Osterøy IL

Osterøy IL Osterøy IL er største fleiridrettslaget i Osterøy kommune.

30/08/2026
Med sting i ryggen (!) drog tremålsscorar Niklas Kollvangsnes Solberg og eittmålsscorar Tobias Krakhella i land ein slit...
30/08/2026

Med sting i ryggen (!) drog tremålsscorar Niklas Kollvangsnes Solberg og eittmålsscorar Tobias Krakhella i land ein slitesiger av dei sjeldne med 4-3 borte mot Sandviken 2 på Stemmemyren i kveld. Før pausen varta bortelaget opp med kombinasjonar og effektivitet av høg klasse medan det etter pausen blei vesentleg tyngre... Det gjekk frå tremålsleiing etter dei første 45 minuttane til at Osterøy så vidt klarte å hala tre meget viktige poeng. Takk for innsatsen og støtta frå det talrike publikummet.

I morgon skal det kjempast om tre nye poeng. Osterøy IL A-Lag Herrer skal i aksjon på Stemmemyren mot Sandviken sine nes...
29/08/2026

I morgon skal det kjempast om tre nye poeng. Osterøy IL A-Lag Herrer skal i aksjon på Stemmemyren mot Sandviken sine nestbeste.

Det er ikkje mykje om ein tur til Sandviken. Reknar med me sjåast!

💛💚 Heia Osterøy, best på øyne! Banka alle gul og grøn 💛💚

Stemmemyren ventar!

Det vart spanande i Prestegardsskogen førre helg. Kanskje vel spennande, vil nokon seie, men heldigvis ordna det seg slik at me fekk med oss viktige 3 poeng.

I morgon, sundag, held haustjakta på poeng fram. Då tar me den korte turen til Stemmemyren der Sandviken 2 ventar. Laget ligg tre poeng over oss på tabellen - med ein kamp meir spelt.

I vår sørga overtidsskåringar av Tobias og Jørgen for at me vann 3-2. I morgon satsar me på at me klarar å drepa kampen noko tidlegare. Sandviken 2 kjem frå eit 4-2 tap mot våre naboar AB, så såååå gode kan dei umogleg vere 😉

Anyways! På Stemmemyren sit du under tak så du treng ikkje la deg skremma av regnet. Kaffi må du nok ta med sjølv. Me har inga tru på open kiosk.

Me sjåast på Stemmemyren!

💛💚 Heia Osterøy, best på øyne! Banka alle gul og grøn💛💚

SVEMKO | Vevle Mek. Verkstad AS | Solberg Mek. Verksted As | Tysse Tilhengere | ASFALTTEKNIKK AS | MOVA Osterøy

Ingen fredagsplanar, seier du? Me har ein idé! Stikk utom Knarvik og få med deg Osterøy IL A-lag Damer sin kamp om tre n...
27/08/2026

Ingen fredagsplanar, seier du? Me har ein idé! Stikk utom Knarvik og få med deg Osterøy IL A-lag Damer sin kamp om tre nye poeng.

Det er ikkje mykje om ein tur til Knarvik :-)

Me sjåast!

💛💚Heia Osterøy, best på øyne! Banka alle gul og grøn!💛💚

Det gjekk ikkje heilt etter planen heime mot Djerv sundag. Godt er det då at kampane kjem tett, slik at me snarast kan finne formen og starte på ei ny sigersrekke!

Allereie i morgon, fredag, tar me den korte turen til Knarvik for å møte NBK/Kvernbit si fellessatsing. Ei tøff oppgåve, men snodigare ting har skjedd i fotball enn at me stikk utom og hentar med oss tre poeng.

Som me har nevnt på før; dette er av dei betre laga i avdelinga. Det viser seg imidlertid at dei tek buksene på ein fot om gangen dei òg. Dei ligg berre to fattige poeng over oss på tabellen, og har - som oss - tapt 4 kampar denne sesongen. Deriblant våroppgjeret mot oss!

Me prøver oss på ei tilsvarande løysing fredag.

Og du? Det er knapp 40 minutt til Knarvik - på ein vanleg dag. Kanskje litt meir på ein fredag når alle skal på hytta? Ha det i tankane før du set deg i bilen.

For me sjåast vel i Knarvikje?

