02/03/2025
Skal små born drikke heilmjølk eller lettmjølk? 🤔
Som forelder vil eg sjølvsagt gje borna mine det beste grunnlaget for vekst og utvikling. Men når det kjem til mjølk, spriker råda, og dette er utruleg forvirrande! 🤷♂️
🇳🇴 Norske myndigheiter tilrår lettmjølk i barnehagar for å redusere metta feitt og halde kolesterolet lågt.
🌎 WHO og fleire andre land, som Storbritannia og Australia, anbefaler derimot heilmjølk til barn under 2 år, fordi feittet gir viktig energi og næring til borna, som er i ein viktig utviklingsfase.
🔬 Kva seier forskinga?
✅ Studier viser at born som drikk heilmjølk har lågare risiko for overvekt samanlikna med dei som drikk lettmjølk.
✅ Feitt er essensielt for hjernen si utvikling, spesielt for små born.
✅ Fullamma born har høgare kolesterol enn dei som får morsmjølkerstatning, men det er ikkje knytt til auka risiko for hjartesjukdom seinare i livet.
🐄 Historisk sett har vi alltid drukke feitt-rik mjølk. Først dei siste tiåra har vi fått beskjed om at lettmjølk er betre, men er det eigentleg basert på solid forsking? 📜
🤷♂️ Eg vel heilmjølk til borna mine fordi det gir dei den energien og næringa dei treng!💪
🔎 Poenget her er ikkje å seie at alle MÅ drikke heilmjølk, men at foreldre bør få god og balansert informasjon, slik at ein sjølv kan ta velinformerte val☺️👍
🤔 Kva gjer du?🫵 Har du fått råd om å unngå heilmjølk?🤔
💬 Del gjerne tankane dine i kommentarfeltet! 🗨️👇
PMID: 31851302, 30217460, 22810464
Hugs å lagre innlegget slik at du finn det att seinare💾
______________________________________
Følg meg for inspirasjon, kunnskap og tips om helse, kosthald og trening!🍎💪🧠