Historikk.com

Historikk.com Facebooksida til Historikk.com, nettsida som samler og tek vare på Bergsøy historie, fakta og statistikk.

Frå Bergsøy til EliteserienOg vidare til kampar i europa.Det er ikkje berre herrelaget vi bør ta oss tid til å skryte av...
01/06/2026

Frå Bergsøy til Eliteserien

Og vidare til kampar i europa.

Det er ikkje berre herrelaget vi bør ta oss tid til å skryte av. Prestasjonane til Kine Kvalsund fortener også eit klapp på skuldra.

Frå å vere toppscorar og kaptein for Bergsøy sitt damelag, til sju år som lagkaptein i Volda og ein sentral del av laget som rykka opp til eliteserien. Derifrå gjekk turen vidare til Larvik, ein av dei mest meritterte klubbane i norsk handball.

🏐 212 kampar og 585 mål for Volda
🏐 104 kampar og 154 mål for Larvik
🥈 NM-sølv
🥉 Seriebronse
🌍 Europacupspel

No går turen vidare til Utleira og nye utfordringar på øvste nivå i norsk handball.

Det har ikkje vore noko snarvegar.

Les saka på historikk.com:
https://historikk.com/moderne/news.php?slug=fr-bergs-y-til-eliteserien

Hareid - Bergsøy 2-5 (2-0)Bortesiger nr 16 mot Hareid på 30 kampar. Tiltross for at Bergsøy ikkje hadde vunnet mot Harei...
30/05/2026

Hareid - Bergsøy 2-5 (2-0)

Bortesiger nr 16 mot Hareid på 30 kampar. Tiltross for at Bergsøy ikkje hadde vunnet mot Hareid siste 4 kampane så er det fortsatt ingen tvil;

Hareid er fortsatt laget Bergsøy historisk sett har best taket på. Mest sigerar mot. Mest mål mot. 36 sigerar på 61 kampar. Målforskjell 149-91

Dette var første gangen Bergsøy har scora 5 mål borte mot Hareid. 6 mål derimot har skjedd, men da må vi tilbake til 1957.

20 bilder i referatet

👉 Link: https://historikk.com/moderne/sesongfil.php?kategori=fb_herrer&ar=2026&kampnr=1491

Historikk.com med solide spelarprofilar for herrelaget i fotball.👉 Fotball Herrer sine spelarprofilar (448 spelarprofila...
28/05/2026

Historikk.com med solide spelarprofilar for herrelaget i fotball.

👉 Fotball Herrer sine spelarprofilar (448 spelarprofilar) har blitt oppdatert med en solid mengde statistikk. Og blir stadig meir oppdatert. Men allereie no er det trulig norges mest avanserte fotball-profilar. Bra for ein 4.divisjonsklubb.

👉 Spelarprofilane har no såkalla faner, der vi har mer detaljert informasjon enn tidligare.

👉 Når du kjem inn på spelarprofilen kjem du til Generell informasjon. Antall kampar (med nummer for adelskalender), antal mål (og nummer for plassering på målscorerliste) Og fartstid i klubben blant anna.

👉 Fartstid i klubben (Herrefotball) er forsåvidt også ei ny statistikkside. Tid frå første registrerte A-kamp til den siste registrerte. Kjetil Paulsen er nr 3 på den lista:
https://historikk.com/moderne/herrefotball_spelarstatistikk.php?vis=fartstid

👉 Velg blant fanene kampar, mål, bilder og statistikk. Sjå grafar år for år kampar og mål. Kamplister. Kven spelaren har spelt mest mot, scora mest mot, antall registrert banens beste, antall registrert kaptein, assist. Korleis spelaren har scora mål. Spelartype basert på kort vs kampar.... og meir

👉Totalt har historikk.com 1091 spelarprofilar på tvers av fotball herrer, fotball damer, handball herrer og handball damer.

👉 Profilane blir stadig meir oppdatert. Endel statistikk er avhengig av at målregistrering i kampar blir grundigare gjennomført for å registrere typar mål/og kven som har assist etc.

