Lærdal Fotball A-lag

Lærdal Fotball A-lag Lærdal A-lag

Knut Blaaflat Evjestad klar for Lærdal IL fotball! Etter nokre år med skulegang er Knut igjen klar for å ta på seg den r...
29/08/2026

Knut Blaaflat Evjestad klar for Lærdal IL fotball! Etter nokre år med skulegang er Knut igjen klar for å ta på seg den raude drakta. Knut var ein sentral skikkelse på laget då me jaga opprykket frå 6.divisjon i 2024. No har Knut flytta tilbake til Lærdal og jobbar for tida som lærling som elektrikar i Elfag, saman med Sindre. I Knut får me ein god fotballspelar med bra ballferdigheiter, høg arbeidsmoral og god utholdenheit. I tillegg er han både ung og lokal, samt blir verande i bygda fleire år fram i tid. Slik sett ein perfekt profil for oss! Opp på alt dette er Knut ein spelar som kan bekle fleire posisjonar og rollar i laget, so han vert ein solid forsterkning.
Derfor er me særs glade for at Knut no igjen blir ein del av laget vårt. Han har allereie vist gode takter på trening i eit par veker. Knut blir å sjå i kamptroppen allereie imorgon når me tek turen til Eikefjord⚽️
Det blir sjølvsagt spesielt å spele kamp på ei helg som dette, men saman med fotball-Noreg for øvrig vil me vise Kong Harald respekt ved å minnast og markere hans bortgang. Fotballen kan òg få halde fram – som ein del av det fellesskapet, idrettsgleda og samhaldet han sjølv var så sterkt engasjert i. ❤️🇳🇴

Velkommen tilbake til oss, Knut!

Folket sin Konge❤️ I dag går våre tankar til den næraste familien til Hans Majestet Kong Harald. Me ser no eit land, og ...
28/08/2026

Folket sin Konge❤️
I dag går våre tankar til den næraste familien til Hans Majestet Kong Harald. Me ser no eit land, og eit folk, som samlar seg i sorgen av tapet av den mest samlande mannen og kanskje det største førebilete i moderne tid her i landet.
Det er noko symbolsk over at bortgangen til Kong Harald skjer i det største idrettsåret i Noreg sin historie. I tillegg til Folket sin Konge, så var H.M Kongen også idrettsKongen.
I ei polariserande tid har Kongen vår vore ein samlande, inkluderande og trygg Konge.
Herrelandslaget vårt sin suksess blei hardt feira på Karl Johan og framfor Slottet, der feststemte nordmenn for full hals song «vi skal vekke Kongen» til langt på natt. Det beviser kor sterkt Kongen stod i vårt folk, og kor nær han var sitt folk.
Kongen var ein forkjempar for mange av dei same verdiane som idretten har: Samhold, inkludering, fellesskap.
Me er i sorg saman med 5,5mill andre pårørande no.
Takk for kampen, Hans Majestet Kong Harald❤️
Kvil i fred.

«Norge er dere. Norge er oss».

Hat-trickhelten Espen fiksa biffen og 3 poeng på Lærdal stadion i dag! Espen blei også sjølvsagt kåra til dagens heimesp...
22/08/2026

