15/07/2026
Smettinn har du gjerne ikkje høyrt om, men er absolutt ein plass du bør besøke.
Smetinn er ein fjøs som er ombygd til vevstove, og utstilling av ulike åkler og vevar. Her finn du bland anna ein kjempestor vev på 6 m. Her må det sitte 5 stk og veve på same tid.
Mykje flott å sjå på, og mykje historie om Sunni Mundal, som var ein kjend tekstilkunstnar med sterke røter til Fjærland. Dronning Maud kjøpte eit teppe av ho i 1924.
Dronning Sonja har vore her fleire gonger, og det er takka vere Anne Britt Lotsberg og Brita Distad Frækaland at denne vevstova har blitt til.
Her finn du og Olastova, der bror til Brita har utstilt mykje flott trekunst.
Ta kontakt med Brita Distad Frækaland på 97772846, og få deg ei omvisning. Det kostar 100 kr i inngangspengar. Kan anbefalast!🤩