Lustrafjorden INN

Lustrafjorden INN Somarens villaste, vakraste og tøffaste løp. Og Molden Skyrace 22km,1270hm.

Fjell/Terreng-løp som følger Lustrafjorden Inn via terrenget med start på Kaupanger og mål i Skjolden 104km, 6000hm.

Neste album er frå fotograf Vadym Chypryna, Vadym har lang erfaring som fotograf frå heimlandet Ukraina 🇺🇦 og gjennom AT...
20/08/2026

Neste album er frå fotograf Vadym Chypryna,

Vadym har lang erfaring som fotograf frå heimlandet Ukraina 🇺🇦 og gjennom ATS i Gaupne får han no brukt fotograferfaringa si også her i Luster.

Mellom anna står han bak bileta på utstillingsveggen «Folkeliv i Luster» på Pyramiden, der han dokumenterer små og store hendingar rundt om i kommunen.
Bilete frå Lustrafjorden Inn vil no få plass på «Folkeliv i Luster»-veggen på Pyramiden 🙌

Sjå gjennom, finn deg sjølv og del gjerne vidare.
https://photos.app.goo.gl/nao5F7PBda94j3L18

📸: Vadym Chypryna, ATS Luster
Bruk og del gjerne bileta, men hugs å kreditere fotograf når de gjer det.

Å herlegheit, kor mykje smil og  ! 😍🏃‍♀️🏃‍♂️Her kjem første album frå Lustrafjorden Inn 2026Først ut er bileta frå dei f...
19/08/2026

Å herlegheit, kor mykje smil og ! 😍🏃‍♀️🏃‍♂️

Her kjem første album frå Lustrafjorden Inn 2026

Først ut er bileta frå dei frivillige – ja, litt ymse kvalitet, men me håpar me har fanga litt ekte og inn fjorden 💪😄

Og de har heldigvis mykje meir i vente. Me har hatt flinke fotografar ute rundt omkring i løypa, så det kjem mange fleire bilete etter kvart.

Sjå gjennom, finn deg sjølv og del gjerne vidare!

https://photos.app.goo.gl/8PBgGKJVVpnjRf2U9

📸: Lustrafjorden inn frivillige
Bruk og del gjerne bileta, men hugs å kreditere fotograf når de gjer det.

19/08/2026

🏃‍♂️😅 Kva seier du til 100 kilometer og 6000 høgdemeter?

Det måtte både spekepølse, seigemenn, energibarar og hamburgar til for å få Jakob Meløy gjennom dei 100 kilometrane.

– Og rundt ti liter med drikke!

Lenke til saka i kommentarfeltet 👇

Mange spreke deltakarar i fjella i helga! 🔥🏃‍♀️🏃‍♂️Me premierer alle likt, men sterke prestasjonar skal sjølvsagt få lit...
18/08/2026

Mange spreke deltakarar i fjella i helga! 🔥🏃‍♀️🏃‍♂️
Me premierer alle likt, men sterke prestasjonar skal sjølvsagt få litt ekstra heider og ros! 👏
Her er dei raskaste på årets distansar:

✨Molden Skyrace✨
Dame:
1. Aina Edgren 🇸🇪 2:35:45
2. Maria Klakegg 🇳🇴 2:50:31
3. Jogscha Abderhalde n🇨🇭 2:59:53

Løyperekord: Benedikte Aa 🇳🇴 2:32:49 (2024)

Menn:
1. Henrik Håkansson 🇸🇪 2:12:06
2. Rune Aase Kalhagen 🇳🇴 2:26:56
3. Erlend Nydal 2:30:36 🇳🇴

Løyperekord: Hans-Inge Klette 🇳🇴 1:56:40 (2024)

✨ Ultra100 ✨
Dame:
1. Margunn Bye Tøsdal 🇳🇴 20:02:07
2. Kamilla Sjursen 🇳🇴 20:13:13
3. Ruth Vingerhagen 🇬🇧 23:39:09

Løyperekord: Anne-Sofie Pollestad 🇳🇴 19:02:00 (2024)

Menn:
1. Knut Osland Øygard 🇳🇴 17:10:52
2. Odd Kåre Hatleskog 🇳🇴 18:05:02
3. Simen Hjelmeland 🇳🇴 18:35:41

Løyperekord: Sondre Stier Thorbergsen 🇳🇴 13:46:08 (2024)

✨ Årets Ultra 100-finishers ✨ - 41stk!
Gunvald Aga
Geir Sveinung Alme
Anders-Johan Almås
Atle Bråthen
Jarl Hamre Bredal
Pernille Breili
Ole Jakob Eikanger
Jørgen Engelsen
Christoffer Greiner Fallet
Vidar Fjøsne
Brage Husby Foss
Ståle Furnes
Lars Ole Gudevang
Espen Gudevang
Tarald Gåsbakk
Bent Halling
Odd Kåre Hatleskog
Simen Hjelmeland
Anders Holmen
Martin Huseby
Morten Jørgensen
Rasmus Juliussen
Åsmund Karlsnes
Mari Melsom Kristensen
Markus Sannebro
Jakob Meløy
Eirik Olav Næss Persson
Erik Snartland
Simen Solberg
Birger Susort
Kamilla Sjursen
Andreas Sætre
Vegar Sæther
William Tisdall
Thor Tveitan
Magnar Tufte Tyssen
Margunn Bye Tøsdal
Marianne Ovrid
Ruth Vingerhagen
Knut Osland Øygard
Marius Tveten Omdal

Gratulerer med knallråe løp! 👏👏👏🔥🏃‍♀️🏃‍♂️

Resultat finn de via link på heimesida vår.

