01/05/2026
⛰️ 7-fjellstur i Askvoll 🏃♀️
Ei gjentaking av 7-fjellsturen i Askvoll har stått på lista vår (13 år sidan sist!), og med 1.mai som lova sol, så var det ein god plan 🇧🇻.
Men 1.mai kom ikkje berre med lovnad om sol, men også ein del vind. Så derfor var vi på nippet til å finne eit anna mål for dagen, men valte å gamble på at vinden vart litt rolegare enn meldingene tilsa.
Slik vart det ikkje! 😅 Faktisk endå litt verre.... På veg opp topp nr. 4 Steinheia blåste det så heftig at det nærast var uråd å gå! 22 m/s i kasta viste oppdatert varsel på yr.no. Altså liten storm på drøye 400-meters høgde!
Vinden kosta oss ein del ekstra krefter, men 7 av 7 vart det! Nesten 1400 høgdemeter og 14 km. Turlaget hadde også tur der i dag, men vi starta eit par timar seinare. Så bortsett frå at vi møtte nokre personar på veg opp til første topp - Blåfjellet - så var vi åleine på heile turen.
#7-fjellstur