Hovdebygda Fotball

Hovdebygda Fotball Dette er Hovdebygda Fotball si offisielle side. Nettside: hil-fotball.no
Facebook: facebook.com/hilfotball

Komande mandag 14.september kl 18.30 er det igjen klart for månadens kamp på Hovdebygda stadion. Månadens kamp for septe...
12/09/2026

Komande mandag 14.september kl 18.30 er det igjen klart for månadens kamp på Hovdebygda stadion. Månadens kamp for september er mellom Hovdebygda/Mork J11 mot Hødd Fotball.

Vi gler oss til å gi 11-åringane ei ekstra kjekk oppleving ⚽️ Ta gjerne turen på stadion denne kvelden og gi jentene frå begge lag ein kamp dei ikkje vil gløyme med det første.

SpareBank 1 SMN

Bergsøy - Hovdebygda 4-0 (0-0)SURT TAP I FOSNAVÅG! Etter ein tøff kamp mot Rollon på tirsdag var det klart for ny seriek...
11/09/2026

Bergsøy - Hovdebygda 4-0 (0-0)

SURT TAP I FOSNAVÅG!

Etter ein tøff kamp mot Rollon på tirsdag var det klart for ny seriekamp i kveld i 4.divisjon. Denne gong mot Bergsøy i Fosnavåg.

Kampen åpna friskt med tøffe dueller og for det meste spel på midtbana, uten dei største sjansane. Bergsøy var farlig på dødball, og vi hadde nokre farlige kontringer og gjennombrudd. Kampen bølga fram og tilbake utover omgangen og vi er fornøgd når vi går til pause med 0-0.

Dei første 15-20 minutt av andre omgang er vi også førande med mykje ball og sjanser. Men etter det gir frå oss momentum og heimelaget får score fleire enkle mål på dødball og gjennom ledd. I løpet av 10 minutt har dei scora tre gonger og leda 3-0. På overtid får dei også straffe og sett inn 4-0.

Ekstra honnør til Elias Rypdal som kjem inn å debutera for Hovdebygda dei siste 25 minutt og gjer ein godkjent innsats!

Neste kamp for Hovdebygda er ein særs viktig bortekamp fredag 18.september kl 18.30 mot Spjelkavik 2!

KAMPTRÅD: Bergsøy - Hovdebygda Her er laget til kveldens kamp mot Bergsøy på Havila Stadion FosnavågPå benken har vi Eli...
11/09/2026

KAMPTRÅD: Bergsøy - Hovdebygda

Her er laget til kveldens kamp mot Bergsøy på Havila Stadion Fosnavåg

På benken har vi Elias Rypdal, han vart signert frå Vartdal i går kveld som ei skikkelig Deadline Day-signering! Han har trent mykje med oss i heile år, og gler oss til å ha han med på kamp. Velkomen til Hovdebygda! 🤝

Kampstart kl 18.30 ⚽️

RE-SIGNERING! Marius Olsvik er tilbake i Hovdebygda på lån ut sesongen. Marius melde overgong til Volda tidlegare i år. ...
10/09/2026

RE-SIGNERING!

Marius Olsvik er tilbake i Hovdebygda på lån ut sesongen. Marius melde overgong til Volda tidlegare i år. Skadar og sjukdom har sett han litt ut av spel men skal finne tilbake til storforma med spel i Hovdebygda før han returnerer til Volda igjen for oppkjøring til ny sesong. Kanskje då som 2. div spelar? Hovdebygda fotball er takknemleg for at vi får til ein vinn vinn dialog med Volda.

Velkomen tilbake Marius ⚽️🤝

Hovdebygda Rekrutt - Åmdal 7-3 (1-3) MÅLFEST PÅ HOVDEBYGDA STADION! I kveld var det klart for ny rekruttkamp i 7.divisjo...
09/09/2026

Hovdebygda Rekrutt - Åmdal 7-3 (1-3)

MÅLFEST PÅ HOVDEBYGDA STADION!

I kveld var det klart for ny rekruttkamp i 7.divisjon i lokaloppgjeret mot Åmdal. Etter ei flott og verdig markering av Kong Harald med et minutt stillhet før kamp, var vi klare for avspark.

Sjølv om vi pressa og skapte fleire sjanser i første omgang, skulle Åmdal score både ein, to og tre gonger i løpet av den første halvtimen med enkle mål. Rett før pause sett Espen Rjånes inn redusering til 1-3 og gir oss trua inn i garderoba.