📸:Lustrafjorden inn frivillige og Daniel Johansen Foto
Bruk og del gjerne bileta, men hugs å kreditere fotograf når de gjer det.

❤️ Tusen takk til sponsorane, samarbeidspartnarane og alle dei fantastiske frivillige våre! ❤️ De er ein herleg gjeng me...
17/08/2026

❤️ Tusen takk til sponsorane, samarbeidspartnarane og alle dei fantastiske frivillige våre! ❤️

De er ein herleg gjeng med «JA!»-menneske – som stiller opp, bidreg og gjer ting mogleg.

Med dykk på laget har me skapt ein arena for , og gode – ein stad der ein kan vere seg sjølv, i eit inkluderande miljø og kjenne på fellesskap og meistring. Me trur slike møteplassar betyr mykje, både for fysisk og psykisk helse.

Her viser me og fram Luster og Sogneregionen både nasjonalt og internasjonalt. Me skapar aktivitet og merksemd rundt regionen vår, og bidreg til lokal samfunnsbygging, folkehelse og bulyst.

Ei ekstra stor takk til hovudsponsorane våre Digital Etikett, Luster Sparebank, Walaker Hotell, Sportsbui AS og SPAR Gaupne, som har vore med gjennom alle år og bidrege stort til det arrangementet det er i dag. ❤️🙌

Og ein stor takk til RaceTracker for nok ein gong super service og teknologi som gjer dette løpet mogleg! 🙌

Til alle frivillige og Luster Røde Kors Hjelpekorps som stiller opp før, under og etter løpet – i fjellet, på matstasjonane, ved start og mål og bak kulissane: De er heilt avgjerande for at me kan gjennomføre. ❤️
Tusen takk for støtta, innsatsen og engasjementet – og for at de er med på laget! 🙌

Våre gode samarbeidspartnarar:

Fjordstova Skjolden
Pyramiden Senter
Lustrabui
Sygnir, Sognenett
Luster kommune
Lustrabaatane AS
Skjolden Hotel
Nes Gard
sognefjord net as
Gosh Active Profile AS v/Knut Magne Bukve
Grafa t-skjorte trykkeri
Raaum Gard
(beklager, facebook tillot ikkje å omtale alle her)

📸 Lustrafjorden Inn gjennom linsa til Daniel.Neste fotograf ut er Daniel Johansen, lokal fotograf busett i Solvorn.Danie...
17/08/2026

📸 Lustrafjorden Inn gjennom linsa til Daniel.

Neste fotograf ut er Daniel Johansen, lokal fotograf busett i Solvorn.

Daniel driv Daniel Johansen Foto og fotograferer mellom anna arrangement, konsertar og lokale motiv.

Han var til stades langs store delar av løypa, heilt frå oppe på Haugmelen til mål i Skjolden.

Her er eit lite utval av bileta hans, so kjem det ut link til eit større album snarleg.

🎥📷 Sjå meir foto her:
Daniel Johansen Foto
Bruk og del gjerne bileta, men hugs å kreditere Daniel Johansen når de gjer det.

📸 Lustrafjorden Inn gjennom linsa til Jarno de GrootUnder årets løp hadde me fleire dyktige fotografar ute langs løypa. ...
17/08/2026

📸 Lustrafjorden Inn gjennom linsa til Jarno de Groot

Under årets løp hadde me fleire dyktige fotografar ute langs løypa. Me vil gjerne presentere dei og først ut er Jarno de Groot 🇳🇱

Jarno kjem frå Nederland og jobbar med film- og fotoproduksjon, spesielt innan sport, mote og utandørsaktivitet. Han er no i gang med å etablere eige studio i Sogndal, og me gler oss til å sjå meir av det han skapar her i Sogn framover.

Her er eit lite utval av augneblikka han fanga under Lustrafjorden Inn 2026, so kjem det ut link til eit større album snarleg.

🎥📷 Sjå meir av arbeidet til Jarno:
www.jarnodegroot.com


Bruk og del gjerne bileta, men hugs å kreditere Jarno de Groot når de gjer det.

Mange fotografar ute i går, me samlar inn bilete, lagar album og lenkjer til albuma  i nyheitsbrev
16/08/2026

Mange fotografar ute i går, me samlar inn bilete, lagar album og lenkjer til albuma i nyheitsbrev

Adresse

Øvre Nes 16
Marifjora
6875

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lustrafjorden INN legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Lustrafjorden INN:

Snarveier

Del