30/03/2026
Utmerkinga i regi av Førde Idrettslag:
I samband med årsmøtet for Førde Idrettslag 26.03.26 vart følgande utmerkinga frå Førde Idrettslag annonsert:
Toppidrett stipend (kr 10.000):
Karoline Erdal, Skiskyting
Karoline Holsen Kyte, Friidrett
Gjøran Tefre, Langrenn
Finn Friis Hafstad minnestipend (kr 7.500):
David Engesæter, Langrenn
Toppidrettstipenda og Finn Friis Hafstad minnestipend vil tradisjonen tru bli utdelt i samband med 17. mai feiringa i Førde.
Heiderspris i gull: Langvarig (minst 20 år) og framifrå sportsleg eller administrativ innsats for klubben:
Bernt O. Berntsen, Handball
Lars O. Nistad, Fotball
Grunngjeving:
Bernt Ove Berntsen f. 1973 kan vise til ei lang karriere i Førde IL handball, både som spelar og som trenar i aldersbestemte klassar - og som trenar for damer senior.
For tida er han, saman med si kone, trenar for Førde sitt jenter 14 lag. Hans mål som trenar er ikkje berre å utvikle spelarar, men også å skape eit trygt og positivt miljø - der alle blir sett og kan utvikle seg. Ikkje minst, gjennom idretten, å gi ungdommane ein stad å høyre til, ein struktur i kvardagen og eit fellesskap å vere ein del av. På den administrative sida kan Bernt Ove vise til eitt år som styreleiar. Førde IL handball (1989 – 2001, 2004 – d.d) 1989 – 2001: Spelar junior/senior 2008 – 2013: Spelar senior 2017 – 2018: Spelar senior 2006 – 2008: Trenar aldersbestemte klassar 2017 – d.d. : Trenar aldersbestemte klassar 2004 – 2008: Trenar senior damer 2014 – 2018: Trenar senior damer 2019 – 2020: Styreleiar.
Lars Ove Nistad f. 1971 kan vise til ei lang og innhaldsrik trenargjerning i Førde fotball.
I Førde starta trenar-karriera hans i 2004. Sidan den tid har han hatt trenaroppdrag kvart år fram til dags dato. Han er i fremste rekke blant trenarane når det gjeld samla timetal på feltet. Det er først og fremst lag i aldersbestemte klassar som har nytt godt av Lars Ove sin breie kompetanse, både på treningsfeltet og som kampeleiar. Ikkje minst det å sjå kvar einskild spelar og gi individuelle tilbakemeldingar blir framheva av mange. I tillegg kan Lars Ove vise til om lag 15 år som markant trenar, i diverse roller, i regi av NFF Sogn og Fjordane. Førde IL fotball (2004 – d.d) 2004 – 2007: Hovudtrenar og assistent-trenar Herrar A 2008 – 2025: Hovudtrenar for årsklassane G14, G15 og G16. 2009 – 2015: Akademi-trenar (10 – 16 år) 2011 – 2022: Trenar grendaserien for årskulla 2006 og 2010 på Sunde. 2023: Fornya Lisens som UEFA-B trenar 2025 – 2026: Hovudtrenar Herrar Kretsligaen. (4.div).
NFF Sogn og Fjordane (ca. 2000 – 2015) I løpet av desse åra har Lars Ove hatt fleire roller : Regionstrenar, kretslagstrenar og sonekretstrenar. I tillegg har han undervist på trenarutdanninga til kretsen, dei såkalla Grasrotkursa. I 2022 vart han tildelt kretsen sin pris som årets trenar i ungdomsfotballen.
Heiderspris i gull vil bli utdelt i samband med årsfesten til Førde Idrettslag 24. april.
Årets Eldsjel:
Knut Arild Folkestad f. 1960 er vinnar av Årets eldsjelpris for framifrå dugnadsarbeid i Førde IL for 2025.
Knut har hatt fleire tunge verv i Førde idrettslag sidan 1991 og fram til dags dato. Knut har med sitt store nettverk vore ein «døropnar» for Førde IL ved fleire høve. Han er, og har vore, sterkt engasjert i anleggsutviklinga, og bidrog mellom anna med ein avtale som sikra 8 millionar til utbygginga av Hafstadparken, tilbake i 2008. (frå Sparebanken Sogn og Fjordane). Han var også sentral i høve gåvemidlar som vart tildelt Førde IL i 2022. Dette var i samband med planar om storhall i Hafstadparken. (17 millionar frå Sparebanken Sogn og Fjordane og 10 mill. frå Sparebanken Vest.) Førde IL Hovudlaget (2003 – d.d). Medlem av FIL anleggsutvalet 2005 – d.d, medlem av arbeidsgruppe for utbygging av Hafstadparken 2007 – 2014 - og kunstgras på grendabanene 2003 – 2004. Han har elles vore medlem/leiar av FIL valkomiteen 2008 – d.d., og styremedlem i FIL eigedom 2014 – 2019. Vart tildelt Førde IL sin heiderspris i 2019. Førde IL friidrett (1985 – 1998) Aktiv mellomdistanseløpar 1985 – 1990, trenar 1991 – 1994, styremedlem 1995 – 1998. Førde IL fotball (1994 – 2024) Totalt 14 år som styremedlem, fordelt på tre periodar, med ansvar for sport, marknad og økonomi. Lagleiar aldersbestemte klassar 1994 – 2004. Elles: Har i tillegg utført arbeid med spelarovergangar/kontrakter og sponsorkontrakter på «si» frå 1995 – d.d.
Andre verv: Under VM i vektløfting som gjekk av stabelen i Førde i oktober 2025 var Knut særs sentral - ein av spydspissane i arrangementskomiteen. Som salssjef har Knut vore Førde idrettslag sin representant i samband med planlegging og gjennomføring av meisterskapet. Arrangementet vart som kjent svært vellukka - og sette Førde og regionen vår på kartet. Knut bidrog sterkt til dette når det gjeld administrasjon, organisering og ikkje minst god økonomistyring – med ansvar for avtalar med samarbeidspartnarar og sponsorar. Det må også nemnast at Knut utførte dei same arbeidsoppgåvene under EM i vektløfting i Førde i 2016 – som også var eit særs vellukka arrangement.
Knut Arild Folkestad kan vise til lang fartstid og eit stort avtrykk. Han er ein særs verdig vinnar av eldsjelprisen 2025.
Førde Idrettslag gratulerer med velfortjente utmerkinga til prisvinnarane!
Eldsjelprisen 2025 for Førde Idrettslag vart på årsmøtet 26. mars tildelt Knut A. Folkestad (foto: Per Ø. Storevik)