Hyllestad Idrettslag

Hyllestad Idrettslag Hyllestad Idrettslag er allidrettslaget i Hyllestad kommune. Vi ynskjer å inkludere alle. Alle som ynskjer kan bli medlem i laget.

Både medlemsavgift og treningsavgift må betalast for gyldig medlemskap og forsikring. Deltek du på fjelltrimmen treng du berre betale medlemspengar for å få deltakarpremie ved oppnådd poengsum. Informasjon om medlemsavgift og treningsavgift finn du på Hyllestad idrettslag si heimeside www.hyllestadil.no.

Hei igjen godtfolk. Lenge sidan eg har vore her med referat etter kamp for herrelaget no. Skal ikkje legge skulda på ann...
29/08/2026

Hei igjen godtfolk. Lenge sidan eg har vore her med referat etter kamp for herrelaget no. Skal ikkje legge skulda på anna enn meg sjøl på ditta.
Vi har starta høstsesongen etter ein lang sommarferie (frå fotballen vel og merke).

Den 15 august tok vi turen til Naustdal for å spele den utsette kampen frå vårsesongen mot Tambarskjelvar. Holdt på å ende som i vårsesongen at vi måtte utsette den igjen men vi klarte å stable på beina 13 mann, inkludert meg sjøl(49 år). 2 av spelarane hadde med seg større kvantum legemiddel for å holde feber i sjakk og luftvegar opne. Tilbake på laget var ein kar som har vore vekke ei tid frå oss, Tage Gallefoss. Han var full av overskudd og i scoringsform. Resultatet frå denne kampen blei 1-0 til Hyllestad , scoring av Tage⚽

Tirsdagen etter gjekk turen til storbyen Førde og vi skulle møte Førde4. Her var det 4 mann frå forrige kamp som ikkje kunne vere med og på nytt vart det ein kamp å stille nok spelara. Keeper fekk vi på plass nokre tima for dommaren bles igang kampen. 13 mann denne kampen og inkl meg sjøl og. Medisinmengda på nokre av spelarane hadde auka betraktelig frå forrige kamp, kred skal dei ha for å stille iallefall. Resultatmessig vart det eit knepent 5-4 tap mot ein gjeng med snittalder på 17,7 år. Måla våre var det Jardar Kjos, Thomas Svartefossx2 og Jonas Ness som scora. Verdt og nevne er det kanskje at stillinga 10 min før slutt var 5-2 til Førde4 før Øyvind sette innpå den eldste i troppen🤩

So kjem vi til den siste spelte kampen no. Denne tirsdagen gjekk turen til Våge og Fure si heimebane.
Denne tirsdagen reiste vi ut i ytre strok med 11 mann og uten keeper. Rudi (sånn ca 45 år pluss minus) stilte sporty opp som keeper og referenten(49 år gammal morfar) måtte starte på topp. Fure starta best og leda fortjent 1-0 til pause, sjøl om spissen til Hyllestad hadde sine sjansar han og😃 Heldigvis var det ein kar frå Hyllestad som kunne avslutte sveisejobben sin litt tidlegare enn planlagt slik at han rakk 2 omg og gamlingen fekk styre laget frå benken(trenaren var heller ikkje med på dinna kampen då han priorterte flatfyll på fjellheimen litt lenger nord i landet, reinsdyrjakt kallast visst da). Hofsviken kom innpå til 2 omg og satte standaren etter 3 min på bana med gult kort for ei litt overivrig tackling. Etter dette tok vi over momente i kampen og skapte fleire gode sjansar som resulterte i 2 mål av Jonas Ness(ikkje tungt medisinert i denne kampen). Vi fekk og 1 mål annulert i denne omgangen. Seier 2-1 over Fure. Takk til Fure for ei strålande ramme rundt kampen. Alt frå velkomst ,frukt, kaffi og masse liv og røre under kampen. Her har mange klubbar noko å lære.

Vi takkar for kampane til dei respektive klubbane og dommarane vi har hatt.

Neste kamp er heime på Hyllestad stadion den 1 sept kl 1900.

Slik at ingen misforstår bilde, so er da barnebarnet mitt eg held på armen. So 3 generasjonar på ditta bilde.

Heia Hyllestad

27/08/2026

⚽️Onsdag og torsdag 2-3.september vert det grasrottrenarkurs del 1 på Hyllestad! Vi får ekstern kurshaldar frå kretsen, og vi anbefalar alle som har barn som er delaktige i fotballen om å hive seg rundt! Dette gjelder også dei som har yngre barn, og som er på veg til å bli miniputt dei neste åra 🙂

Kurset er inspirerande og ein får mange gode tips til fokusområde på treningane 😄🙌🏻

Ta kontakt med Marie B. Sjølingstad innan fredag 28.august om du er interessert.

