15/05/2023
Kunsgras er ikkje noko nytt i Lom. Tidleg på 80-talet vart den femte bana i heile Norge bygt i Grov. Planane om kunstgrasbane i Lom vart offentlege fyrst på 80-talet, hadde ei arbeidsgruppe beståande av Olav Svestad (formann i idrettslaget), Erling Kolden (formann i fotballgruppa) og Ola Mork (kontorsjef i Lom kommune) gått stille i dørene.
Lom IL hadde samarbeidd med Lom kommune i lengre tid – og politikarane i formannskapet var positive.
Formannskapet gjekk samrøystes inn for at kommunen skulle garantere for 1,5 millionar kroner. Dei tre turistbedriftene Nordal, Fossheim og Fossberg garanterte skriftleg for ein halv million kroner. Lars Kvalheim, banksjef i Lom og Skjåk sparebank, stilte seg òg positiv til planane om kunstgrasbane.
I forkant av kommunestyret si behandling av saka, vart saka voldsomt debattert i avisspaltene, og det var slett ikkje alle i bygda som ville ha kunstgrasbane.
Somme meinte det vart altfor kostbart, andre meinte at masseidretten i bygda ville koma i bakgrunnen.
– Sjeldan har noko vedkomande idrettslaget vore så mykje omtala i lokalavisene som det førebuinga til kunstgrasanlegget i Grov har vore. Med jamne mellomrom har det vore noko å lesa. Det har vore ein flaum av meiningar og rykte rundt omkring dette, heitte det i ei oppsummering av saka i medlemsbladet «Lomssporten» i 1982.
Presentasjonsvideo for påsketurneringa i fotball:
https://youtu.be/VCwTlp4MtTE
Sjå artikkel i Fjuken desember 2020:
https://www.fjuken.no/nyheiter/i/G3dMB6/grov-og-kampen-om-kunstgraset