I andre omgang kjem vi ut med ei anna innstillng og speler fullstendig over Åmdal med flott angrepsfotball og måla kjem også rennande inn i favør oss. Vi starter i det 58 minutt med Maombi Innocent reduserer til 2-3. Nokre minutt seinere sett Tony Nyrud (!) inn 3-3, før Nikolai Lund sett inn 4-3. Då er lufta ute av Åmdal-ballongen og vi kan skape flust av sjanser til. 5 minutt før slutt får vi straffespark og Sigurd Jensson er sikker frå merket til 5-3. Maombi auka til 6-3. I siste minutt får vi ei ny straffe og Magnus Vadstein Viddal banker den inn til 7-3 og kontrollert seier for rekruttane!

Vi gratulerer Nikolai Bøstrand med debuten for Hovdebygda, nærare presentasjon av han kjem seinare.

Neste heimekamp for rekruttane er lokaloppgjeret heime mot Ørsta 2 onsdag 23.september kl 18.30

!

KAMPTRÅD!Her er laget til kveldens kamp mot Åmdal.Hjertelig velkommen til Nikolai Bøstrand, ny keeper frå Ørsta, som bli...
09/09/2026

KAMPTRÅD!

Her er laget til kveldens kamp mot Åmdal.

Hjertelig velkommen til Nikolai Bøstrand, ny keeper frå Ørsta, som blir sett rett inn på laget🤝

Hovdebygda - Rollon 1-1 (0-1) Ny heimekamp for Hovdebygda i kveld i ein utsett kamp mot serieleiar Rollon. Flott markeri...
08/09/2026

Hovdebygda - Rollon 1-1 (0-1)

Ny heimekamp for Hovdebygda i kveld i ein utsett kamp mot serieleiar Rollon.

Flott markering før kampstart med sørgeband og eitt minutts stillhet for Kong Haralds bortgang ❤️

Første omgang bølga fram og tilbake der vi skapte fleire store sjanser, uten å få uttelling. I staden for var det Rollon som skulle sette inn kampens første mål til 0-1, før pause!

I andre omgang fortsetter vi å krige og kjempe for kvarandre og har eit godt trykk lenge på Rollon! Vi får kriga oss til ei straffa, der keeper desverre reddar skuddet frå Sigurd Nupen Jensson.

Men vi klarer å berge eit poeng på slutten når Bjørnar Holen blir flott spelt gjennom og løfter den over keeper til 1-1. Det blir også sluttresultatet i ein tett og spanande kamp!

Dagens beste Hovdebygda-spelar var i dag gitt til Henrik Amdam. Han fekk med seg eit gåvekort på 200 kr frå dagens kampsponsor Intersport Alti Ørsta.

Neste heimekamp for Hovdebygda er lokaloppgjeret mot Ørsta 25.september kl 18.30. Då håper vi på mykje folk!!

Minner også om rekruttkamp på Hovdebygda stadion i morgon onsdag 9.september, då møter vi Åmdal. Kampstart kl 18.30!

Heia HIL ⚽️

KAMPTRÅD!Her er laget til kveldens kamp mot Rollon⚽️
08/09/2026

KAMPTRÅD!

Her er laget til kveldens kamp mot Rollon⚽️

NYSIGNERING! Noah Hahn Antonsen er klar for Hovdebygda! ⚽️Noah er 20 år og kjem frå Molde. Der han har spelt for Hjelset...
07/09/2026

NYSIGNERING!

Noah Hahn Antonsen er klar for Hovdebygda! ⚽️

Noah er 20 år og kjem frå Molde. Der han har spelt for Hjelset/Kleive i år. Han har tidlegare spelt for Molde i junior- og breidde.

Velkomen til Hovdebygda 🤝

Komande tirsdag 8.september er det klart for ny heimekamp i 4.divisjon for menn. Vi tek i mot serieleiar Rollon til kamp...
06/09/2026

Komande tirsdag 8.september er det klart for ny heimekamp i 4.divisjon for menn. Vi tek i mot serieleiar Rollon til kamp på Hovdebygda stadion der vi skal kjempe om viktige poeng! Vi håpar på godt oppmøte frå vårt kjære publikum.

Hovdebygda - Rollon.
Tirsdag 8.september kl 18.30.
Hovdebygda stadion

Vel møtt! ⚽️

SpareBank 1 SMN

Adresse

Langemyra 7
Hovdebygda
6160

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hovdebygda Fotball legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hovdebygda Fotball:

Snarveier

Del