Extra Førde Cup 2023

Extra Førde Cup 2023 Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Extra Førde Cup 2023, Idrettslag, Førde.

03/09/2023

Viktig! Det er oppdaga skjeggkre på Hafstad vgs. Alle laga som har overnatta der må lufte og riste alle kle før dei tar det inn i sine eigne hus heime.
Kle, baggar, madrasser må IKKJE sanerast men luftast, frysast eller vaskes.

30/08/2023

Viktig info!

PARKERING
Det er parkeringsplass på festplassen/utstillingsplassen. Denne parkeringsplassen er midt mellom Førdehuset og Hafstad vidaregåande skule.

-Førde IL handball-

Hei alle saman, og velkomen til ei ny kjekk handballhelg i Førde 1-3 september 2023Vi har oppdatert heimesida vår ( http...
25/08/2023

Hei alle saman, og velkomen til ei ny kjekk handballhelg i Førde 1-3 september 2023

Vi har oppdatert heimesida vår ( https://handball.fordeidrettslag.no/tema/temaer ) med oppdatert informasjon om ting og tang kring cupen.

REGLEMENT
NHF sitt turneringsreglement er gjeldande under Coop Extra cup 2023. Ved eventuelle protestar, skal denne leverast seinast 30 minutt etter kampslutt, saman med protestgebyr på 300,-. Hovudsekretæriatet for Coop Extra cup vil vere godt merka, og plassert ved biblioteket i Førdehuset

KAMPARENA
Kampane vert avvikla i Førdehuset, og i Halbrend hallen.

SPELETID
Til og med 12 år: 1 x 15 minutt
Øvrige lag: 1 x 20 minutt
Sluttspel: 1 x 20 minutt

SPELESYSTEM
Innleiande kampar vert spelt i puljar på fortrinnsvis 4 lag og spelt som seriesystem.
Alle lag er garantert minimum 4 kampar. Klassane J/G 13 og eldre går til sluttspel og finalespel.

Minner om at ein spelar kan spele på fleire lag, MEN IKKJE I SAME ÅRSKLASSE. Møt på bana seinast 5 minutt før kampstart (NB kun 3 minutt mellom kampane i innleiande runde). Ingen timeout.

MÅLTID
For dei som har B-kort vert ALLE måltid servert på Førdehuset. Det er dessverre ikkje mulighet for å smøre seg lunsj på fukost.

Fredag: kvelds 19:00 - 21:00
Laurdag: frukost 07:00 - 10:00 og middag 16:00 - 19:00
Søndag: frukost 07:00 - 10:00 og lunsj 12:00 - 14:00

INNSJEKK/UTSJEKK
Innsjekk skjer på Hafstad vidaregåande skule. Laga må vere ute av klasseromma kl. 12:00 på søndag.

PARKERING
Det er parkeringsplass på festplassen/utstillingsplassen. Denne parkeringsplassen er midt mellom Førdehuset og Hafstad vidaregåande skule.

OVERNATTING
Alle som har B-kort skal overnatte på Hafstad vidaregåande skule som er 4 minutters gange frå Førdehuset. Vi oppfordrar deltakarar og lagleiarar om å halde orden og vise respekt for andre sin eigedom. Det vert kontinuerleg vakthald på skulen, men minner om at lagleiarane har ansvaret for sine lag.

For dei som ikkje har bestilt B-kort men treng overnatting, så har vi avtale med Scandic Sunnfjord og Spa.

Prisar pr. døgn inkl. frukost:
Enkeltrom: 1090,-
Dobbeltrom: 640,- per person (1280,- for rommet)
Trippelrom: 525; per person (1575,- for rommet)
4-sengsrom 415,- per person (1660,- for rommet)

DISKOTEK
Laurdag frå kl. 20:00 – 23:00 på Førdehuset

SYMJEHALLEN
Alle cupdeltakarar med band får halv pris i symjehallen i Førdehuset. Opningstider: Laurdag kl. 10.00 - 18.00 og søndag kl. 11:00 - 16:00

RYDDING/REINHALD
Alle lag har ansvar for å halde orden i hallen, garderobane og på skulen. Ved utreise skal romma skal ryddast og kostast av laga og søppel skal settast utanfor rommet. Før laga får reise, skal romma godkjennast av vakta på skulen.

Vi gler oss til å møte dykk, og håpar alle får ei fantastisk handballhelg saman med oss.


-Førde IL handball-

All informasjon om Extra Førde Cup finn du her i linken, samt kontaktinformasjon. Vi gledar oss til å sjå dåke første he...
03/08/2023

All informasjon om Extra Førde Cup finn du her i linken, samt kontaktinformasjon. Vi gledar oss til å sjå dåke første helga i september🤗

28/08/2022

Alle vi i Førde IL Handball vil seie tusen takk for at dykk kom på Extra Førde Cup 2022! Vi håpar ALLE har hatt ei fantastisk kjekk handballhelg saman med oss.

Sjåast til neste års cup🤗

Tusen takk til Scandic Sunnfjord Hotell som sponsar enkelte  av romma til dommarane våre 🤩
27/08/2022

Tusen takk til Scandic Sunnfjord Hotell som sponsar enkelte av romma til dommarane våre 🤩

Kontakt Sparebanken Vest for eit godt tilbod 🤩
27/08/2022

Kontakt Sparebanken Vest for eit godt tilbod 🤩

Dolly Dimples har 20% rabatt på pizza til deltakarar på cupen 🍕🤩🍕
27/08/2022

Dolly Dimples har 20% rabatt på pizza til deltakarar på cupen 🍕🤩🍕

KIOSK på Halbrend skule ved inngangen til frukostsalen🤗
27/08/2022

KIOSK på Halbrend skule ved inngangen til frukostsalen🤗

Vår Cup sponsor Extra har mange gode tilbud. Her eit eksempel frå det lokale bakeriet i Førde. Ta turen til dette store ...
27/08/2022

Vår Cup sponsor Extra har mange gode tilbud. Her eit eksempel frå det lokale bakeriet i Førde.

Ta turen til dette store varehuset i Kronborgvegen for mange gode kjøp 👍

Elvetorget har mange gode rabattar på dei ulike butikkane for deltakarar på cupen 🤩
27/08/2022

Elvetorget har mange gode rabattar på dei ulike butikkane for deltakarar på cupen 🤩

Adresse

Førde

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Extra Førde Cup 2023 legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del