23/08/2026
Og innskytinga hjalp!
Me ser tilbake på ein givande dag på Aga sett med våre auge.
Brynjar skyt konkurranse for fyrste gong sidan 1. mai i fjor og knallar til med ny pers 312 og samlagsmeister i rekrutt, eit poeng føre nestemann. Då har alle søskena minst kvar sin Nammo-medalje, og husafreden er tilbake. No får me håpa han lyttar til råda om å trena i vinter👍🏼
Vegard la seg ned som om han ikkje skulle gjort noka anna enn å skyta heile livet. Med 3 niarar på kne og resten godt plassert i tiaren så var det ingen tvil om at han tok sigeren med seg heim i ein tett og tøff klasse. Godt gjort med så avgrensa trenings og konkurransegrunnlag. Så er det berre å terpa på ståandeskytinga. EJ og innandørssesongen er på trappene!🎯
Opptur for Sander og som skyt sin beste 25-skot utandørs sidan sommaren 2021 og som får lov å skyta finaleomgangen som ei god trening.
Og for gutane ekstra kjekt å få søskenbarn Jarand som vinnar i Eldre Rekrutt-klassen, kledd i Aase-Gard genser for anledningen😁
Alt i alt ein kjekk dag med fint ver og gode samtalar hjå Folgefonn!