkje minst at det var trygt for alle som trente og jobba hos oss.
Men Olav var så mykje meir enn han som passa på utstyret. Han var engasjert i kollegaene sine, i treninga og i drifta av HT. Han brydde seg om HT og om oss. Han hadde meiningar, kom med innspel og var ein god og viktig støttespelar gjennom alle desse åra.
Og så var han ein petimeter av dimensjonar. 😅 Det har me nok til tider kunna smile av – men akkurat når ein har ansvar for maskiner og utstyr som hundrevis av menneske brukar, kunne me vel knapt vore heldigare. Ting skulle vere i orden. Skikkeleg i orden.
Slik var Olav ❤️
Midt i vår eiga sorg går tankane aller mest til Gunnvor, Kyrre og resten av familien hans. Dei har mista mannen sin, pappaen sin og ein av sine aller næraste. Me er så ufatteleg triste på deira vegne❤️
Olav sette avtrykk. Eit stort og godt avtrykk på arbeidsplassen vår og i alle oss som fekk ha han med på laget.
No blir det eit tomrom etter denne flotte mannen
Me kjem til å sakne historiene. Humoren. Den direkte talen. Omsorga. Engasjementet. Alt som skulle vere på stell. Og sjølvsagt mannen sjølv.
Me kjem til å sakne deg noko så innmari, Olav 💔
Takk for nesten 20 år
Takk for alt du var for HT
Og aller mest – takk for at du var ein av oss ❤️