30/06/2020
Velkommen til Lærdalsturneringa 2020
Me er glade for å kunne invitere til Lærdalsturneringa 4-6 september 2020.
Det har vore stille på fotballfronten lenge no, og me har mange ungar som gleder seg til å få spele fotball igjen! Me er difor ekstra glade i år for å kunne tilby ei turneringshelg til hausten.
Med Lærdal si sentrale plassering midt mellom Oslo og Bergen, tørt klima, to fullskala fotballbaner, skule og idrettshall rett ved fotballanlegget og eit driftig idrettslag ligg alt til rette for fotballfest for aldersbestemte klassar (9-14 år, jenter og gutar) i Lærdal 4. – 6. september (kampane går laurdag 5. september og søndag 6. september)!
Vi kan tilby ei turnering spekka med masse fotball moro – og mange fine aktivitetar som opningsarrangement fredag, tacokveld laurdag, diskotek, kino, basseng etc. og kort avstand mellom alle tilbod. Dersom du overnattar, bur du rett ved banene og her vil også dei fleste aktivitetar og sosiale arrangement vere.
Under turneringa vil me ha eit godt utval av mat og kioskvarer for sal ved banene, samt fleire fine aktivitetar for spelarane som dei kan more seg med mellom kampane.
Vi lover god stemning og masse fotball moro denne helga.
So meld laget på her:
https://www.profixio.com/reg/lardalsturneringa-2020/no
For meir info sjå våre nettsider:
http://laerdalsturneringen.no/
(om det skulle bli utvida periode med restriksjonar rundt Covid19 situasjonen (utover 1 september) vil vi sjølvsagt refundere alle betalte deltakaravgifter)
Påmelding innen 21 august
Velkommen til vakre Lærdal
– vi skal gjere vårt beste for at de skal få ei triveleg turneringshelg