Hat-trickhelten Espen fiksa biffen og 3 poeng på Lærdal stadion i dag! Espen blei også sjølvsagt kåra til dagens heimespelar, og med det kan han nyte ein valfri pizza frå den nydelege pizzamenyen til Laksen bakeri & kafé . Gratulerar!
Kampen i dag blei ein real opptur for oss, både resultatmessig og spelemessig. Me leia 1-0 til pause etter skåring av nemnde Espen. Dette var ein omgang me styrte samtlige minutt, og burde nok leia meir.
I pausen blir me einige om å halde nivået og trykket oppe, men det klarte me ikkje i det heile tatt. Askvoll/ Holmedal utliknar allereie eit par minutt inn i andreomgangen. Spelet jamnar seg meir ut og svingar begge vegar. Etter halvtimen får me ein spelar utvist i 10min for munnbruk, og ila denne perioden scorer bortelaget til 1-2. Når me igjen er fulltallige på bana jobbar me oss inn att i kampen, og Espen utliknar til 2-2 eit lite kvarter før slutt med ein kontant avslutning via stolpen og i mål.
Espen fullfører sitt hat-trick med ein enormt forløysande og fin scoring etter 87minutt, etter strålande angrep der Jonas får lagt ballen inn og Espen set den vakkert over og forbi keeperen til bortelaget.
Jon Martin Nes punkterer kampen med 4-2 på ein godt slått corner av Jonas nokre minutt på overtid.
Spesielt kjekt med heimedebutant Jonathan i mål og Lærdalsdebutant Hiwa Alipoor som kom inn og tok tak i kampen på positivt vis med bra ferdigheiter, høg rutine og fleire gode og viktige ballvinningar sentralt i bana.
Me takkar so mykje til alle frammøtte for støtta i dag, dykk var med på å lage ei kjempeflott ramme rundt kampen og hjalp karane til siger! Me må også takke alle som bidrog rundt arrangementet med å gjera bana klar, speakertjeneste og ikkje minst kioskvakter med god bakst. Me er sikre på at folk storkoste seg på Lærdal stadion i finværet i dag!☀️

Me takkar også dommarane Jeiki og Sureskumar for kampen, god kontroll!

Her er laget me stiller med i dagens viktige heimekamp mot Askvoll/ Holmedal. Elles i troppen har me med oss Hiwa, Simen...
22/08/2026

Her er laget me stiller med i dagens viktige heimekamp mot Askvoll/ Holmedal. Elles i troppen har me med oss Hiwa, Simen, Emil og Erlend. Kampstart er 13:00! Fint vær, gode varer i kiosken og ingen grunn til å halde seg heima. Me gler oss til kamp att på Lærdal stadion!

Gjengen har respondert bra på trening denne veka etter den svake kampen borte mot Selje forrige helg. Litt smårusk i tro...
21/08/2026

Gjengen har respondert bra på trening denne veka etter den svake kampen borte mot Selje forrige helg. Litt smårusk i troppen, men me gledar oss uansett til å ta imot Askvoll/ Holmedal, dommar Jagatheesan Jeikishan og ikkje minst alle våre truraste følgjarar på Lærdal stadion imorgon, laurdag! Kampstart er 13:00, merk tidspunktet. Me gler oss til å endeleg spela heimekamp att, ingenting er kjekkare enn å spele fotball i Lærdal🤩

I helga var me på tur til Selje og det enda med eit 5-2 tap. Kampen starta dårleg for vår del, etter nokon få minutt så ...
17/08/2026

I helga var me på tur til Selje og det enda med eit 5-2 tap. Kampen starta dårleg for vår del, etter nokon få minutt så gir me vekk ballen slik at ein Selje kar kan putta ballen i mål. Ikkje nok med det så må lynvingen Sjur Ness ut med eit overtrakk etter 9.min.

Etter det så kom me oss gradvis innatt i kampen. 1-1 kom etter ein strålande langball frå Sindre som traff høgreback Maksym på panna. Flott mål!

1-1 stod seg til pause, sjølv om heimelaget bomma på nokon enorme målsjanser. Debutant i mål, Jonathan Aspevik, hadde nokon strålande redningar!

Etter pause så gira Selje opp nokon hakk og me vart ståande å sjå på. Då rann måla inn og det vart fort 4-1.

Espen reduserte til 4-2 etter ein god stikkar frå Edvard. Me håpte på ein liten sluttspurt, men den kom aldri. Selje la på til 5-2 på overtid og vann kampen fortjent.

Me hadde ein god periode på 20.min i første omgang, men andre omgang var bortimot heilt naken.

