Stolpejakten Kviteseid

Stolpejakten Kviteseid Den offisielle sida for stolpejakten i Kviteseid kommune.

Stolpejakten er ein enkel og morosam aktivitet som får folk ut på tur og lar dei oppdage nye stader og lære historien bak dei plassane stolpane er plassert.

11/08/2026

Få med deg Stolpejakt i Morgedal med stolper ved Sondre Norheims heimstad Øverbø. I tillegg er det ein runde i nærleiken av Norsk Skieventyr og Morgedal hotel.

God Stolpejakt!

Stolpejakten er godt i gang i kommunen og det er mange som har teke stolpane i Morgedal, Kviteseid og Vrådal. Det er for...
31/07/2026

Stolpejakten er godt i gang i kommunen og det er mange som har teke stolpane i Morgedal, Kviteseid og Vrådal. Det er fortsatt ikkje for seint å dra på stolpejakt, men stolpekartet i Vrådal har siste dag 14. september. Dette er eit padlekart, så det er nødvendig med båt for å ta mange av stolpane, sjølv om nokre av dei kan tas til fots også. Merk at stolpe 12 og 13 på dette kartet har blitt flytta frå Øy til Høgøy.

For dei som ikkje har eigen båt, er det mogleg å leie kano, kajakk og robot på Straand hotel og turistinformasjonen i Vrådal sentrum.

Det er stolpejakt i alle nabokommunane også, så vi anbefaler å ta nokre dager her og då kan det vere fint å overnatte på hotell. Straand hotel har laga ei eiga pakke for stolpejegere med overnatting og båtleige. Sjekk den ut her: https://be.synxis.com/?adult=2&arrive=2026-07-28...

God stolpejakt!

Til info er stolpe 12 og 13 flytta frå Øy til Høgøy. Dei er kun tilgjengelege frå Nisser og båt er nødvendig for å nå de...
30/07/2026

Til info er stolpe 12 og 13 flytta frå Øy til Høgøy. Dei er kun tilgjengelege frå Nisser og båt er nødvendig for å nå dei.

Vi har fått tilbakemelding av grunneiger om at stolpejegere går gjennom tun og innmark for å komme til stolpane på Øy. D...
30/07/2026

Vi har fått tilbakemelding av grunneiger om at stolpejegere går gjennom tun og innmark for å komme til stolpane på Øy. Dette er IKKJE lov og det er heller ikkje lov å kjøre bil ut på øya. Sjølv om det ser ut til at desse stolpane kan tas til fots, skal dei kun tas frå vatnet. Det gjeld dei to merka stolpane på kartet, nr. 12 og 13. Desse stolpane vil også bli omplassert ved fyrste anledning, så husk å oppdatere stolpedata.

Ein av årets stolpejakt-sponsorar er Vrådal Elektro. Vrådal Elektro er ei lokal bedrift som held til i Vrådal sentrum. D...
28/07/2026

Ein av årets stolpejakt-sponsorar er Vrådal Elektro.

Vrådal Elektro er ei lokal bedrift som held til i Vrådal sentrum. Dei utfører alle typer elektrotekniske installasjonar. Dei har serviceinnstilte montører og sørger for komplette løsninger som dekker dine ønsker og behov, enten du er privatperson eller bedrift.

vradalelektro.no

Då har den fyrste stolpejegeren teke alle stolpane i Kviteseid kommune. Gratulerer Kjelli 🥳
29/06/2026

Då har den fyrste stolpejegeren teke alle stolpane i Kviteseid kommune. Gratulerer Kjelli 🥳

28/06/2026

Stolpejakt på Nisser, ein sjanse til å teste noko nytt. I år er det for fyrste gong mogleg å teste Stolpejakt til vanns. Stolpane er plassert rundt på Nissers øyer og skjærgård og mange er kun tilgjengelege med båt. Runden er på ca. 10 km og er lagt opp som ein rundtur.

Har du ikkje båt, kan du leige robåt, kajakk og kano på Straand hotel og turistinformasjonen i sentrum.

God Stolpejakt! 🛶

Kva med å ta turen til Kviteseid kommune og teste ut karta vi har her. Det er eit kart for Vrådal, og dette er eit reint...
09/06/2026

Kva med å ta turen til Kviteseid kommune og teste ut karta vi har her. Det er eit kart for Vrådal, og dette er eit reint padlekart der du kan utforske den vakre innsjøen Nisser. Det andre kartet har stolpar i Kviteseid og Morgedal, blant anna til Sondre Norheims heim Øverbø. For å kunne ta alle stolpane anbefaler vi ei overnatting på Straand hotel. Dei har også laga ei pakke med overnatting og leige av robåt/kano/kajakk som du kan sjå her: https://be.synxis.com/?adult=2&arrive=2026-06-09&chain=9083&child=0¤cy=NOK&depart=2026-06-10&hotel=7080&level=hotel&locale=nb-NO&productcurrency=NOK&rate=BBPADLE&rooms=1

Vi håpar å sjå deg i sommar!

Klar for noko heilt nytt? Då kan du glede deg til vi opnar padlekart i Vrådal den 1. juni kl. 06.00. Kartet består av 15...
29/05/2026

Klar for noko heilt nytt? Då kan du glede deg til vi opnar padlekart i Vrådal den 1. juni kl. 06.00. Kartet består av 15 stolper og runden er ca. 10 km og anslått tidsbruk ved bruk av kajakk er ca. 3 timar, litt lenger med kano og robåt. Vi anbefaler å ta det som ein tur og sette av tid til å nyte ein matbit på ein av dei vakre øyene i Nisser.

Hvis du ikkje har båt tilgjengeleg sjølv, kan du leige på Straand hotel (https://straand.no/utleie/). Merk at du må ha våttkort eller lignande for å leige kajakk.

Stolpane er plassert langs land og på øyer i Nisser, og for dei som ikkje ønsker å ta heile runden, er det mogleg å ta ein kortare runde der ein tek stolpe 1-5 og 12-15.

Hugs å ta hensyn til vær og vind før du dreg ut på stolpejakt. Runden er lagt opp slik at det er mogleg å padle langs land dei fleste stader, men all stolpejakt skjer på eige ansvar.

PS Bruk av motorbåt er ikkje ikkje anbefalt (eller ønskeleg) då det er grunt der stolpane er plassert.

God stolpejakt!

Fyrste dag med Stolpejakten i Kviteseid går mot slutten, og jammen har nokon ivrige tatt alle stolpane allereie! Her er ...
14/05/2026

Fyrste dag med Stolpejakten i Kviteseid går mot slutten, og jammen har nokon ivrige tatt alle stolpane allereie! Her er topp 10-lista så langt 😊 Britt Ellen er vår «eigen» frivillige som bidreg med å få på plass stolper, og har saman med mannen sin ordna stolpane i Morgedal og Brunkeberg siste åra 💚

Adresse

Kviteseid
3850

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stolpejakten Kviteseid legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Stolpejakten Kviteseid:

Snarveier

Del

Type