25/01/2026
Panatta – treningsutstyr i særklasse!
Som fleire av dykk truleg har fått med seg dei siste dagane, er det no tinga seks nye apparat til Kjetils Gym. Alle frå Panatta, ein italiensk produsent som av mange vert rekna som Ferrari innan treningsutstyr.
Panatta er kjend for høg kvalitet, presis biomekanikk og solid konstruksjon, og vert nytta av profesjonelle treningssenter og toppidrettsmiljø verda over.
Dei nye apparata som er tinga:
- Climber Fenix Touch (trappemaskin)
- Power Smith Dual System Upper
- Super Pullover Machine
- Adductor / Abductor Machine
- Vertical Chest Press Circular
- Standing Multi Flight
Desse apparata er venta å kome på plass på Kjetils Gym til våren, og vil bidra til eit endå betre og meir komplett treningstilbod for både nye og eksisterande medlemmar.
Eg vil rette ei stor og ærleg takk til alle medlemmar. Det er takka vere dykkar lojalitet og støtte til gymmet at det er mogleg å investere i nytt utstyr, og vidareutvikle Kjetils Gym steg for steg.
På lengre sikt ligg det sjølvsagt fleire planar føre, men i denne omgang vart desse apparata frå Panatta prioriterte, då dei kompletterer dagens utstyr på ein svært god måte.
PS: For deg som ikkje har medlemskap: Vi har for tida ein januarkampanje på 399,- per månad, heilt utan bindingstid. Kampanjen går ut om berre få dagar, og er ei fin moglegheit til å sjekke ut om Kjetils Gym kan vere noko for deg.