Fyrst og Fremst

Fyrst og Fremst Fyrst og Fremst tek på seg føring og kurs for små og store grupper i Jotunheimen og Breheimen.

Vi tilbyr blant anna turar til Galdhøpiggen, brevandring og brekurs, grotteturar, skiføring og skredkurs.

VINN GÅVEKORT på 1000,- hjå Fyrst og Fremst! 😍I høve 35-årsjubileet vårt kan du laurdag 8. november vinne gåvekort på ei...
08/11/2025

VINN GÅVEKORT på 1000,- hjå Fyrst og Fremst! 😍

I høve 35-årsjubileet vårt kan du laurdag 8. november vinne gåvekort på ei storslått utandørs-oppleving hjå Iver. Legg ut ein Instagram-story frå selfie-ramma utanfor døra, følg Fjell og Fritid og Fyrst og Fremst på Instagram, og bli med i trekninga av eit gåvekort på 1000,- hjå sistnemnde! 🥳

Tips: Lån gjerne rupsekken og OL-hatten vår for å sjarmere Iver🤩 Dette er nemleg favoritt-tinga hans - rett bak brilleskilje, Hege og nysjogg.

Konkurransestart/-slutt: Laurdag 8. november, 09:00-17:00 ⏳

God helg frå ni Fosstugun!😊

Visit Jotunheimen

Det er venta litt snø komande veke, og her har du moglegheit til å vinne festivalpass til Lom skifestival 🤘 kast deg run...
28/10/2025

Det er venta litt snø komande veke, og her har du moglegheit til å vinne festivalpass til Lom skifestival 🤘 kast deg rundt før kl 13 i dag, så ser vi deg til ei stemningsfylt helg her i Lom i starten av november 😃

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA. VINNAREN ER TREKT OG KONTAKTA I KOMMENTARFELTET.

🏆 Konkurranse 🎊

Bli med i trekninga av eitt festivalpass til sesongens fyrste og trivelagste skifestival - Lom skifestival 2025.⛷❄️

For å bli med i konkurransen og trekninga av eitt festivalpass til Lom skifestival 2025, fortell oss kva som er ditt FAVORITTFJELL i kommentarfeltet.🗻🤩

Konkurransen startar nå (24. oktober 2025) og varar fram til 28. oktober 2025 kl. 13:00. Lom skifestival/Norsk fjellsenter er arrangør av konkurransen.

ℹ️ Vilkår og informasjon om konkurransen:
Premie: Premien er eitt festivalpass til Lom skifestival 2025 som arrangerast på Norsk fjellsenter i Lom 6. - 9. november 2025. Merk at festivalpasset ikkje inkluderer reise, overnatting og deltaking på guida turar.

🎟 Les meir om kva eit festivalpass inneheld og vilkår for deltaking på festivalen her: https://www.lomskifestival.no/festivalpass

💚Eit festivalpass til Lom skifestival 2025 er verd 1850,- kr. Premien (festivalpasset) er personleg og kan ikkje seljast vidare.

🧐 Kven kan delta: Konkurransen har aldersgrense 20 år. Vi vil sjekke gyldig legitimasjon ved utdeling av premien for å sikre at aldersgrensa blir overheldt. Alle personar over 20 år kan delta i konkurransen.

🎲 Trekking av vinnar: Ein tilfeldig vinnar blir trekt 28. oktober 2025 kl. 13:00, og kontakta i innlegget/kommentarfeltet av Lom skifestival med ei oppfordring om å ta kontakt for vidare avtale. Det vil på Facebooksida til Lom skifestival bli opplyst om at konkurransen er avslutta og at ein vinnar er trekt og kontakta.

⏳ Vinnaren har 24 timar på å akseptere premien. Dersom vinnaren ikkje svarar innan 24 timar blir det trekt ein ny vinnar av konkurransen. Vi (Lom skifestival) vil spørje vinnaren om fullt navn og e-post for å kunne dele ut premien til riktig person, og eventuelt kontakte vedkommande med informasjon om Lom skifestival 2025.

💌 Utdeling av premie: Vinnaren av konkurransen og festivalpasset til Lom skifestival 2025 må møte opp på Norsk fjellsenter for utdeling av premien. Hugs å ha med gyldig legitimasjon.

📸 Merk at det under festivalen vil bli teke bilete til bruk i marknadsføring av Lom skifestival. Du vel sjølv om du ynskjer å samtykke til å stille opp på bilete i forbindelse med marknadsføring. Samtykket er frivillig og påverkar ikkje moglegheita di til å delta i eller vinne konkurransen.

📍Lom skifestival startar torsdag 6. november 2025 kl. 19:00 på Norsk fjellsenter. Adresse Norsk fjellsenter: Brubakken 2, 2686 Lom.

