15/11/2017
Til topps på Island Peak - 6189 meter!
Vi kom oss til topps på Island Peak! Eg klarte det..! Å, herlighet. Så langt ned i kjellaren har eg aldri vore. Den tyngste fjellturen. Eg var så sleten at eg trur eg brukte 5 minutt på dei tjue siste metrane. Eg gaula så høgt eg klarte då eg kom opp. Trur det var "JAAA!!!" Og så berre datt eg i hop og vart setande på kne. Det vart ikkje berre tåre, det vart hulking. Gledeshulking? Ei enorm glede av å vere oppe. Triumfen. Privilegiet. Slitet. Utsikta. Den gode gjengen. Fy flate, ditta var stort.
Vi vart vekte rundt midnatt i går. Ikkje så veldig kaldt, men lurt å ha dunkleda på. For det vart raskt kaldare etterkvert som vi snirkla oss oppover, og det vart meir vind og. Gjekk med haudelykt til vi kom opp til Crampon Point, overgangen til breen.
Sola kom idet vi gjekk inn på breen. Og for eit breparti! Her kan Småttene og Jostedalsbreen berre gå og legge seg. Det var mykje meir ekstremt enn eg hadde rekna med. Men vi tok det pent og forsiktig. Kryssing over bresprekk på stige var kanskje det mest ekstreme. Fire stigar som var knytt i hop. Vi hadde rett nok øva på dette dagen før, men då var det berre ein stige og ein halv meter ned.
Eg var egentlig komen heilt i kjellaren lenge før vi kom inn på breen. Men eg var så innstilt på å kome meg til topps, at å avbryte aldri var noko alternativ. Siste jumarering opp topptauet huskar eg ikkje så mykje av egenlig. (PS! Eg brukte hjelmen til sjølvaste Ang Namgya Sherpa. Eg måtte no nesten berre kome meg opp då!)
Men fy søren altså, eg klarte det. 6189 meter. Ganske villt!! Her er bilda frå toppstøtet.
(PS! Bilder frå Everest BC og Kala Patthar kjem etterkvart. I dag har vi gått frå Island Peak BC og tilbake til Pangboche. Returen er i gang.. Og turkartet på nestetur.no er oppdatert!)