Førdehuset

Førdehuset Kulturhuset i Førde Målet er og gje deg overordna informasjon om behandlinga vår av personopplysningar. Vi forventar at du viser respekt for andre.

Førdehuset inneheld Førdefestivalen, Sunnfjord kommune sin kulturadministrasjon, idrettshall, symjehall, Kino Førde, Førde bibliotek, Storsalen, Lisjesalen, Teatersalen, Festsalen, Utstillingssalen og rom for utleige til møte, øving, kurs, konferansar og arrangement. Personvernerklæring for Facebook

Denne personvernerklæringa fortel korleis Sunnfjord kommune samlar inn og brukar personopplysning

ar frå Facebook. Her finn du informasjon om kva personopplysningar vi samlar inn på våre Facebook-sider og oversikt over bruksvilkår som er gjeldande. Vår behandling er i samsvar med Personvernforordningen (GDPR), norsk lov av 15.juni 2018 nr.38 om behandling av personopplysninger (Personopplysningsloven). Ansvarlig part

Sunnfjord kommune er ansvarlig part for den databehandlinga som er kravd for å kunne levere tenesta som er skildra i denne personvernerklæringa. Dette omfattar ikkje databehandling som gjeld såkalte "Site Insights", der vi delar ansvaret med Facebook Ireland Limited ("Facebook"). Husk at bruk av vår side inneberer ytterlegare behandling av personopplysningane dine frå Facebook si side, som ikkje er avgrensa av det som skjer innanfor "Site-Insights". For dette viser vi til personvernerklæringa frå Facebook: https://www.facebook.com/privacy/explanation. Om vår side blir lenka til andre Facebook-sider eller online-innhald gjeld personvernerklæringa til desse tenestene. Du kan kontakte oss på e-post; [email protected] eller Personvernombod i SySIKT: [email protected]

Generell databehandling

Slik kan du samhandle med andre på Facebook-side:
poste ein kommentar på veggen
legge inn ein kommentar på ein post
like ein post
dele ein post

Ver merksam på at Facebook-sida er offentleg og andre kan sjå all informasjon. Vi kan ikkje kontrollere korleis andre side-brukarar behandlar denne informasjonen. Dei opplysningane som blir lagra om deg er dei opplysningane som du legg att når du opprettar Facebook-konto saman med dei opplysningane du legg att når du besøker Facebook-sida vår. Dette gjeld både samhandlinga di på Facebook-sida vår og statistikk som blir generert av denne aktiviteten. Det er Facebook som handtera sletting av personopplysningar, sjå; https://www.facebook.com/privacy/explanation

Analyse av bruk / Site-Insights

Saman med Facebook kan vi analysere korleis du brukar vår Facebook-side (Site-Insights). Informasjonen som blir kravd av GDPR om behandling av data for Site-Insight finn du i Facebook si personvernerklæring; https://www.facebook.com/privacy/explanation. Innanfor konteksten av Site-Insight vil vi berre motta anonymisert statistikk. Vi har ingen tilgang til personlege opplysningar som blir behandla av Facebook. Endring av denne personvernerklæringa
Denne personvernerklæringa er oppretta dato 01.11.2023

Utvikling av Facebook-sidene våre kan få verknad for måten vi handterar personopplysningar, og dette kan føre til endringar i personvernerklæringa. Bruksvilkår for Facebook-sida vår
Facebook gir deg høve til å samhandle med andre. Du er inneforstått med at innhald posta av brukarar på Facebook-sidene våre ikkje nødvendigvis speglar våre haldningar. Vi kan etter eige skjønn slette innhald som er støytande eller som ikkje stettar norsk lovgjevnad. Sjå kommunen si generelle personvernerklæring for kva rettar du har etter GDPR; https://sunnfjord.kommune.no/om-oss/postliste-og-innsyn/personvern-og-innsyn-2/

03/06/2026

Programleiar i Opptur på NRKP1, Ingrid Sæthre Stabrun, har lært seg å spele piano på radioen i løpet av våren. Med legenda Ingrid Bjørnov som lærar er ho no klar for å ta revansje på pianolæraren som sa til Ingrid 10 år, at ho ikkje såg poenget med at ho kom tilbake etter sommarferien. 👀

Kollega Stian Sjursen Takle overraska Ingrid på lufta med at ho skal få bli ein del av showet Høyt & Lavt // Førdehuset med BAdesKen og Rune Nilson i Førdehuset fredag 12. juni.

Korleis det går? Høyr Opptur laurdag 13. juni eller bli med i Førdehuset og opplev ein eksklusiv opptreden av pianoeleven Ingrid som skal spele Ida's sommarvise.