Takk til Selje for flott vertskapet og kamp 😀Takk også til dagens gode dommar Morten Digernes.

Neste kamp for vår del er laurdag 22.08 heime mot Askvoll/Holmedal kl 1300 ⚽️

Detta er laget me stiller med i dagens vanskelege bortekamp mot Selje. I tillegg til desse har me med oss Vadym, Olve og...
15/08/2026

Detta er laget me stiller med i dagens vanskelege bortekamp mot Selje. I tillegg til desse har me med oss Vadym, Olve og Simen i troppen. Kampstart er 15:00, og me prøver so godt me kan å oppdatere kampens viktigaste hendingar i kommentarfeltet her👇

Litt påfyll på Skei før ferden går vidare til Selje og fyrste kamp etter ferien. Eigen kamppost med lagoppstilling og op...
15/08/2026

Litt påfyll på Skei før ferden går vidare til Selje og fyrste kamp etter ferien. Eigen kamppost med lagoppstilling og oppdatering undervegs kjem litt før kampstart som er klokka 15:00.
Herleg laurdag med andre ord, og me ynskjer alle våre følgjarar det samme🤩

Ny spelar klar for Lærdal IL fotball, med ny familie som er klar for Lærdalsbygdi🤩Hiwa Alipoor har saman med kone og to ...
10/08/2026

Ny spelar klar for Lærdal IL fotball, med ny familie som er klar for Lærdalsbygdi🤩
Hiwa Alipoor har saman med kone og to born i barnehagealder flytta til Lærdal. Berre det i seg sjølv er heilt fantastisk at bygda vår får ein heil familie inn.
Hiwa er 37 år gamal, og vil dermed forsterke gamlingane med Tarjei, Ørjan og Sjur i spissen på treningar. Me håpar også Hiwa kan bidra med sin rutine, gode pasningar og ballvinningar i kamp utover hausten.
Hiwa har ikkje spelt offisielle fotballkampar på eit par år, og ifølgje kona er ho glad forat Hiwa no har pussa støvet av skoa sine. Då får han utløp for frustrasjonen sin andre plassar enn heime, er hypotesen og håpet. Siste klubben Hiwa var aktiv for i 2024 var sjølvaste Vik!
Hiwa er allereie i gong i sin nye jobb som byggjesakshandsamar i Sogndal kommune, han er byggingeniør, medan kona tek til i jobb som intensivsjukepleiar på Lærdal sjukehus om nokre veker. Me ynskjer heile den flotte familien hjarteleg velkomne til Lærdal!🤩🙏
📷Ein frustrert Hiwa etter baklengsmål mot Norheimsund under ein preseason-kamp før sesongen 2014. Her spelte han for Hareid. Herleg!👏🏻

Me gratulerar denna herlege gjengen med 3.plass og vel gjennomført Sandarcup 2026! 6 av 7 kampar enda med siger, kun eit...
09/08/2026

Me gratulerar denna herlege gjengen med 3.plass og vel gjennomført Sandarcup 2026! 6 av 7 kampar enda med siger, kun eitt tap av den sure sorten i semifinalen mot Ready.
Hardt arbeid over tid lønnar seg, og blant desse 13-åringane har fleire av karane vore inne i både landslagsskulen og andre tiltak i regi av både NFF og Sogndal. Dei trenar sjølvsagt kjempegodt i eigen klubb, og brorparten av gjengen har også vore deltakarar på våre ekstratiltak i form av FFO og TNX når dei var yngre. Dei har også fleire trygge voksne rundt i apparatet sitt som står på heile året for å leggja til rette for gutane. Strålande innsats av alle!
Mykje aktivitet over lengre tid gir utvikling, og me gler oss til å følgja desse dei neste åra vidare også. Om få år er dei forhåpentligvis sentrale brikker på laget vårt🔴⚽️

Adresse

Lærdal Stadion
Lærdalsøyri
6887

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lærdal Fotball A-lag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del