15/04/2026
🎪 Sirkus Agora er i byen!
Ein av artistane i forestillinga – sjølvaste klovnen – har to hestefrelste jenter. Søskenbarnet mitt, Jan Ketil, tok kontakt og lurte på om dei kunne få kome på besøk til meg for å helse på hestane.
Eg og Jan Ketil har nokre felles trekk, kanskje gjennom generasjonar. Vi er ikkje heilt A4, arbeidet vårt er livsstil, vi har like dårlege øyrer – og av den grunn er vi veldig tydelege når vi sjølve snakkar 😄 Noko vi trivst godt med, for vi likar å snakke og le! Og jantelova - ler vi .berre av.
Eg er stolt over søskenbarnet mitt og alt han får til, og all sirkusmagien han sprer rundt i landet. Men det eg beundrar aller mest, er det varme hjartet hans. Han brukar mykje tid og pengar på dei som treng ei hand.
Tusen takk for besøket! Klovnen var like morosam på privaten, og jentene var heilt fantastiske – slik hestejenter ofte er 🐴💛
Har du ikkje skaffa deg billettar til forestillinga i dag kl. 18?
Då må du berre løpe og kjøpe – det er ei fantastisk forestilling i år òg!
Lykke til med sesongen, Jan Ketil! 🎪✨