20/08/2024
Hei alle!
Sidan bana no er blitt litt "ny" etter endringane som er gjort, so tenker vi at ein fin måte å innvie den på er å holde ei lita turnering for dei som vil 😊 Den blir no på søndag, 25.08, og r nda starta klokka 11:00 🙂 Dette er ei uhøgtidleg turnering der alle er velkomne, uansett ferdighetsnivå, so håper at mange tek turen 😊
For å gjere det litt enklere å holde styr på kven som er med, og korleis det går, so må ein melde seg på turneringa i uDisc. Det er gratis både å lage seg konto og å melde seg på turneringa 😊 ein finn turneringa ved å sjå under arrangement, eventuelt kan ein følge linken her - Lending Gard Frisbeeturnering Lending Gard • Flekke, Norway
https://app.udisc.com/applink/event/v2/event_listing_x5ne8w8mzcd1j1n6a187p23t
Håpar vi sjåast på Søndag 😊
PS: viss det er nokon som vil ha nokre tips før turneringa begynner, so kan ein møte opp ein time før, og so skal vi prøve å vise litt 🙂