Nore Neset Idrettslag

Nore Neset Idrettslag Nore Neset Idrettslag er eit fleiridrettslag i Bjørnafjorden kommune.

17/05/2026

Fotballgruppa ynkjer alle ein knakande flott 17.mai med dette praktmålet frå fredagens 7. siger på rad.
Raketten er signert Vegard Storum Hjelle.
Hipp Hipp Hurra

Veit du ikkje kva du skal bruke kvelden på? Ta turen på Myro då vell!Vi startar 17.mai helga med 2 forrykande fotballkam...
15/05/2026

Veit du ikkje kva du skal bruke kvelden på? Ta turen på Myro då vell!
Vi startar 17.mai helga med 2 forrykande fotballkamper.
Først får vårt g19 lag besøk av Odda klokko 1745.
Klokko 1930 får du servert rosinen i pølsa. Eit ekte toppoppgjør utspeler seg på Myro i kveld. A-laget tar i mot Ørnen til det som bør bli ein forrykande fotball kamp. To offensive lag som begge scorer i snitt 4 mål per kamp. Kiosken er åpen på begge kampar. Ta med deg familien, naboen og venner. Dette blir ein knallkjekk fotballkveld 😀

14/05/2026
☀️ Vil du ha ein sommarjobb med meining, aktivitet og masse gode opplevingar? ☀️Nore Neset Idrettslag søkjer engasjerte ...
12/05/2026

☀️ Vil du ha ein sommarjobb med meining, aktivitet og masse gode opplevingar? ☀️

Nore Neset Idrettslag søkjer engasjerte ungdommar som ønskjer å vera instruktørar under Aktiv Sommar 2026 💙

Gjennom heile sommaren skal vi skapa aktivitet, meistring, vennskap og idrettsglede for barn og unge i lokalsamfunnet – og då treng vi fleire flotte ungdommar med på laget!

📅 Periodar:
• Veke 27: Multisportveka
• Veke 28–32: Open folkehelsepark (kl. 10–14)
• Veke 33: TINE Fotballskule (6–12 år)

Som instruktør hos oss får du:
⭐ Verdifull erfaring med barn og ungdom
⭐ Moglegheit til å utvikla deg som leiar
⭐ Vera ein viktig del av eit trygt og inkluderande fellesskap
⭐ Jobba saman med mange andre kjekke ungdommar
⭐ Bidra til å skapa ein aktiv og sosial sommar for barn i Bjørnafjorden

Du treng ikkje vera ekspert i idrett. Det viktigaste er at du er positiv, ansvarsfull, glad i folk – og ønskjer å gjera ein positiv forskjell for andre 🙌

Alle kan noko, og saman kan vi mykje💙

👉 Søknadsfrist: 24.05.2026 23:59
👉 Søk her: https://forms.gle/7nhoVvkogKZCEVgN7

A-laget flyr av garde. 18 poeng av 18 moglege på dei 6 fyrste kampane. Førstkommande fredag klokka 1930 er det klart for...
11/05/2026

A-laget flyr av garde. 18 poeng av 18 moglege på dei 6 fyrste kampane. Førstkommande fredag klokka 1930 er det klart for toppoppgjør. Trenar John Ole tar med seg sine beste menn for å sende tabelltoar Ørnen flaksande tilbake til Danmarksplass. Vi rekner med du og tar turen for å heia💙

65 barn er allereie påmelde 🤩 Bli med du òg!Multisportveka 2026 samlar barn frå heile Bjørnafjorden til ei veke full av ...
04/05/2026

65 barn er allereie påmelde 🤩 Bli med du òg!

Multisportveka 2026 samlar barn frå heile Bjørnafjorden til ei veke full av aktivitet, meistring og nye vennskap 💙

Veke 27 (29. juni – 3. juli)

Sikre deg plass: https://nnil.no/multisportveka/

For ei helg for Nore Neset! 💙⚽Vi markerte 50 år med damefotball i Norge på best mogleg vis – med siger! Damelaget tok si...
04/05/2026

For ei helg for Nore Neset! 💙⚽

Vi markerte 50 år med damefotball i Norge på best mogleg vis – med siger! Damelaget tok sin aller første seier etter ein solid 3–0-kamp borte mot Ny-Krohnborg.
Målscorarar:
⚽ Kaia Jacobsen x2 (55’, 60’)
⚽ Rebekka Støle Mjønes (75’)

Gratulerer til heile laget!

Herrelaget held fram den rå starten på sesongen – 5 av 5 sigrar!
Det vart målfest og heile 7–3 til slutt.
Målscorarar:
⚽ Johannes Lie x2
⚽ Vegar Solstrand Ludvigsen
⚽ Thomas Vivås Håvardstun
⚽ Steffen Kvamsdal
⚽ Anders Hjelle Havsgård
⚽ Eric Aarebrot Skorpen

Laget toppar no tabellen og har luka på 5 poeng ned til Bremnes

Neste kamp kjem allereie onsdag – borte mot Bønes. Vi gler oss!

Det er med stor takknemlegheit at Gjensidigestiftelsen også i 2026 vel å støtta Nore Neset Idrettslag med 300.000 kroner...
30/04/2026

Det er med stor takknemlegheit at Gjensidigestiftelsen også i 2026 vel å støtta Nore Neset Idrettslag med 300.000 kroner til prosjektet «Open folkehelsepark – Sommerjobb og inkludering 2026».

Dette gjer at barn og unge i sommarferien igjen får tilgang til fleirbrukshall, e-sportrom og kunstgrasbaner – og ein trygg arena for aktivitet, meistring og fellesskap.

I tillegg vil vi om få dagar lyse ut sommarjobb for titals ungdommar – eit viktig tiltak for både inkludering og arbeidserfaring.

Tusen takk for at de ser den gode jobben vi gjer, og det viktige samfunnsansvaret vi tek 💙

Gjenglemte klær, sko og flasker bygger seg opp, og vi ønsker særs gjerne at det finner vegen sin heim igjen. Håper derfo...
23/04/2026

Gjenglemte klær, sko og flasker bygger seg opp, og vi ønsker særs gjerne at det finner vegen sin heim igjen.

Håper derfor at flest mogleg kjem innom og henter det dei saknar.

Tusen takk💙

Adresse

Skeismyra 8
Hagavik
5217

Telefon

+4799263426

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nore Neset Idrettslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Nore Neset Idrettslag:

Del