19/06/2026
🤍💙Ein fantastisk dag for Fotlandsvåg Idrettslag og Fotlandsvåg Arena! 🤩
I dag fekk vi tildelt heile 500 000 kroner i prosjektmidlar frå Sparebanken Norge til nye stadionlys. Dette er eit viktig bidrag som vil vere med på å vidareutvikle anlegget vårt og skape endå betre rammer for aktivitet og idrettsglede i bygda.
Vi nytta også høvet til å vise fram det nye reiskapshuset, eit prosjekt som Sparebanken Norge òg har vore med på å bidra til og gjere mogleg.
På vegner av heile laget ønskjer styret å rette ein stor takk for den verdifulle støtta. Slike bidrag betyr enormt mykje for oss og gjer det mogleg å realisere prosjekt som kjem både laget og lokalsamfunnet til gode.
Tusen takk til Sparebanken Norge for tilliten og støtta! 🤍💙
Sparebanken Norge
Bygdanytt