13/05/2026
Stas med to seiere på en og samme kveld, både J17 og Klebe sitt A-lag🤩🤩🤩
Årets fyrste siger i boks!
Klebe - Ganddal 2
Klebebanen, 12.5.26
Oppstilling (4-3-3):
Lasse
Erik – Lennart – Even – Oleiv
Markus – Eirik (K)– Kristoffer
Morten – Emil – Bjørnar
Etter fattig poengfangst denne våren, mykje mål (men feil veg) og knappe tap, skulle dette bli kvelden vi snudde! Men det starta dårleg, då gandalittane var framme i skoa, slo kryssarar til raske kantar. Vi hang i taua! Etter 5 min får Ganddal hjørnespark, og i ein duell er det vår eigen Even som får ein fot på ballen, fint styrt i eige mål. 0-1 til Ganddal. No var det berre å brette opp erma, og som vi gjorde! Klebe spelte fin fotball, kontrollert og offensivt, fleire sjansar og nokre bom, før det endeleg satt på eit hjørnespark, Even tar ein retur, 1-1. Vi er i siget og fortset trykket, sjølv om Ganddal og kjem med gode sjansar i denne omgangen. Det vil seg ikkje for dei raude, men det vil vår gule Emil: Han tek med ballen mot venstre, gjennom forsvaret og klarar på eit vis å slå ballen yttersida av høgre fot til høgre for keeper, briljant 2-1!
Til pause er det to tilbakemeldingar frå trenarapparatet. Den mindre viktige er å stadfeste at vi ikkje kan lite på måltefta hos høgreback Aarmo som brann ein god sjanse rett før kvila. Men det viktigaste er at dette kjem til å gå om vi held spelet og trykket oppe 2. omgang.
Det gjer vi, så til dei gradar! I 2. omgang er det Klebe-ball. Vi får teke ut dei beste ballspelarane deira, og vi vinn duellar, fyrste- og andreballar. Lagspel! Men det fyrste målet i omgangen er ei hjørnespark frå den eminente venstrefoten til Kristoffer, direkte i mål, 3-1. Vi veks i sjølvtillit og Ganddal slutar å spele på det dei er gode på, vi fortset å kjempe. Frå Lasse som er sterk i berekninga av gjennomspela og er aktiv ute i felt. Kant-kombinasjonane Erik/Morten og Oleiv/Bjørnar som arbeidar som heltar på kvar sin kant. Sentralt figurerer Even og Lennart i harmoni som stopperkjemper, med Markus, Kristoffer og Eirik som etter eige ønske set fart eller stopper. Kontroll er kjensla, og då kan Emil gjere som han vil, springe gjennom kor han vil, runde keeper når han vil. Det kan være så nært dødlinja ein berre vil, så skyt han om han vil, då står det 4-1. Så enkelt, men svært krevjande for alle andre. Mot slutten er det mange slitne kroppar, Lennart dreg på seg eit gult kort, sannsynlegvis også nært to gule. Vi får på nokre utkvilte Endre, Andread og Johannes som bidreg dei siste 15 min. Ganddal er frustrerte og stopparen får eit gult, følgt opp av nok eit gult for å ha sparka bort ballen. Ikkje full semje rundt det raude kortet for å seie det mildt. Krona på verket er eit hjørnespark kor kaptein Særsland ser ut som 2,5 meter, eit pent hodestøyt rett i kassa, 5-1.
Det er betre å vinne enn å tape, så dette vil vi gjere om att! Heia Klebe
Poeng:
3 p Emil – dei gode løpa og skota
2 p Even – duellar, løp og klareringar
1 p Eirik – dirigent med finesse og fysikk