Dagsturhytta Gulakvila

Dagsturhytta Gulakvila Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Dagsturhytta Gulakvila, Sport og fritid, Eivindvikvegen 1119, parkering, Gulen.

21/12/2025

Litt dum beskjed som kom i dag. Det er veldig mange som har signert veggen inne i Gulakvila. Eit koselig og fantastisk initiativ i mange år med adventskalender der ein skriv på lista når ein heldig vinnar av pakken. Desverre måtte mange bruke kulepennen på veggen. Ber føresette ta ein prat med sine unge lovande om at dette ikkje er greit. Vi vil ikkje ha det slik. Eg vel å ikkje dele bilete av veggen. Vivian Våge.

God tur - uten open eld :-)
22/05/2025

God tur - uten open eld :-)

Stor skogbrannfare i Vestland! 🔥🌲

Det er Friluftslivets år, strålande vêr, og mange nyt fine dagar i alle dei fine friluftsområda vi har i fylket. Men no er skogbrannfaren svært høg, og ein liten gnist kan bli til ein stor brann.

Vi minner om:
🚫Forbod mot open eld i og nær skog og utmark.
🔥Ikkje grill ute i naturen, heller ikkje i bålpanner ved dagsturhyttene.
📞Ring 110 med ein gong du ser røyk eller flammar.

Nyt friluftslivet, men vis varsemd. Del gjerne vidare!

Illustrasjonsfoto frå Løvstakken i Bergen, 2019: Marius Dobilas/Shutterstock.

Adventskalenderen er komen på plass✨ Frå 1. desember er det berre å ta turen! Er du i riktig aldersgruppe for dagens gåv...
28/11/2022

Adventskalenderen er komen på plass✨ Frå 1. desember er det berre å ta turen! Er du i riktig aldersgruppe for dagens gåve er det førstemann til mølla som gjeld. Gåvene er merka med ulik alder. Sjå siste biletet for reglar og fordeling av aldersgruppe🤩 dei yngste er prioritert på helg🥰

Kos deke på tur og i hytta, og ha ei god adventstid✨

Tusen takk til Anne-Karin som både pyntar og lagar til kalenderen kvart år, og tusen takk til Spar Eivindvik som sponsar gåvene🥰

Kva dag passar det betre å besøke Gulakvila? Velkommen! Dugnadsånden lever, hytta er nyvaska og alle tekstiler heng til ...
31/03/2022

Kva dag passar det betre å besøke Gulakvila? Velkommen! Dugnadsånden lever, hytta er nyvaska og alle tekstiler heng til lufting. Takk🤩

Velkommen til opning av Den Trondhjemske Postveg onsdag 16, juni kl 11:30. Vi startar i Postvågen (Halsvik ved kaia), de...
10/06/2021

Velkommen til opning av Den Trondhjemske Postveg onsdag 16, juni kl 11:30.
Vi startar i Postvågen (Halsvik ved kaia), der vi tek i mot ein kar som skal vandre heile Den Trondhjemske Postveg frå Bergen til Trondheim.
Det vert ein opningsseremoni leia av Ordførar før vi vandrar saman med denne karen til Halsvik. Dei som vil fylgje lenger er hjarteleg velkommen til det:-)
Ein kan følgje han på heile vegen gjennom Gulen, men Eidsbotn_Nordgulen reiser han med båt. Det kan vere mogeleg å følgje der og, men då må vi få beskjed. Ellers kan ein følgje med eigen båt, eller ta bilen det strekka. Vidare kan ein følgje frå Nordgulen til Rutledal. Avgang Nordgulen ca kl 15:00.
Vi ynskjer alle som har høve på dagtid å vere med. Vi har plass til 200 på arrangementet, og ber alle om å halde riktig avstand og å ikkje komme dersom ein har symptom på covid-19.
Vi håpar mange vil vere med på turen og opninga, og slik vise takk og hyllest til alle som har gjort ein formidlabel dugnadsinnsats får å restaurere vegen, og dei to laga som har teke på seg vedlikehaldsarbeid framover.
Norske flagg i sekken er flott!!
Velkommen , og hjelp oss gjerne å dele informasjonen.
For lenkje: https://www.gulen.kommune.no/.../opning-av-den.../

Velkommen til opning av Den Trondhjemske Postveg onsdag 16, juni kl 11:30.

Vi startar i Postvågen (Halsvik ved kaia), der vi tek i mot ein kar som skal vandre heile Den Trondhjemske Postveg frå Bergen til Trondheim.
Det vert ein opningsseremoni leia av Ordførar før vi vandrar saman med denne karen til Halsvik. Dei som vil fylgje lenger er hjarteleg velkommen til det:-)

Ein kan følgje han på heile vegen gjennom Gulen, men Eidsbotn_Nordgulen reiser han med båt. Det kan vere mogeleg å følgje der og, men då må vi få beskjed. Ellers kan ein følgje med eigen båt, eller ta bilen det strekka. Vidare kan ein følgje frå Nordgulen til Rutledal. Avgang Nordgulen ca kl 15:00.