19/08/2026

Hugs kampar på Hyllestad idag! Jenter 10 klokka 18 og jenter 12 klokka 1915!
☀️☀️☀️☀️⚽️⚽️⚽️⚽️

Kjekt å sjå at Rudi, Dag-Jøran, Martin og Benjamin har teke turen til Os for å spele biljard 😊 Lykke til heile gjengen! ...
15/08/2026

Kjekt å sjå at Rudi, Dag-Jøran, Martin og Benjamin har teke turen til Os for å spele biljard 😊
Lykke til heile gjengen! 🔥

Har du lyst å prøve å spele biljard? Ta gjerne kontakt med dei, dei opnar dørene til deg med stor glede og entusiasme 😊 om de er ein gjeng som vil spele så må dykk berre kontakte dei🥳

🎱 Os Biljard og Snookerklubb inviterer til OS OPEN 10-ball turnering! 🎱 Er du klar for å vise dine biljardferdigheter og ha det gøy? Bli med på vår turnering og konkurrer mot de beste! Detaljer: Maks 48 spillere 8 puljer (6 deltakere i hver pulje) 4 videre fra hver pulje til enkelcup Anneh...

Sundag 30. august er vi endeleg arrangør av Kongleriket miniputturnering att. No er det tre år sidan sist Hyllestad hadd...
07/08/2026

Sundag 30. august er vi endeleg arrangør av Kongleriket miniputturnering att. No er det tre år sidan sist Hyllestad hadde turneringa, og det betyr mykje for idrettslaget og bygda å bli tildelt dette arrangementet. Vi ventar over 500 tilreisande frå klubbane i Ytre Sogn og Sunnfjord og synest det er veldig kjekt at så mange skal samlast på den flottaste stadionen i Sogn og Fjordane!🤩⚽️

Kongleriket miniputturnering er ein festdag for dei yngste og vi har med spelarar heilt frå 5 års alder til og med 9 år. Dette er ein viktig dag for rekruttering til fotballen og ikkje minst ein veldig kjekk møteplass for både små og store. Spelarane våras frå dei aldersbestemte laga skal få prøve seg som dommarar for første gang, så dette blir ein spennande dag for mange!😊🏃🏽‍♀️

Vi garanterer god stemning, mykje mål, stor idrettsglede og ein kiosk med den beste heimebaksten!🥞🥗☕️🍕🥤🍰

Velkommen til Hyllestad!😍⚽️☀️

NFF Sogn og Fjordane

Då er Norway Cup over for denne gongen!Sjølv om Hyllestad IL ikkje hadde eige lag med i årets turnering, var klubben lik...
01/08/2026

Då er Norway Cup over for denne gongen!

Sjølv om Hyllestad IL ikkje hadde eige lag med i årets turnering, var klubben likevel godt representert. Wiktoria deltok som dommar på NorCore 2, medan Andreas var kursleiar på NorCore 1 Hordaland/Rogaland.

NorCore er NFF sitt utviklingsprogram for dommarar, der lovande dommarar får tett oppfølging, rettleiing og fagleg påfyll. Programmet skal bidra til å utvikle dommarar vidare, og NorCore 1 er retta mot dommarar tidleg i utviklingsløpet, medan NorCore 2 er neste steg for dei som har kome lenger.

Det er kjekt å sjå at Hyllestad IL kan bidra til utvikling av både dommarar og fotballen, også når vi ikkje har lag på bana. Vi er stolte over innsatsen som er lagt ned gjennom veka og den flotte representasjonen av klubben.

Godt jobba av ungdommane frå Hyllestad 💪🏻 Trykk gjerne inn på innlegget og les om korleis desse dagane har gått for ungd...
01/08/2026

Godt jobba av ungdommane frå Hyllestad 💪🏻 Trykk gjerne inn på innlegget og les om korleis desse dagane har gått for ungdommane 😃

Benjamin, Matias og Martin har reist til Sverige 🇸🇪 for å spele Junior Nordic Championship 😃 Vi heiar på dykk alle 3, ma...
30/07/2026

Benjamin, Matias og Martin har reist til Sverige 🇸🇪 for å spele Junior Nordic Championship 😃

Vi heiar på dykk alle 3, masse lykke til 🥳

Trykk på innlegget så får de opp oppdatering i kommentarfeltet til Hyllestad IL Biljard 🎱

💥💥Junior Nordic Championship 2026💥💥

Benjamin, Matias og Martin har tatt turen til Falköping i Sverige for å spele nordisk. I løpet av dei neste dagane skal det spelast 10-ball og 8-ball 🔥

Masse lykke til Benjamin og Matias, vi heiar og heiar 🥳

-følg med i kommentarfeltet for oppdateringar og linkar til stream og turnering-

Takk til sponsorane våre;
🌸 Dale Rør AS
🌸 Asfaltvest
🌸 SpareBank 1 Sogn og Fjordane
🌸 Ryland Bygg As
🌸 Tersan Havyard
🌸 Firda Seafood Group

Bilde frå EM26, fotograf står på bilde 😊

Benjamin er på dag 5 med biljardspeling i Slovenia😊 lykke til vidare Benjamin 💪🏻
18/07/2026

Benjamin er på dag 5 med biljardspeling i Slovenia😊 lykke til vidare Benjamin 💪🏻

Adresse

Hyllestad
6957

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hyllestad Idrettslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hyllestad Idrettslag:

Snarveier

Del