Denne konkurransen er ikkje sponsa, støtta, administrert av eller knytt til Facebook / Meta.

Iver har uttala seg i samband med Fri Flyt si sak om trygg ferdsel på isbre. Her er nokre stikkord frå artikkelen:- å fø...
19/08/2025

Iver har uttala seg i samband med Fri Flyt si sak om trygg ferdsel på isbre.

Her er nokre stikkord frå artikkelen:
- å følge spor kan vera ei falsk tryggheit ettersom det er vanskeleg å forutsjå når ei snøbru kollapsar
- tau kan vera til god hjelp, dersom det blir brukt på ein fornuftig måte
- utan kunnskap er det vanskeleg å skjøne kor farleg det er
- i Jotunheimen er vår erfaring at Styggebrean mot Galdhøpiggen har hatt den største auka i brekryssing utan sikringsutstyr, medan andre brear og meir avsidesliggande område verkar å ha besøkjande som i større grad har respekt og forståing for tematikken
____

https://www.friflyt.no/fjelltur/stadig-flere-oppsoker-isbreene-uten-sikkerhetsutstyr

🧊🧊🧊

Treng du å lære meir om trygg ferdsel på isbre, skreddersyr vi gjerne eit opplegg til deg!

Visit Jotunheimen

11/04/2025

På våre planlagte turar i påska kan du overnatte til fjells med vinter og gå rett i skia frå hytta, eller nede i dei vårlege bygdene med ein liten kjøretur opp om morgon 🤌

11/04/2025

Kvifor EIGE når du kan LEIGE?

🪢🪓🎿

Klar for påskeskitur, men manglar utstyr? Fortvil ikkje!

I Lom sentrum kan du leige mellom anna topptur-ski, breutstyr og skredpakke (sender/mottaker, spade og søkestong):

🪢 Fyrst og Fremst:
https://www.fyrstogfremst.no/utleige

🪢 Naturopplevingar: https://naturopplevingar.no/

🪢 Sport 1 Lom: https://www.sport1lom.no/utleie-equipment-hire-lom (Har òg fjellski-utleige!)

🪢 Lom Utleie: https://www.visitjotunheimen.no/information/product-catch-all/lom-utleie-utleie-av-toppturski-og-friluftsutstyr-i-lom-p7153203

Om du har tenkt deg til Gjendeaplane, kan du leige det meste du treng av utstyr på Gjendesheim Turisthytte DNT: https://www.dnt.no/hytter/betjente/gjendesheim/utstyrsleie/

📸: Frys Film for Fyrst og Fremst

27/02/2025

Med utgangspunkt i Lom og Jotunheimen tilbyr vi skiguiding og kurs gjennom heile vinteren.

Ta kontakt for planlegging av ditt neste eventyr!😃

Filmen er laga i samarbeid med Frys Film 🎥

Vi startar det nye året med eit spanande samarbeid med  , som ligg midt i Lom sentrum 🎉 Det inneber blant anna at dei hu...
24/01/2025

Vi startar det nye året med eit spanande samarbeid med , som ligg midt i Lom sentrum 🎉

Det inneber blant anna at dei husar vår utleigepark med toppturski frå .norway, slik at du kan hente/levere utstyret du leiger i deira opningstid, eller via ei sjølbetjent løysing 🎿

Bestilling gjer du på våre nettsider eller per mail.

PS: vi har ekstra gode prisar for ottadølar, og enno betre prisar for lokal ungdom! Ta kontakt, så hjelp vi deg ut på ski ⛷️

20/01/2025

Vi jublar over VINTER I JOTUNHEIMEN 💙- og gler oss til fjellstovene opnar framover - og dagane blir stadig lenger og ljosare!

I våre sosiale kanalar gjev vi deg gode tips til fine skiturar og vinteraktivitetar - som du kan toppe med overnatting i historiske omgjevnader og smakfulle lokalmat-opplevingar!

Ta ein titt her: ❄️ https://mailchi.mp/cdc2389df7f2/vinter-i-jotunheimen-2025 ❄️️

I år samarbeider vi med desse bedriftene om å gje deg den aller beste vinter- og toppturopplevinga i Jotunheimen: Bessheim | Bjerke Opplevelser | Fyrst og Fremst | Gjendesheim Turisthytte DNT | Glitterheim Turisthytte | Haute Route Norge - Høgruta Jotunheimen | Leirvassbu | Nordal Turistsenter | Sota Sæter DNT | Spiterstulen | Krossbu Turisthytte

Adresse

Brubakken 2
Lom
2686

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fyrst og Fremst legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fyrst og Fremst:

Del