27/01/2025
Nyhetsbrev frå styret i FGH - JANUAR 25
Det har skjedd mykje positivt i 2024!
Økonomi: Me har fått mykje betre oversikt og kontroll over økonomien. Dette er mykje takka vere kasserer Randi som har stålkontroll på alle utgifter og inntekter. Me var også veldig nøgd med budsjettet me laga for 2024 – det var realistisk og såpass detaljert at me kunne nytte det som eit styringsverktøy gjennom heile året.
Samarbeid, klubb og FGH: Det er eit godt og tett samarbeid mellom rideklubben og styret i FGH. Dette er mykje takka vere Agnes som har vore med i begge styrene i 2024. Me jobbar for at begge økonomiane skal gå godt!
Stallen: Det er òg god kontroll i stallen. Trygve viderefører det gode arbeidet som Trude gjorde, og me opplever å ha innsikt i kva som skjer i stallen. Trygve verkar å ha god kontakt med oppstallørane. I tillegg gjer Trygve ein formidabel jobb med alle praktiske ting i stallen. Me opplever å ha oversikt over små og store forefallande oppgåver. Styret som sådan har nok ikkje vore fullt så gode på å informere oppstallørane om saker me tek opp – difor dette nyhetsbrevet! (Takk Trude for godt innspel!)
Ny ridebotn: Før jul fekk me inn ny ridebotn i hallen. (Takk til Elisabeth og Haugane maskin for jobb og godt tilbod på sand!! Og takk til alle som deltok på dugnadsarbeidet med å legge ny ridebotn!!) Etter økonomiske avvegingar landa me på å legge inn tilsvarande sand og filt som me hadde frå før. Me klarte å legge inn denne utan å ta opp meir lån, eller utsette avdrag på lånet me allereie har, og det er me veldig nøgd med. Me er klar over at botnen treng vedlikehald (og då treng me reiskapar), men me håpar den fungerer for augneblinken. Økonomien styrer kor godt me greier å vedlikehalde botnen vidare…
Diverse søknadar: I 2024 vart det utarbeidd og sendt ei rekke søknader i samarbeid med klubben. Blant anna ein søknad om økonomisk stønad til oppgradering og vedlikehald av hallen, samt stønad til eit forprosjekt om å realisere vidare drift og utbygging av hallen. Me ventar spent på svar frå kommunen – den skal behandlast politisk om ikkje lenge. Får me innvilga den, eller deler av den, står me økonomisk mykje tryggare og kan tenke framover!
Reguleringsplan for området bak hallen: Agnes har jobba hardt for å få til ei reguleringsendring for området bak hallen. Dette er viktig for vidare drift og evt. utbygging av hallen.
Beredskapsplan: Elisabeth har gjort ein fenomenal jobb med å utarbeide beredskapsplan for FGH. Det gjenstår nokre detaljar som må på plass, og me må planlegge brannøving, men dette får me på plass om ikkje lenge.
Sponsorar: Elisabeth og Svanhild jobbar for tida med å skaffe nye friske sponsormidlar. Nokre avtalar er allereie på plass.
Prisliste: I januar har me utarbeidd og vedteke ny prisliste – denne vert hengt opp i stallen.
Stallreglar: Etter tilbakemelding frå oppstallørane skal me gjennomgå og utarbeide nye stallreglar. Dette skjer innan kort tid.
NM: Me har inngått avtale med Sportsklubben om å leige ut hallen til smørebodar under NM (27.-30 mars), samt å halde kafeen i Løa open under arrangementet. Det vert truleg oppteke i hallen frå måndag kveld sidan det skal riggast til. Avtalen gjev gode inntekter, truleg mellom 60-100 tusen kroner. Me har starta arbeidet med å hanke inn dugnadsfolk.
Kjedelege saker som heng ved oss: Me har dessverre eit par kjedelege saker som me fortsatt jobbar med i styret. Blant anna ventar me på erstatning etter konkursen som ramma firmaet som bygde hallen. Me ventar også på pengar frå ein av leigetakarane av lager. I tillegg ventar me på sluttrapport på brannanlegget. Brannanlegget fungerer heldigvis, men sluttrapport må på plass.
Alt i alt er me nøgd med 2024 og me gler oss til 2025!
Vennleg helsing
Svanhild 😊
På vegne av styret i FGH