17/08/2026
Kva kan vel vera meire gjevande for oss på Fiskebustøylen enn å kunne samla klassevener frå Gimle skule. Alle desse gjekk i same klasse, og alle feirar 80 år i løpet av dette året. Fleire hadde ikkje sett kvarandre sidan skuledagane, så det vanka rikleg med gode varme klemmar og også nokre tårer i augekroken var å sjå. Mange i klassa har falle frå, og desse 9 reiste seg under middagen og tok 1 minutt stille til minne om dei gode klassevenene som er avlidne. Ein fin kveld vart det, med god mat og mange var dei gode minna som kom fram gjennom ein lang kveld. Velkomne attende til Fiskebustøylen skal de vera, når 90-års feiringa skal haldast 🙂