Spenst Leikanger

Spenst Leikanger Spenst Leikanger er eit treningssenter som ligg i Saften på Leikanger. Senteret har tilbod som treningsstudio, gruppetrening, PT, massasje m.m.

Sports & Recreation

01/09/2026
Kampanjen i september gjeld for både basis- og plussmeldemskap, med og utan binding. Foto: Ørjan Talle
31/08/2026

Kampanjen i september gjeld for både basis- og plussmeldemskap, med og utan binding.

Foto: Ørjan Talle

Nyinnkjøpte step-kassar er på plass i ungdomshuset. No er det berre å kome å trene💪👍
29/08/2026

Nyinnkjøpte step-kassar er på plass i ungdomshuset. No er det berre å kome å trene💪👍

Dette har me gitt beskjed om før. Kalk i pulverform skal ikkje nyttast i studio!! Pulveret er umuleg å støvsuge opp og m...
28/08/2026

Dette har me gitt beskjed om før. Kalk i pulverform skal ikkje nyttast i studio!! Pulveret er umuleg å støvsuge opp og me lyt i desse tilfella nytte spesialmaskin, som kostar pengar, for å få det vekk. Ver vennleg å nytte flytande magnesium og ver påpasseleg å tørke vekk merker etter utstyret er nytta. Det er vanskeleg å få tak i folka som grisar til sidan me også har ubemanna tider. Om folk ser slik bruk når me ikkje er her so ver so snill ta kontakt.

27/08/2026

I høve til timeplanen vert det også gjort ein endring på onsdagar f.o.m. 2.september for å tilpasse for fleire medlemar. Ny tid for Stram opp/Aerobic vert difor kl.1730-18.30.

Det vert endringar på seniortimane f.o.m. neste veke.Vekeplanen vert då sjåande slik ut frå måndag 31.august.Måndag: Sen...
27/08/2026

Det vert endringar på seniortimane f.o.m. neste veke.

Vekeplanen vert då sjåande slik ut frå måndag 31.august.

Måndag: Seniortime kl.1115
Onsdag: Seniortime kl.10
Fredag: Seniortime kl.1115

Hei.Her kjem oppstartstimeplanen som varar fram til haustferien. Som informert tidlegare kjem no timane til å føregå i u...
12/08/2026

Hei.

Her kjem oppstartstimeplanen som varar fram til haustferien. Som informert tidlegare kjem no timane til å føregå i ungdomshuset, med unntak av Yoga (FjøsNjøs). Pga redusert plass kjem det til å bli lagt opp til to seniortimar både måndag og onsdag.

Måndag:
kl.1115-12 Seniortime m/Dag-André
kl.1215-13 Seniortime m/Dag-André
kl.1915 Minibands i rullering med Styrke m/Hanne

Onsdag:
kl.10-1045 Seniortime m/Dag-André
kl.11-1145 Seniortime m/Dag-André
kl.18 Stram opp i rullering med Aerobic m/Marianne

Fredag:
kl.17 Tabata m/Heidi

Lørdag:
Yoga kl.10 m/Aase

NB! Oppmøte er tidlegast 15 min før timen.

Hei, kjære medlem.Me ønskjer å informere om at me kjem til å gjennomføre den siste planlagde prisjusteringa etter at me ...
15/07/2026

Hei, kjære medlem.

Me ønskjer å informere om at me kjem til å gjennomføre den siste planlagde prisjusteringa etter at me flytta inn i nye lokale. Frå og med trekket i september (forskotsbetaling for oktober) vil medlemsprisen difor bli auka med 25 kr per månad.

Bakgrunnen for prisjusteringa er auka kostnader, mellom anna høgare husleige, i tillegg til investeringar i nytt utstyr og vidare utvikling av treningssenteret. Målet vårt er å halde fram med å tilby eit moderne og godt treningstilbod med høg kvalitet.

Frå og med neste år vil medlemskapa bli justerte årleg i tråd med konsumprisindeksen, slik medlemsavtalen opnar for. Dette vil bidra til meir føreseielege og mindre prisjusteringar over tid.

Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med oss.

Takk for at du er medlem hjå Spenst Leikanger!

Prisjustering høst 2026

Me vil gratulere Mercelyn Leiren som vinnar av flott premie i samband med vervekampanjen som var no i vinter! Gevinsten ...
03/07/2026

Me vil gratulere Mercelyn Leiren som vinnar av flott premie i samband med vervekampanjen som var no i vinter! Gevinsten var nye Hooka-sko 🎉👏👍👟

For ei stund tilbake bestilte me solskjerming til glasa i frivektsavdelinga. Forhåpentleg vis er dette på plass om ikkje...
29/06/2026

For ei stund tilbake bestilte me solskjerming til glasa i frivektsavdelinga. Forhåpentleg vis er dette på plass om ikkje so alt for lenge.

Adresse

Riverdalen 5
Hermansverk
6863

Åpningstider

Mandag 05:00 - 23:59
Tirsdag 05:00 - 23:59
Onsdag 05:00 - 23:59
Torsdag 05:00 - 23:59
Fredag 05:00 - 23:59
Lørdag 05:00 - 23:59
Søndag 05:00 - 23:59

Telefon

+4790613795

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Spenst Leikanger legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Spenst Leikanger:

Snarveier

Del