👉 Link spelarprofilar:
https://historikk.com/moderne/spiller_allespillere.php?kategori=fb_herrer

25/05/2026

𝐇𝐞𝐫𝐫𝐞𝐡𝐚𝐧𝐝𝐛𝐚𝐥𝐥 𝟏𝟗𝟗𝟑/𝟗𝟒
Bergsøy - Volda 30-17

Målscorarar:
⚽Gard Berge 13
⚽Nils Christian Nørvåg 10
⚽Roald Johansen 3
⚽Håvard Notøy 2
⚽Stig Vestnes 2

Historikk.com har som kjent et mål om å ta vare på og formidle Bergsøyhistorie, og da er det veldig artig at det finnes dei som finner gamle ting liggende i skuffer.

🕦 Denne handballkampen fra 32 år tilbake i tid er eit slikt glimt frå fortida som hadde gått tapt om ikkje det blei digitalisert.

💥 Og kanskje kan dagens Bergsøyspelarar bli inspirerte av Nils Christian Nørvåg sitt piruett-straffekast som du kan sjå i videoen under?

Heile kampen kan du sjå her på følgande link:
https://youtu.be/vmC-W20gnl8

Gratulerer til Rune Frantsen !Vi skal sjølvsagt ikkje røpe alderen no når evigunge Rune Frantsen er halvveis til 100, me...
24/05/2026

Gratulerer til Rune Frantsen !

Vi skal sjølvsagt ikkje røpe alderen no når evigunge Rune Frantsen er halvveis til 100, men vi må uansett få gratulere denne Bergsøykapteinen med dagens jubileum!

Ein av Bergsøy sine mest likandes karar, ein naturlig kapteinstype som gjekk inn i kvar kamp med bein som trommestikker. Den gode blandinga med stor innsats og likevel et lurt smil om munnen fyllt av speleglede. Og sjølvsagt talent. Omtalt som Runaldo i Sunnmørsposten i 1999 etter at han scora på brassespark - og han blir Årets spelar i Bergsøy samme år.

Under ei trening på grasbana var Rune i driv frammover, og eg slengte meg med armane først for å gripe tak i beina hass så han gjekk i bakken. Det var berre smil å sjå. Han sa han var stolt av at eg endelig utførte ei tackling, sjølv om den kanskje ikkje var heilt lovlig.

Preben Hestad har eit minne om ein kamp der han og Rune spelte ilag på sentral midtbane, men det var ei periode i kampen der Preben måtte spele aleine.

-"Rune måtte berre pluttselig på do å drite. Han hadde sikkert vore å ete bløtkake eller noko i et selskap. Men vi klarte å unngå å sleppe inn mål. Den kampen gløymer ikkje eg, og det trur eg ikkje Rune heller gløyme!"

Statistikk:
Rune er på 10.plass på adelskalenderen med 206 kampar, men bak kjem Daniel Kvalsvik susande med sine 204 og truar med å skubbe Rune nedover lista. Foreløbig viser statistikken at Rune har vore banens beste spelar i 28 av sine 206 kampar, som da blir i underkant av 15 prosent av kampane. Men etterkvart som vi studerer kampreferata nærmare så er det forventa at dette tallet skal stige.

PS: Kunstig Intelligens har endra litt på utsjånaden til Rune. Han er enda finare i virkeligheita.

Gratulerer med dagen 😃

Det skjer i  Bergsøy IL HandballDet har vore mange gledelige nyheter frå handballgruppa siste tida. Eliteserie skal spel...
22/05/2026

Det skjer i Bergsøy IL Handball

Det har vore mange gledelige nyheter frå handballgruppa siste tida. Eliteserie skal spelast på REM Arena den komande sesongen 2026/27. Spelarar som forlenger kontrakter. Nye spelarar inn. Tribuneutviding på kortsikt og langsikt, og store middlar.

