04/06/2018
Banestatus 4.juni:
Heile 169 økter booka i mai. Det betyr at bana, og bookingsystemet er ein stor suksess!!
Vi oppfordrar alle om å ikkje booke tid dei ikkje benyttar seg av. Det blir dei som ønskjer å spele skadelidande av. Vi ser kven dette er og har fått inn ein del rapportar om dette fenomenet, dessverre. Der er ingen måte å slette tid ein har booka, men benytt gjerne diskusjonsgruppa til å gi beskjed om tid ein av diverse årsaker ikkje kan benytte, slik at andre kan få spelt når bana likevel blir ståande ledig. Minner om at ein må møte presis. Fem minutt for seint medfører at ein mister timen sin.
DET ER RØYKING FORBODE PÅ BANA! Det gjeld egentlig også snus.
Vi oppfordrar alle om å ta med seg sitt eige søppel. Der vil kome søppelbøtte, men inntil den tid så må folk rett og slett forlate bana i den stand dei ønskjer å finne den sjølv. Der heng ei søppelbøtte på hjørnet av kulturhuset. Dersom folk blir observert i å kaste sneipar eller snus ned på bana vil det få konsekvensar.
Vi vil også oppfordre alle om å gi beskjed dersom det blir observert at bana vert benytta til anna bruk. Fotballtennis f.eks er ikkje tillatt, då det kan ødelegge nettet.
Lykke til i juni.
Meld dykk inn i diskusjonsgruppa (postar linken i neste innlegg).
Og kos dykk med tennisen.
PS! Der er bestilt inn tennisutstyr på Intersport no. Både tennissko, racketar og ballar i forskjellige prisklasser.