Onsdag 3. juni får vi besøk av Maja Lunde til føredraget Skjerm barna på Førdehuset. Her set ho søkjelyset på korleis sm...
02/06/2026

Onsdag 3. juni får vi besøk av Maja Lunde til føredraget Skjerm barna på Førdehuset. Her set ho søkjelyset på korleis smarttelefonar og skjermbruk påverkar barna våre – og kva vi som vaksne kan gjere.

Har du Firda+? Då kan du lese intervjuet med initiativtakarane Lene Sørøy Neverdal frå FAU på Flatene og Cathrine Ekehaug frå FAU på Slåtten skule, som fortel kvifor dei meiner dette er eit viktig og aktuelt tema 👇

Skjerm, smarttelefonar og ein fri barndom. Det skal det handle om i Førdehuset onsdag.

29/05/2026

Jubileumsprogrammet Førdehuset 50 år er klart! "Kort" forklart av Inge Larsen. Vil du lese heile sjå på nettsida vår eller i Innbyggerappen. Velkommen til feiring 6 - 14 juni ❤️

Er du lærar for 10. trinn eller vidaregåande skule?No kan du søkje om gratisbillettar til Riksteatret si framsyning Ubes...
28/05/2026

Er du lærar for 10. trinn eller vidaregåande skule?

No kan du søkje om gratisbillettar til Riksteatret si framsyning Ubesvart anrop i Førdehuset – gjennom Riksteatret sitt billettfond.

Spelast: onsdag 30. september kl. 19.30
Varigheit: 1 time og 30 minutt (utan pause)
Skulen dekkjer kun transport

Det er eit avgrensa tal plassar tilgjengeleg, og innsending av søknad er difor ikkje ein garanti for billettar. Alle søkjarar vil få svar på e-post.

Lærarar kan søkje på vegner av klassa si via søknadsskjemaet under.
Søknadsskjema: https://forms.gle/DXSy67annM3uCXAy6
Les meir om framsyninga: https://fordehuset.no/ubesvart-anrop-riksteatret-qj97yp/

27/05/2026

Dyrene i Hakkebakkeskogen kjem til Førdehuset 13. november 🐭🐰🐯

26/05/2026

Få med deg foredraget "Skjerm barna" med Maja Lunde i Førdehuset onsdag 3. juni.

Eit foredrag for deg som meiner ungane er for mykje på skjerm, og som vil bidra til å ta barndommen tilbake.👩‍👧‍👦

Eit foredrag for deg som meiner ungane er for mykje på skjerm, og som vil bidra til å ta barndommen tilbake.Maja Lunde -...
18/05/2026

Eit foredrag for deg som meiner ungane er for mykje på skjerm, og som vil bidra til å ta barndommen tilbake.
Maja Lunde - Skjerm Barna - Storsalen, onsdag 3. juni 👨‍👩‍👧👨‍👧📲

Eit barn som brukar mobilen éin time om dagen, vil med ei gjennomsnittleg levealder på 82 år bruke om lag 30 000 timar på mobilen. Det tilsvarer tre og eit halvt år – eller 15 årsverk. Mange barn og unge brukar mobilen fire timar eller meir kvar dag. Det blir 60 årsverk.

Mobilen og algoritmane eig tida til barna. Bruken går utover det dei treng for å ha det bra: å leike, sove, røre seg, lese, dagdrøyme og vere saman med andre.

Samtidig aukar tala på psykisk uhelse blant barn og unge, og skuleresultata går ned.

Vi har gitt barna fri tilgang til appar og dingsar som vi vaksne knapt klarer å handtere sjølve. Til sosiale medium som krev ei mental modning barn og unge rett og slett ikkje har, fordi hjernen deira framleis er under utvikling.

Vi har gjort det fordi vi tenkjer at det digitale har kome for å bli. Dei einaste som tener på det, er teknologigigantane. Men det som ikkje gjer liva våre og samfunnet betre, har ikkje kome for å bli. Det kan vi fjerne eller endre.

Dette foredraget viser deg korleis.

Adresse

Angedalsvegen 5
Førde
6800

Åpningstider

Mandag 08:00 - 22:30
Tirsdag 08:00 - 22:30
Onsdag 08:00 - 22:30
Torsdag 08:00 - 22:30
Fredag 08:00 - 22:30
Lørdag 09:00 - 18:00
Søndag 12:30 - 21:00

Telefon

+4757721900

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Førdehuset legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Førdehuset:

Del