👉 Bergsøy Handball er tildelt 2 millioner kroner for utviding av tribunekapasiteten av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

Bergsøy Handball bygger ikkje berre lag for framtida.
Klubben bygger også arenaen for framtida.

Kva ventar i enden av regnbogen?

Les mer her: https://historikk.com/moderne/news.php?slug=bygger-for-framtida

𝗦𝘁𝗷𝗲𝗿𝗻𝗲𝗽𝗿𝗼𝗳𝗶𝗹𝗲𝗻 𝗛𝗮𝗿𝗮𝗹𝗱 𝗧𝗵𝗼𝗿𝘀𝗲𝘁𝗵Tidvis skriv historikk.com "Stjerneprofilar". Det er litt meir utfyllande om enkelte prof...
21/05/2026

𝗦𝘁𝗷𝗲𝗿𝗻𝗲𝗽𝗿𝗼𝗳𝗶𝗹𝗲𝗻 𝗛𝗮𝗿𝗮𝗹𝗱 𝗧𝗵𝗼𝗿𝘀𝗲𝘁𝗵

Tidvis skriv historikk.com "Stjerneprofilar". Det er litt meir utfyllande om enkelte profilar som vi gjerne vil heidre litt ekstra. Harald Thorseth er ein slik.

Harald Thorseth var kjend for mykje. Han var ein formidlar som lærte frå seg kunnskap vidare både som lærar, forfattar og journalist. Vestlandsnytt kalla han ein bauta for Herøy, og det er ei treffande beskriving på mange måtar. Mange vil tenkje på all lokalhistoria han formidla vidare gjennom både artiklar, bøker og tidsskrift.

For historikk.com er han også ein bauta i fotballhistorisk samanheng. Han spelte sjølv keeper for fleire klubbar, og han heldt fram interessa for idretten også etter at han gav seg som aktiv. Dei mange kampreferata, intervjua, bilda og sakene han skreiv om og rundt Bergsøy opp gjennom 1970-talet og vidare, er ein skatt for eit fotballag som hadde si storheitstid rundt desse åra. Dei levande referata gjorde nok sitt til at fotballinteressa dette tiåret var rekordhøg.

Les mer på historikk.com
👉https://historikk.com/moderne/news.php?slug=stjerneprofil-harald-thorseth

Bergsøy - Ørsta Fredag 22.mai kl 18:30Bergsøy sin 6.seriekamp for sesongen.1956-202670 år med kampar mot Ørsta. Første k...
20/05/2026

Bergsøy - Ørsta
Fredag 22.mai kl 18:30
Bergsøy sin 6.seriekamp for sesongen.

1956-2026
70 år med kampar mot Ørsta.
Første kampen var 5.august 1956. Ørsta vann heime 3-0

👉Den tradisjonsrike seriekampen mot Ørsta skal skje igjen denne fredagen. Det er med god margin at Ørsta er klubben Bergsøy har møtt til flest kampar opp gjennom tidene. Dette blir kamp nr 87.

👉 Kampane mot Ørsta har blitt spelt heime på følgande baner:
- 22 kampar på Bergsøy Stadion
- 11 kampar i Huldalen
- 7 kampar på Havila Stadion
- 2 kampar på Bergsøy Kunstgras
- 1 kamp på Tjørvåg Stadion
Totalt 43 heimekampar

👉 Heimemål mot Ørsta:
- 43 mål scora på Bergsøy Stadion
- 16 mål scora i Huldalen
- 13 mål scora på Havila Stadion
- 8 mål scora på Bergsøy Kunstgrasbane
- 1 mål scora på Tjørvåg Stadion
Totalt 82 mål heime mot Ørsta.

👉Dei siste 5 kampane mot Ørsta har det gått bra, med 3 sigere og 2 uavgjort. Ja, om en reknar 2-2 i cupkampen i mars som uavgjort. Der tapte som kjent Bergsøy på straffesparkkonkurranse for så å ryke ut av NM - etter litt protestrunder fram og tilbake.

