22/05/2026
Så løsna det
HaNo - Emblem 7-0 (1-0)
Nordøy stadion
1-0 Leon Nogva Vedeld (1)
2-0 Nicolai Longva (48)
3-0 Kasper Dalhaug Ulla (53)
4-0 Julian Nogva Vedeld (69)
5-0 Julian Nogva Vedeld (72)
6-0 Julian Nogva Vedeld (straffe 85)
7-0 Julian Nogva Vedeld (87)
2 gule kort til HaNo
4 gule, 2 raude (+ 1 raudt til lagleiar) på Emblem
Etter å ha dominert kampen frå start til slutt, løsna det til slutt for eit HaNo - lag som er på veg mot å finne forma. Julian Nogva Vedeld kom innpå med 25 minutt igjen. Før sluttsignalet gjekk hadde han skåra 4 mål.
HaNo fekk ei pangopning på kampen. Allereie etter 37 sekund stod det 1-0. Brian Fjørtoft slo ei strålande gjennombruddspasning. Leon Nogva Vedeld avslutta klinisk i lengste hjørnet.
At det berre stod 1-0 til pause, skuldast i hovudsak at avslutningane ikkje var gode nok. For spelemessig og innsatsmessig var det mykje bra dei første 45.
Leon var svært nære å bli 2-målskårar då HaNo rulla opp eit flott angrep som endte med innlegg frå Vegard Halkjelsvik på høgrekanten. Leon skrensa ballen utanfor ope mål. Markus Fjørtoft traff tverrliggaren etter å ha blitt fint spelt fri på venstresida, og Nicolai Longva traff rett på keeper då han kom åleine gjennom. Same mann med skot like over rett før pause etter nytt godt HaNo - angrep.
Etter pause var HaNo-dominansen endå meir markert. Nicolai satte inn 2-0 på eit skot frå 18 meter, og når Kasper Dalhaug Ulla heada inn 3-0 få minutt seinare, var kampen avgjort.
Bortelaget vart stadig meir frustrerte, og fekk si første utvisning midtvegs i omgangen. Ei knallhard takling var korrekt straffa med gult kort nr 2. Samtidig kom Julian Nogva Vedeld inn på bana. Han sette ballen i mål på sitt første touch i kampen, men det vart annullert for ein hårfin offside. Men det var berre eit forvarsel på kva som var i vente.
4-0 kom etter nytt strålande HaNo - angrep. Markus Fjørtoft med strøken pasning opp i mellomrom til Oskar Zachara. Han slo på direkten til Kasper som like direkte slo gjennom Julian som sette ballen i hjørnet. 5-0 kom då Julian var våken på retur etter skudd frå Nicolai.
Når Emblem snakka på seg sitt andre raude kort, vart det fullstendig einvegskøyring siste kvarteret.
6-0 på straffe etter at Bjørnar Levi Flem vart felt etter å ha blitt fint spelt fri av Sebastian Hildre Grønmyr.
Brian Fjørtoft er fast straffeskyttar, men ga straffa til Julian denne gongen, slik at han fekk fullføre sitt hattrick.
Men Vedeld var ikkje ferdigskåra. Debutant Noah Hagen forserte forbi 2 mann på høgresida før han slo eit strøkent innlegg til Julian som sikkert skåra sitt 4.mål for dagen.
Med litt betre presisjon og valg på slutten, kunne det endt med endå fleire mål.
Dermed enda med 7-0 i ein kamp der HaNo viste mykje godt angrepsspel. 20 mann fekk speletid, noko som viser at vi har ei svært brei og solid tropp. To debutantar i seniorsamanheng. Ruben Vedeld Molnes og Noah Hagen har trent svært bra i vinter, og fekk nyttig minutt med seniorfotball denne gongen.
No ventar 2 treningar i helga, før ein svært vanskeleg bortekamp mot Sande på River Plate stadion på torsdag.
Laget:
Sindre Longva
Vegard Halkjelsvik
Eric Husevåg
Brian Fjørtoft
Audun Høistad Aakre
Markus Fjørtoft
Noah Klokk
Kasper Dalhaug Ulla
Amund Longva Otterlei
Leon Nogva Vedeld
Nicolai Longva
Nytta innbytarar:
Oskar Zachara
Julian Nogva Vedeld
Jon Håvard Sylte
Martin Tvedt
Bjørnar Levi Flem
Noah Hagen
Ruben Vedeld Molnes
Sebastian Hildre Grønmyr
Adrian Vedeld Molnes