Vi ynskjer alle som har høve på dagtid å vere med. Vi har plass til 200 på arrangementet, og ber alle om å halde riktig avstand og å ikkje komme dersom ein har symptom på covid-19.

Vi håpar mange vil vere med på turen og opninga, og slik vise takk og hyllest til alle som har gjort ein formidlabel dugnadsinnsats får å restaurere vegen, og dei to laga som har teke på seg vedlikehaldsarbeid framover.

Norske flagg i sekken er flott!!

Velkommen , og hjelp oss gjerne å dele informasjonen.

For lenkje: https://www.gulen.kommune.no/aktuelt/nyheiter/opning-av-den-trondhjemske-postveg/

God adventstid folkens🏃‍♀️🧍‍♂️🤸‍♂️🌠Minner om lappe-adventskalender i hytta, alle mellom 0 og 12 år kan skrive ein lapp m...
15/12/2020

God adventstid folkens🏃‍♀️🧍‍♂️🤸‍♂️

🌠Minner om lappe-adventskalender i hytta, alle mellom 0 og 12 år kan skrive ein lapp med navnet sitt på og vere med i trekning på kalendergaver utanom adventskalender som heng i hytta. Ein konvolutt med blanke lapper, ein til å putte signerte lapper oppi. Trekning i januar🎄

🌠Minner og om at på kalenderen som heng i hytta kan ein må plukke kun dagens gåver eller gåver som heng att frå tidlegare, og ikkje plukke gåver lenger fram. Gåver som manglar blir ikkje erstatta. Fortsatt god og aktiv adventsstund, håpar folket kosar seg med eventyr, bål og god stemning oppe ved hytta eller andre stader i vakre Gulen🎄💫

09/12/2020

Nydelig...god tur😍

Vi ynskjer velkommen til adventsstund i Gulakvila🌲Her er det noko for alle🌟🌲🌟Adventskalender med pakkar; 0-100 år.Fordel...
01/12/2020

Vi ynskjer velkommen til adventsstund i Gulakvila🌲
Her er det noko for alle🌟

🌲🌟Adventskalender med pakkar; 0-100 år.
Fordelt på dagar, sjå bilde med skjema. Første mann på rett alder får velge seg pakke. Du kan velge pakke som heng att frå tidlegare dag i rett aldersgruppe om den ikkje er teken. Kun ein pakke pr person på heile kalenderen. Ein må ta turen og hente pakken sjølv, signer på skjemaet. (Vaksen kan sjølvsagt hjelpe å signere).

🌲🌟 Lappekalender, ligg i konvolutt. 0-12 år. Skriv navnet ditt på ein lapp kvar gang du er i hytta frå 1-24 desember. I januar trekkjer vi premiar på lappane. Legg lapp med navn og alder i "Adventskonvolutten". Ta vare på tusjen som ligg i konvolutt med blanke lappar.

🌲🌟 Adventslesing; Biblioteket har lånt ut to kalenderbøker; "Pulverheksa og Julenissen" og "Desembergata 24". God lesestund🌟

🌟🌟🌟Tusen takk til Spar Eivinvik som har sponsa alle kalendergåvene🌟🌟🌟
🌟🌟🌟Tusen takk til Anne Karin Haveland for idé og gjennomføring🌟🌟🌟

Ynskjer alle ei god adventstid☃️🎶

Sjå på lista for reglar for gåvekalender og kva dag som gjeld du aldersgruppe. Dei yngste borna er prioritert på helg🌟

Fint om alle som er innom sjekkar at lyslenka skin. Det ligg nye batteri i hytta, berre å skifte når det er dårlig lys.

Skilt om historia til Dagsturhyttene er på plass. Men her var det hardt å skru! Nokon som kan ta med seg eit godt skruje...
27/11/2020

Skilt om historia til Dagsturhyttene er på plass. Men her var det hardt å skru! Nokon som kan ta med seg eit godt skrujern, litt musklar eller ein liten drill og få skruene heilt inn? Stjerneskrujern.

Skal du forbi Gulakvila? Ta med deg ein stein til grua og bygg😀Ein fantastisk kveld ved Dagsturhytta vår🤩😍
15/10/2020

Skal du forbi Gulakvila? Ta med deg ein stein til grua og bygg😀

Ein fantastisk kveld ved Dagsturhytta vår🤩😍

Dugnad gjennomført😊 no har vi fått endå litt betre utsikt, i tillegg er det reinska reint berg framfor hytta og laga ei ...
07/10/2020

Dugnad gjennomført😊 no har vi fått endå litt betre utsikt, i tillegg er det reinska reint berg framfor hytta og laga ei grue. Denne kan forbetrast ved å tilføre meir stein så vi får pynte litt på den. Ta gjerne med ein stein i sekken når du skal oppover!
Takk for hjelpa til dei som kom😊

Adresse

Eivindvikvegen 1119, Parkering
Gulen
5966 EIVINDVIK

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Dagsturhytta Gulakvila legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Dagsturhytta Gulakvila:

Del