28/08/2026
ikkje rart det
er vanskeleg
å ta inn
at sjølv eit
fjell kan bli
trøytt
ein konge som
har gitt alt
eit heilt liv
som har vore
fjellet vi har
lent oss på
ikkje rart det er
krevjande
å ta inn
at sjølv om ein er
heilt konge og
samstundes fjell
er ein også berre
menneske
Kongen vår 💔 Takk for alt ❤️
Vakre ord av Solveig Johanne Grønstøl
Foto: Svalbard i fjor sommer. Cornelius Poppe / NTB.