10/05/2018
Til Viljar Janne sine fyljarar.
Om ei stund vil sida til Viljar Janne bli teken vekk frå facebook. Grunna ein langvarig skade i framknea hennar har eg beslutta å la hesten få fred som løpshest. Viljar Janne var ei usedvanleg fin og triveleg hoppe å arbeide med og hadde på sine 14 starter 9 trippelplasser og det var vel berre eit eller to løp ho ikkje klarte pengepremie. Ho debuterte allereie i mønstringsløp 8.mai i 2014 med tida 50,8 og var usedvanleg startrask. Då eg ikkje lenger vil halde på med avl, bestreba eg meg på å selge henne som avlshoppe. Ho blei seld som avshoppe til Sverige og er no drektig med Galileo og er no i beste hender. Det blir garantert eit fint avkom etter henne med den hingsten.
Rune Arild Iden