💛💚Heia Osterøy, best på øyne! Banka alle gul og grøn!💛💚

FOR ein snuoperasjon Osterøy sitt alag stod for i ettermiddagskampen mot Trott på Stord. Det såg rimeleg mørkt ut når os...
22/08/2026

FOR ein snuoperasjon Osterøy sitt alag stod for i ettermiddagskampen mot Trott på Stord. Det såg rimeleg mørkt ut når ostringane låg under med tre mål når klokka tikka faretruande mot slutten, men frå 77 min og ut henta dei ut krefter og motivasjon som me sjeldan har sett. Osterøy snudde kampen frå 3-0 til 3-4 og tek tre særs deilige poeng med seg på bussturen heim. Dei jublande målscorarane var Fredrik Evensen (2), Niklas Kollvangsnes Solberg og Emil Ahmer Solberg!

Måndag er det HTB-karusell på Hatland for små og store.  Du treng ikkje ha prøvd friidrett før. Sjekk ut tidsskjema og r...
22/08/2026

Måndag er det HTB-karusell på Hatland for små og store. Du treng ikkje ha prøvd friidrett før. Sjekk ut tidsskjema og resten av aktivitetskalenderen på friidrettsfronten denne hausten.

Søndag er Osterøy IL A-lag Damer klare for sin første heimekamp. Motstandar er Djerv. Ettermiddagskaffien - evt. kveldsm...
21/08/2026

Søndag er Osterøy IL A-lag Damer klare for sin første heimekamp. Motstandar er Djerv.

Ettermiddagskaffien - evt. kveldsmaten - tek du på orkesterplass!

Me sjåast i Fugledalen!

Søndag er me i gang att!

Då er ventetida over! Søndag klokka 18:00 tek me i mot SK Djerv til første seriekamp etter sommarferien. Me gleder oss!

Gjestane har hatt ein tøff sesong samanlikna med fjoråret. Mange spelarar har forsvunne og poengjakta har difor vorte meget mager. Laget ligg no planta på botn av tabellen etter å ha tapt samtlege kampar. Sjølv vann me 3-1 då me i vår gjesta Møhlenpris på ein passeleg god dag. Fasit så langt for oss er 4 sigrar, 2 uavgjorte og 3 tap - og ein førebels trygg plassering midt på tabellen.

Ingenting av dette betyr noko som helst på søndag.

Djerv kjem til å gi jernet og jakte sin første trepoengar, men me skal gjere det vanskeleg for dei. For oss er det uhyre viktig å få ein god start, innkassere ein trepoengar og snarast sikre grunnlaget for vidare 4. divisjonsspel neste år.

For det er tett nedover på tabellen!

Heidi er i alle fall fokusert, i kampmodus og klar for å gi litt juling 😁💪 Og me andre skal følgje opp!

Me sjåast vel i Fugledalen?
(I nye bøttehattar?)

💛💚Heia Osterøy, best på øyne! Banka alle gul og grøn💛💚

System Trafikk As | Helgesen Tekniske Bygg AS | Hansen & Eknes As | MOVA Osterøy

Ta turen til Stord komande laurdag og støtt karane i kampen om tre nye poeng! Kva er no 2,5 timars reise?! Følg gjerne s...
20/08/2026

Ta turen til Stord komande laurdag og støtt karane i kampen om tre nye poeng! Kva er no 2,5 timars reise?! Følg gjerne spelarbussen!

På 'an igjen på laurdag!

Det gjekk ikkje heilt som planlagt i lokaloppgjeret mot AB førre helg. Heldigvis er neste kamp - og moglegheiten til å finna attende til vinnarsporet - kun dagar unna.

Laurdag set me oss nemleg på bussen til sommarøya Stord. Der ventar IL Trott. Laget frå Nordbygdo har ikkje hatt ein super sesong så langt i 2026. Laget har tapt sju, spelt to uavgjort og vunne to - og det er dei to siste. Seinast vann dei mot Fana 2 i første haustrunde.

Kan det tyda på at formen er stigande?

Godt mogleg, men me er ikkje bekymra!

Sjangsane bør absolutt vere til stades for at me klarer å kopiere mønsteret frå i vår; braktap mot AB og komfortabel siger mot Trott.

Steffen har i alle fall, som de ser her, funne fram sitt "gameface"!

Om du vil sjå kampen ringside, er det mogleg å følgja spelarbussen sørover - mot ein eigenandel. Om ikkje er Direkte Sport ein god partnar å ha...

Sjåast i Prestegardsskogen!

💛💚Heia Osterøy, best på øyne! Banka alle gul og grøn💛💚

SVEMKO | Vevle Mek. Verkstad AS | Solberg Mek. Verksted As | Tysse Tilhengere | ASFALTTEKNIKK AS | MOVA Osterøy

Adresse

Fotlandsvegen 81
Lonevåg
5282

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Osterøy IL legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Osterøy IL:

Snarveier

Del