09/04/2026
Vi er straks i gang med klargjering av bana for årets sesong. Sjølv om vi framleis spelar på naturgrus i år, jobbar vi hardt for å få på plass nytt fast dekke på anlegget. Men for å klatre heilt til topps, treng vi dykk med på laget! 🏆
Slik kan du hjelpe med å sikre nytt dekke:
⭐ Bli medlem: Forny medlemskapet ditt eller bli medlem/støttemedlem for berre kr 100,–. Alle medlemmane våre er utruleg viktige for prosjektet!
🌱 Grasrotandelen: Vel oss som din mottakar hos Norsk Tipping – det kostar deg ingenting, men betyr mykje for oss!
Som medlem i klubben får du:
🎾 Gratis lån av ballmaskin
🎾 Gratis lån av racketar og ballar
Nytt av året:
💰 Kontingent og treningsavgift for sesong betalast no enkelt via Min Idrett. Lenke i kommentarfeltet. 👇
🔑 Vi utviklar ei heilt ny nettside for enklare booking, betaling av strøtime og låsing av bana!
Vi håpar mange vil bidra, slik at vi kjem i mål med oppgraderinga av anlegget!