Fjord frivilligsentralar

Fjord frivilligsentralar https://www.fjord.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/frivilligsentralar/ Vi har faste opningstider, men har også aktivitetar utanom desse tidene.

Fjord frivilligsentralar er ei felles facebookside for Stordal og Valldal frivilligsentral, som er lokalisert i Stordal og Valldal og dekkjer alle bygdene i Fjord kommune. Stordal frivilligsentral har flotte lokale i Stordal Næringsbygg, og er samlokalisert med Stordal ungdomsklubb. Vi har m.a. kinorom med amfi, biljard, air hockey, bordtennis, internett og mykje meir! Det er faste aktivitetar både på dag- og kveldstid. Ynskjemålet med denne sida er at den skal fungere som informasjonskanal, slik at aktivitetstilboda ved frivilligsentralen vert gjort kjend. I tillegg til at vi vil prøve å legge ut slik info, er det sjølvsagt flott om andre som har aktivitetar og tilbod i Stordal, også kan informere via facebook-sida. Sist men ikkje minst kan sida fungere som eit utstillingsvindauge for oss. Kanskje du vil vere frivillig?

19/08/2026

VELKOMEN TIL KAFFIPRAT PÅ BIBLIOTEKET!

Kom innom biblioteket for ein kopp kaffi, ferske vaflar og ein god prat😊Det blir kviss, trekking av premiar og høve til å prøve eit nettbrett. Møt Karoline i prosjektet for fleire digitale eldre.

Fredag 21. august kl 11-13: Valldal
Måndag 24. august kl 17-19: Stordal
Onsdag 26. august kl 13-15: Eidsdal

foto: Aldersvennlig Norge

08/07/2026

Søndag 20. september skal vi arrangere Fjord frivilligfestival for aller første gong. Her kan den flotte frivilligheita vi har i kommunen vise seg fram og vi inviterer alle lag og organisasjonar til å bli med og fylle Martin Linge-huset med engasjerte frivillige, stands og kjekke aktivitetar for heile familien. Vi avsluttar med inspirasjonsforedrag med Christine Koht. Ope for alle, gratis inngang, set av dagen😃

Les meir og meld på laget ditt via lenka i kommentarfeltet👇

05/06/2026

Vi inviterer barn og unge som går i 1.-10. klasse i Fjord til kjekke sommaraktivitetar! Påmelding på lenkene nedanfor.

Velkomen til dei aller første Generasjonsleikane i Fjord kommune!
25/05/2026

Velkomen til dei aller første Generasjonsleikane i Fjord kommune!

Fjord kommune inviterer til Generasjonsleikane 2026, ein aktivitetsdag for alle innbyggarar i kommunen der både unge og eldre må spele på lag.

24/04/2026

Gratis, rusfritt arrangement på Martin Linge-huset i Valldal, torsdag 30. april for ungdom frå 8. klasse til 20 år!
Fotball-freestyler Tobias Becs kjem, kjem du?

Gratis buss - påmelding til skyss via lenke i kommentarfeltet👇

20/04/2026

Frivillige lag og organisasjonar i Fjord kan sende inn søknad om kulturmidlar for 2026. Fristen er 1. juni.
Lenke til meir informasjon og søknadsskjema finn du i kommentarfeltet.

13/04/2026

Til alle frivillige i Fjord – vi vi gjerne treffe dykk! Tysdag 14. april klokka 18.45 inviterer vi til eit kort frivilligmøte på biblioteket i Valldal og på teams. Ordføraren kjem - kjem du?
Les meir om tema via lenke i kommentarfeltet👇

Seniornett har ny samling på Stordal frivilligsentral torsdag 12. mars kl 14:00-16:00
11/03/2026

Seniornett har ny samling på Stordal frivilligsentral torsdag 12. mars kl 14:00-16:00

03/03/2026

Til deg som er frivillig, du som er med og skapar møteplassar, aktivitet, fellesskap og beredskap i Fjordsamfunnet vårt - vi vil gjerne vite kva du meiner og inviterer deg på inspirasjonskveld med både latter og viktige tema tysdag 3. mars😊

Les meir via lenka i kommentarfeltet👇

Adresse

Meråker

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fjord frivilligsentralar legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fjord frivilligsentralar:

Snarveier

Del