26/03/2026
Heidersprov og æresmedlemskap til Ingvald Gjesdal og Stian Støldal.
På årsmøtet i Lindås Idrettslag tirsdag 24.3 delte idrettslaget ut vår høyeste utmerkelse til Ingvald og Stian.
Ingvald Gjesdal har vore ein sentral del av Lindås Idrettslag sidan rundt tusenårsskiftet. Han har hatt ei rekkje roller – som styremedlem, nestleiar og sidan 2018 leiar i trim- og friidrettsgruppa.
Han er ein viktig drivkraft bak eit aktivt og inkluderande trimtilbod – med både mandagstrim, styrketrening og no også dametrim.
Som kontaktperson for topptrimmen gjennom mange år har han vore med på å skape eit imponerande engasjement. På toppane våre vert det kvart år registrert titusenvis av besøk – sist sesong heile 22 000.
Saman med John Jørgenvik har han også vore primus motor for orientering i laget, med løp som er blitt ein viktig del av Nordhordlandskarusellen – og med rekorddeltaking sist vår på Vabø.
Og som om ikkje det var nok – så møter vi han jamt og trutt som hallvert her i hallen.
Ingvald er ein slik person som berre er der – år etter år – og som får ting til å skje, til det beste for fellesskapet.
Stian Støldal har vore aktiv i Lindås Idrettslag i over 30 år.
Her har det vore så mange verv at vi ikkje eingong har klart å få full oversikt – men det seier kanskje sitt.
Det første sporet vi fann, var som trenar for guttelaget i 1993. Vidare som trenar for miniputtar, og gjennom åra har han følgt opp eigne barn – både i fotball og handball.
Stian fulgte 2002 årgang jentelaget fra de startet å spille. Senere ble 2001 og 2002 slått sammen og som 13 åringen vant jentelaget 1 divisjon og spilte om kretsmesterskap. Stian fulgte jentene videre til de ble slått sammen med damer junior og disse ble senere grunnstammen i Damelaget som Stian fortsatt trente.
Stian var på de meste involvert i 3 lag samtidig. Mange andre trenere har vert med på veien, men Stian er den som alltid har vert med og den viktigste personen for Jente / Damefotballen på Lindås de siste 20 årene. Stian er fortsatt med på gubbefotball og imponerer fortsatt med slepen teknikk og frekke finter.
Han har vore leiar i turngruppa og i idrettsskulen, hatt ei rekkje roller i fotballgruppa – også der som leiar.
Og dei siste åra har han hatt eit av dei viktigaste verva i laget – som kasserar i hovudstyret.
Stian kjenner Lindås Idrettslag som få andre. Han stiller opp, tek ansvar og bidreg der det trengst.
Slike personar er heilt avgjerande for at eit idrettslag skal fungere og utvikle seg.
På bilde er Stian under utdelingen på årsmøtet. Ingvald var ikke til stedet på årsmøtet, men vi traff på han i hallen som hallvert og fikk overrakt beviset på æresmedlemskapet.