👉 Vi har notert ned 59 forskjellige målscorarar i kampane mellom Bergsøy og Ørsta opp gjennom tidene.

👉Fred Frantzen er mestscorande mot Ørsta gjennom tidene med 22 mål mot klubben - 14 av dei scora i Fosnavåg. Enrique Crespo Søvik har 7 mål mot Ørsta, derav 6 av dei har kome på Havila Stadion.

👉Ørsta har 3 tap og 1 uavgjort på sine 4 siste kampar.

På denne dagen for 56 år sida. 18.mai 1970. Bergsøy - Ørsta 1-0🌸 Det var kamp i Huldalen. 650 tilskuerar sto uti sidene....
18/05/2026

På denne dagen for 56 år sida.

18.mai 1970.
Bergsøy - Ørsta 1-0

🌸 Det var kamp i Huldalen. 650 tilskuerar sto uti sidene. Det blåste opp mot kuling styrke i løpet av den første omgangen.
🌸 Knut Teige scora etter 40 minutt. Han snappa opp et frispark frå Sveinung Frøystad og sendte det vidare i nettet.
🌸Dette var første gang Bergsøy vann ein kamp i 3.divisjon.
🌸Seier betydde 2 poeng til Bergsøy. 3 poengs-regelen blei ikkje innført før i 1987.
🌸På linja kan det nesten sjå ut som datidens VAR system, ein maritim observatør.
🌸Laget som spelte: Johs Nørvåg, Knut Igesund, Ronald Moen, Jostein Myklebust, Oskar Waage, Kjartan Fagerlund, Sveinung Frøystad, Jack Pettersen, Odd Berge, Asbjørn Myklebust, Knut Teige. Innbyttarar: Fred Frantzen og Andreas Kvalsund.

Forøvrig:
Den 18.mai har Bergsøy sitt herrelag i fotbal spelt seriekamp10 gongar. Alexander Eksund (i 2015) og Andreas Kvam (i 2018) fekk sine debutar på denne datoen, og Steffen Ulbæk som spelte på Bergsøy i 2008 har bursdag idag.

For mer info om dagens dato med tanke på Bergsøy-hendelsar.
På sida "Dagen idag" får en alltid oversikt over kampar, nyheter og eventuelle bilder og meir frå alle årets datoar:
👉 https://historikk.com/moderne/idag.php

Hødd2 - Bergsøy 0-30-1 Sander Vike0-2 Enrique Crepo (str)0-3 Franjo Tepuric Det er slike kampar som er både kjekke å sjå...
14/05/2026

Hødd2 - Bergsøy 0-3

0-1 Sander Vike
0-2 Enrique Crepo (str)
0-3 Franjo Tepuric

Det er slike kampar som er både kjekke å sjå og kjekke å spele, når innsatsen er høg og tacklingane susar rundt hjørnet. Det vart endel gule kort, og bra tempo, og mykje bra spel og innsats.

Dei første målet etter flott vingspel, som det var mykje av. Elias Hauge til Sander Vike. Seinare var det nesten andre veien frå Vike til Elias. Men 1-0 kom altså allereie eter 9 minutt og før den tid hadde Franjo ei headding i stolpen, samt at både Sander og Crespo hadde forsøk som keeper redda. Bergsøy var i slag frå start av.

Og det holdt heile kampen ut. Innsatsen og gøttsen. Og da Franjo sendte en ball gjennom til Tomas og han blei fellt, så var det Crespo sin tur frå straffemerket til 2-0. 66 minutt spelt. Kampen var avgjort.

Spikeren kom like før slutt da Franjo si headding gjekk opp i krysset. Nydelig mål. Seriemål nr 100 for han. Igjen.
Nydelig kamp. Og på overtid så scora Bergsøy to til, men blei avblåst for offside.

Vestlandsnytt har kampreferatet liggande ute no.

Godt jobba karar!

Adresse

Fosnavåg

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Historikk.com legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Historikk.com:

Del

Type