Skei Gym

Skei Gym Skei gym er eit sjølvbetjent treningssenter på Skei, plassert i det gamle HV10 bygget. Treningssenterte er drifta på dugnadsarbeid.

Ta kontakt å få ein gratis prøvetime:)
- Prisar frå 249-,
- Ingen gebyr
- Adgang med eige nøkkelkort.

18/09/2025

Hei,

VM i vektløfting blir arrangert over 10 dagar i starten av oktober. I den samanheng har Skei Gym fått spørsmål om vi kan stille med 10 frivillige måndag 6. oktober i Førdehuset.

Arbeidsoppgåver:

* Rydde i publikumsområde i konkurransearena i pauser og etter siste konkurranse
* Arbeidstid: ca. kl. 16–22
* Aldersgruppe: primært frå konfirmasjonsalder og oppover
* Ein får sjå konkurransane den aktuelle dagen
* Nødvendig utstyr og opplæring blir gitt
* Mat og drikke blir servert i frivillig kantina

Til gjengjeld får Skei Gym ein flott utstyrspakke til ein større verdi etter meisterskapen👏.

Dette må vi få til 😊 Om du kan bidra, meld tilbake til Tom Jøran Sunde på messenger eller 909 95 243 innen lørdag 20.september.

18/01/2025

Hei,
No er vi endeleg klare til å ta i bruk ny mobillås- ASSA ABLOY. 👏 Alle medlemmer får tilsendt e-post med instruks til oppretting. Følg instruks i e-post 😊

30/06/2024

Hei alle våre medlemmar!

Skei Gym skal over på nytt system for adgangskontroll der alle får tilgang via program på mobiltelefonen. I samband med innføring av systemet treng vi oppdatert kontaktinformasjon frå deg som medlem. I same runde vil du som medlem også få oversendt oppdatert treningsavtale.

Vi ber difor deg som medlem å sende e-post [email protected] til oss innan 19. august. Vi treng namn, e-post og telefonummer. Når vi har motteke e-post vil du som medlem få tilsendt oppdatert treningsavtale som dykk må lese gjennom og akseptere. Det er tilstrekkeleg å svare på e-post med vedlegg at det har lese gjennom og aksepterer Skei Gym sine retningslinjer.

Til våre medlemmer som er under 18vil de bli kontakta av styret for innhenting av oppdatert kontaktinformasjon.

Etter 19 august er det kun mobillås som vil fungere.

NY BANK OG NYTT KONTONUMMER

Jølster IL har skifta bank til Sparebanken Vest og i den samanheng har Skei Gym fått nytt kontonummer36265583290. Som medlem er du ansvarleg for å endre betalingsavtalen du har i nettbanken i dag til nytt kontonummer.

Har du spørsmål ta kontakt i chatten på Facebook til skei gym eller til Tom J Sunde 90995243.

Nokon som saknar denne?
29/10/2023

Nokon som saknar denne?

D.M Coaching LIFT HEAVY S**T workshop på Jølster treningssenter lørdag 18. Februar! Ønsker du å lære nye øvingar eller b...
31/01/2023

D.M Coaching LIFT HEAVY S**T workshop på Jølster treningssenter lørdag 18. Februar!

Ønsker du å lære nye øvingar eller bli betre i nokre av dei viktigaste styrkeøvingane som finns?

Kanskje du ønsker litt ny input på kva øvingar du kan legge til i styrketreninga di?

På den workshopen her vil vi gå stegvis gjennom teknikk og du vil få individuelle ques for å bli bedre i teknikken i øvingane

🟣 Knebøy
🔵 Frontbøy
🟣 Benkpress
🔵 Markløft
🟣 Skulderpress
🔵 Push press

Tid: 5 timar
Dato og tid: 18. Februar, 10-16
Pris: 950,-
Påmelding her:
https://www.dmcoaching.fit/contact-8

Kven er D.M Coaching?
D.M coaching består av Marit Årdalsbakke og Darren Wilmot.

Marit er vokse opp på Skei i Jølster. Ho har 8 NM gull i Vektløfting. Marit er på det norske landslaget i vektløfting, ho har deltatt på 5 Europeiske meisterskap og 3 Verdsmeisterskap i vektløfting. Ho har også konkurrert på 3 styrkeløftkonkuransar.
Marit er utdanna fysioterapeut og har jobba med trening og styrke i 8 år.

Darren er fra Surrey, London. Han har treningsbakgeunn frå bodybuilding, crossfit, vektløfting og styrkeløft. Darren konkurerar aktivt i styrkeløft og konkurerar på nasjonalt nivå i England.
Darren er utdanna byggingeniør og jobbar som Ingeniør samt online coach.

Ilag har dei utvikla denne workshopen som vil hjelpe deg til å elevere di styrketrening!

04/01/2023

Hei, og godt nyttår! 💫

Frisklivsentralen i Førde blir på studio kvar torsdag fom 5.januar og ut mars månad. Oppsatt tid er kl. 12 til 13. Nina K Halland gjennomfører timen i regi av Frisklivsentralen.

Berre å trene som normalt! 😊

Skulle det oppstå noko ber vi om tilbakemelding👍

14/12/2021

Hei,
Nye koronatiltak vert gjeldande frå i morgon.
Skei Gym kan halde opent for individuell trening.

Følgjande reglar gjeld:

Vis omsyn, hald avstand i samsvar med krav frå myndigheitene - 1 meter ved moderat aktivitet og 2 meter ved høg intensitet. Siste betyr at det berre er en som kan nytte mølla i slengen.
God håndhygiene, vask/sprit henda før og etter,
God apparat- og utstyrshygiene- sprit før og etter.
Vi må føre oversikt over kven som er på studio-skriv deg opp i blokka som ligg i lokalet.
Hald deg heime om du er sjuk eller har symptom.

Vi som ubemanna treningssenter er avhengig av at du som medlem føl våre reglar for å redusere fare for smittespreiing.

Reglane gjeld til 12.januar.

24/03/2021

Hei,
Vi har vore i kontakt med Sunnfjord kommune relatert til dei nye nasjonale reglane.

Helsestudio kan holde ope for innbyggjarane i kommunen, for rehabilitering, individuell trening og behandling. Det er nye krav om at ein må klare å holde 2 meter.

Dei som er medlemmar busett i anna kommune og dei som bur vekke i forbindelse med studiar kan ikkje trene på Skei Gym. Det vert gjort ny vurdering 12.april.

Hold avstand, sprit hender og vask utstyr før og etter. Minner også om at alle må vere flinke å skrive seg opp i boka. 😊

28/01/2021

Hei,
Vi er oppfordra til å ha oversikt over kven som er på studio. Det ligg ei blokk på anlegget som dokke skrive dato, namn og telefonnummer i. 👍

Vi minner ellers om at alle må vere flinke å vakse hendene/sprite seg og vaske utstyret godt etter bruk! 😊

18/01/2021

Hei,
Pga lekkasje i bygget er toaletta stengt av inntil vidare. Lekkasjen vert ordna i løpet av dei første dagane.

12/06/2020

Endeleg! Skei Gym opnar dørene igjen måndag 15.juni klokka 08.00. Vi har kjøpt inn ekstra sprit som står rundt om i lokalet. Sørg for å ha reine hender, vask utstyr før og etter bruk. Ta hensyn til andre og hold avstand. Har ein sjukdomsymptom held ein seg vekke frå studio. God sommar og god trening! 😎

Adresse

VIkagarden 30
Klakegg
6843

Telefon

+4790995243

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skei Gym legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del