BUA Herøy

BUA Herøy BUA Herøy held til på Kulturhuset, og er eit "bibliotek" av sports-og friluftsutstyr til gratis utlån Velkomen til BUA Herøy si Facebook-side. JA TAKK!

Her får du nyttig informasjon. Denne Facebook-sida er drifta av frivilligsentralen. UTLÅN

Du låner utstyret i maks 7 dagar. Dersom alle leverar tilbake utstyret til avtalt tid, og i god stand, kan mange ha glede av utstyret vårt. Dersom du ikkje leverer lånet til avtalt tid, vil du verte ilagt dagbøter, i tillegg vert ein fråteken retten til å låne utstyr i ei periode. Regler for dagbøter: Dersom

utstyret ikkje kjem inn til avtalt tid, må ein levere det så snart som muleg, i opningstida. lån på inntil 4 utstyrseningar 200,-
lån på inntil 8 utstyreiningar 400,-
lån på over 8 utstyrseiningar 600,-

Alt utstyret må vere reint og tørt ved innlevering. PERSONVERN

Du styrer sjølv kva du deler og kven du besøker på Facebook. Derfor er din eigen policy like viktig som kommunen sin. Når du følgjer, liker eller kommenterer noko på Facebook-sidene våre, får Facebook tilgang og vil bruke opplysningane og spora du legg igjen etter deg. Deler du noko med status «offentleg» gir du alle tilgang og tillating til å nytte informasjonen og knyte den til deg. I Facebook sine retningslinjer står det at «at offentlig informasjon er tilgjengelig for alle i eller utenfor tenestene våre, og kan sees eller fås tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API’er eller media mv.» Det vil seie at spørsmåla du stiller og det du kommenterer på våre Facebook-sider, kan lesast og brukast av andre. SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR? Vi set pris på at du engasjerer deg i innhaldet vårt. Vi er på Facebook som ein service for innbyggarane våre og svarer gjerne på spørsmål og tek imot innspel. Innspel som er arkivverdige, blir lagra i arkivsystemet vårt og vil kome i postlistene våre, som er offentlege. Oversikt over vakttelefonar finn du på nettsida: www.heroy.kommune.no Vi kan ikkje sakshandsame her på Facebook. Slike meldingar må du sende til [email protected] eller den enkelte sakshandsamar. Kontaktinfo til dei tilsette finn du på heimesidene våre. BLEI INNLEGGET DITT SLETTA? Det er sjølvsagt heilt OK å vere ueinig med oss. Vi tar også imot sakleg og konstruktiv kritikk. God debatt og diskusjon er bra for demokratiet. Facebook slettar innlegg som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg med upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Vi kan også velje å slette feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen styresmakter og medium står i for å stanse villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar også innlegg eller kommentarar der vi meiner forfattar utleverer seg sjølv eller andre og som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har med saka å gjere eller som inneheld reklame for kommersielle produkt og tenester, blir også fjerna. HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Har du spørsmål til denne policyen? Send oss ein e-post på [email protected] eller direkte her på Facebook.

21/08/2026

So kjekt! 🥰

4 el-sykler ledig til utlån her i dag, første til mølla 🏃‍♂️🏃‍♀️🏃💨🚲🚴🚴‍♀️🚴‍♂️
20/08/2026

4 el-sykler ledig til utlån her i dag, første til mølla 🏃‍♂️🏃‍♀️🏃💨🚲🚴🚴‍♀️🚴‍♂️

17/08/2026

Då har vi testa airtrack og den fungerar heilt supert! Klart til utlån i dag- første mann til mølla 🤸‍♀️🤸‍♀️🤸‍♀️🥳

Prepping av snowboard, på BUA i dag. Blir bra gli på desse til vinteren 🤩🏂
10/08/2026

Prepping av snowboard, på BUA i dag. Blir bra gli på desse til vinteren 🤩🏂

Sjekk denne spreke familien som har lånt utstyr på BUA for å utforske livet under vatn! Det ser ut som dei har hatt det ...
10/08/2026

Sjekk denne spreke familien som har lånt utstyr på BUA for å utforske livet under vatn! Det ser ut som dei har hatt det veldig kjekt og spennande- på trass av den elendige sommaren vi fekk på Sunnmøre i år. Tusen takk for at dokke vil dele bilda frå turen med oss! Foto: Karoline og Peter

06/08/2026
05/07/2026
No kan vi BADE! 🤿🛀🏄‍♂️🚣 i dag har vi pakka ut nye våtdrakter som er beregna på badetemperatur 9-13 grader! Dette takka v...
29/06/2026

No kan vi BADE! 🤿🛀🏄‍♂️🚣 i dag har vi pakka ut nye våtdrakter som er beregna på badetemperatur 9-13 grader! Dette takka vere MOWI Herøy som sponsa oss med dette, tusen hjertelig takk! Her er no 8 drakter i same tjukkelse, i str 152, 159, 164, S,M, L, XL og XXL! Du låner alt utstyr på BUA, gratis i inntil ei veke.

Adresse

Lisjebøvegen 10A
Fosnavåg
6099

Åpningstider

Mandag 15:00 - 17:30
Torsdag 15:00 - 17:30

Telefon

+4790126409

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når BUA Herøy legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til BUA Herøy:

Snarveier

Del