Norheimsund FK

Norheimsund FK Den offisielle Facebooksida til Norheimsund Fotballklubb

Dugnad torsdag ⚽️Me skal ha dugnad med klipping rundt fotballbana torsdag. Vi nyttar oss av finværet, så dette kjem litt...
26/08/2026

Dugnad torsdag ⚽️
Me skal ha dugnad med klipping rundt fotballbana torsdag. Vi nyttar oss av finværet, så dette kjem litt brått på, men håper mange har anledning til å kome og hjelpe til!
Det skal klippast gras og ryddast/klippast rundt bana og kafeen. Ta gjerne med det utstyret du har som kan vere nyttig.
Vi startar å bråke frå kl. 16.30 😄
Jo fleire me er, jo fortare går det! 💪⚽️
Legg ved eit bilde som viser grovt områder me lyt ta.

09/08/2026
Norheimsund/Øystese G16 var godt nøgde med deltakinga på Norway Cup. I gruppespelet vart det eit tap og to sigarar som k...
04/08/2026

Norheimsund/Øystese G16 var godt nøgde med deltakinga på Norway Cup.
I gruppespelet vart det eit tap og to sigarar som kvalifiserte til A-sluttspel. Der vart det tap mot eit sterkt Askøy lag.
Troppen var på16 spelarar og me fekk låne 4 unge og lovande frå G14.
Særs god innsats, mykje godt spel og flott samhald i gruppa.
Oppsummert ei trivelig veke i Oslo både for spelarar og foreldre.

02/08/2026

👀

Norheimsund/Øystese sitt jenter 2010-lag har nyleg kome heim, etter ei veldig fin og innhaldsrik veke på Dana cup. Etter...
27/07/2026

Norheimsund/Øystese sitt jenter 2010-lag har nyleg kome heim, etter ei veldig fin og innhaldsrik veke på Dana cup. Etter ein siger og to tap mot tøff motstand i gruppespelet, blei det B-sluttspel. Der klinka jentene til med 12-2-siger over Kjelsås! I kvartfinalen måtte det straffekonk til mot Greipstad, etter 0-0 ved ordinær tid. Der stoppa det sportslege eventyret for jentene, men dei har hatt mykje anna kjekt og sosialt i løpet av veka, så det har vore ei flott veke på alle måtar!

Jentene vil takke alle som har medverka til å gjere det mogleg å reise på cupen:

Tusen takk til sponsorane:
GBS Entreprenør AS
Hardingsmolt
Hardtech
Byggmester Karsten Augestad
KV Teknikk As
Torpe Møbelfabrikk As
Gunslingers
Adq Aqua ( H2 Hardanger as )

Tusen takk for alle basargevinstar, til alle som kjøpte lodd, julekaker, bollar, vafler, kake, kaffi, popkorn og Bambusa-produkt, og til 1.mai-gjengen i Ålvik, og alle andre som har medverka!

Jenter 2011 Norheimsund/Øystese har hatt ei super veke på Dana Cup 2026! Dei samspelte jentene vann alle kampane i grupp...
26/07/2026

Jenter 2011 Norheimsund/Øystese har hatt ei super veke på Dana Cup 2026! Dei samspelte jentene vann alle kampane i gruppespelet og kom vidare til A-sluttspelet der dei kjempa som heltar, men motstanden vart for sterk. Ingenting å seie på innsatsen verken til spelarane eller heiagjengen ;) Foreldra, trenarane og heile fotballfamilien som var med til Danmark har hatt det veldig kjekt!

Jentene ynskjer å takka sponsorane som gjorde det mogleg for laget å reise til Dana Cup:

Terrengform As Homlagarden as Jan Mo A/S Altiora Optima Produkter AS Øvreviken Pizzarestaurant Hordaland Folkeblad Byggtorget GBS Entreprenør AS Glynt ADQ Aqua( H2 Hardanger as )Kvam Elektro Hardingsmolt

Og takk til alle dykk som har kjøpt kaker, lodd og Bambusa-produkt frå laget!
Jentene brukte DUO dusjsåpe frå Optima pH gjennom heile cupen – praktisk og enkelt då DUO kan brukast til både kroppen og håret!

Tusen takk!

No er det mulig å melde seg på til årets fotballskule! Klarer me også i år å fylle alle 140 plassane ?😎
27/05/2026

No er det mulig å melde seg på til årets fotballskule! Klarer me også i år å fylle alle 140 plassane ?😎

Tine Fotballskule 2026Er du klar for ei veke fylt med fotballglede, nye vennskap og masse moro?Me inviterer jenter og gutar(født 2020-2014) til TINE Fotballskule 2026 – ei spennande veke med trening, leik, konkurransar og samhald! Dato: Onsdag 12. - fredag 14.augustStad: Norheimsund StadionTid: K...

14/04/2026

Vårdugnad!

No er snøen borte, og områda rundt bana treng ei skikkeleg opprydding. Det skal mellom anna:

-ryddast boss
-bytast/ordna nye målnett
-setja opp gjerde

⚠️ Me treng minst 6 personar til å sette gjerdet – kommenter under om du har moglegheit! Ta gjerne med spett og slegge om du har.

Klubben stiller med utstyr til bossplukking. Håpar så mange som mogleg har høve til å vera med, slik at området blir trygt og fint – spesielt med tanke på å få bort glasbrot og liknande.

📅 Tid: Onsdag 15. april kl. 17:00
🌤 Det er meldt fint og varmt vêr, perfekt for ein dugnad!

Vel møtt!
Mvh Norheimsund FK

Endeleg fullt liv på stadion igjen! 🤩 Me ser fram til ein sesong med fine opplevingar og fellesskap på banen og sidelinj...
10/04/2026

Endeleg fullt liv på stadion igjen! 🤩 Me ser fram til ein sesong med fine opplevingar og fellesskap på banen og sidelinja.

Det vert kafé i klubbhuset kvar tysdag (kl 17-19.30) fram til sommarferien. Heimalaga smoothie står sjølvsagt på menyen. Velkomne innom for forfriskningar og drøs! ☺️

31/03/2026

Mandag 23.mars fekk J14- og J16-laga i Norheimsund FK, saman med nokre ivrige J13-keeperar, eit svært kjekt og lærerikt besøk på trening. Tre spelarar frå SK Brann Kvinner, i tillegg til ein trenar frå Kniksen-akademiet, tok turen for å halde ei inspirerande treningsøkt. Med nærmare 40 jent...

Adresse

Norheimsund
5600

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Norheimsund FK legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Norheimsund FK:

Snarveier

Del