29/07/2026
Jenter 16 godt i gang på Norway Cup! 🔴⚽
Lykke til i kveld ♥️👏
No er gruppespelet unnagjort, og sjølv om resultata ikkje alltid har gått vår veg, har jentene vist stor framgang gjennom heile turneringa. Innsatsen, lagmoralen og utviklinga frå kamp til kamp gir absolutt grunn til optimisme før sluttspelet.
Eikelandsfjorden - Brattvåg 3-5
Turneringa starta med ein tøff kamp mot Brattvåg. Vi fekk ein vanskeleg start og hamna tidleg under, men Martine reduserte til 1-2 med eit flott langskot etter om lag åtte minutt.
Første omgang var prega av litt opningsnerver og tilvenning til underlaget, og vi gjekk til pause med 1-3. I andre omgang heldt jentene fram med å kjempe, sjølv om Brattvåg fekk først uttelling og la på til 1-5.. Helene reduserte etter å ha vore først på returen etter eit skot frå Brynhild, før Brynhild sjølv stod for kampens store høgdepunkt då ho hælsparka eit innlegg i mål til 3-5. Ei skikkeleg kunstscoring!
Vi prøvde oss på ein sluttspurt, men kom ikkje nærare, og kampen enda med eit heiderleg 3-5-tap.
Eikelandsfjorden - Sotra 1-3
I den andre kampen møtte vi gamle kjenningar frå Sotra. Eikelandsfjorden fekk ein draumestart då Brynhild sette inn 1-0 etter eit flott lagangrep med mange involverte.
Kampen bølgja fram og tilbake, men Sotra hadde marginane på si side og gjekk til pause med 2-1-leiing. Dei fekk òg ein tidleg scoring i andre omgang, og sjølv om spelet var jamt resten av kampen, ville ikkje ballen i mål for vår del.
Trass i tap var dette ein kamp som viste tydeleg framgang. Jentene gav aldri opp og viste imponerande fighting spirit gjennom heile oppgjeret.
Eikelandsfjorden - Stryn 2-1
Så kom endeleg den etterlengta sigeren!
Stryn var best i starten og leia 1-0 til pause. Vi må vere ærlege nok til å innrømme at vi kanskje var litt heldige som ikkje låg under med meir. I pausen vart laget samde om at dersom vi først skulle tape, skulle det i alle fall ikkje stå på innsatsen.
Responsen lét ikkje vente på seg. Allereie etter rundt eitt minutt i andre omgang utlikna Laura med eit flott langskot. Kampen var deretter jamnspelt, og heile laget kjempa som løver. Midtvegs i omgangen slo Laura til igjen med nok eit langskot og sende oss opp i 2-1.
Mot slutten pressa Stryn på for utlikning, men jentene forsvarte seg heroisk. Alle tok ut det siste som var att på tanken, og då dommaren bles av, var både gleda og lettelsen stor. Ein fortent siger og eit bevis på kva laget kan få til når alt stemmer.
Eikelandsfjorden - Gjelleråsen 0-4
I den siste gruppespelskampen venta sterke Gjelleråsen. Vi kom litt tregt i gang til den tidlege kampen, og motstandaren tok leiinga på ein corner i første omgang.
Ved pause var stillinga berre 0-1, og vi hadde tru på ein ny snuoperasjon. Ein nøkkelsituasjon oppstod tidleg i andre omgang då dommaren først signaliserte frispark til oss for hands, før det viste seg at assistentdommaren alt hadde markert for offside. Det oppstod litt forvirring på bana, og Gjelleråsen reagerte raskast då spelet vart sett i gang igjen. Dei kom åleine med keeper og sette inn 2-0.
Etter dette gjekk lufta litt ut av ballongen, og Gjelleråsen fekk inn eit par mål til. Likevel avslutta vi kampen godt og var nære både eitt og to reduseringsmål.
Gjelleråsen var det beste laget denne dagen, men vi såg òg at avstanden opp til gode lag slett ikkje er uoverstigeleg.
Klare for sluttspel 🔴❤️
Etter gruppespelet sit vi att med mange positive opplevingar og ei kjensle av at laget har teke steg for steg gjennom turneringa. Jentene har vist imponerande innsats, samhald og vilje til å stå på for kvarandre.
Mellom kampane har det òg vore tid til sosiale høgdepunkt, og turen til Tusenfryd stod høgt på ønskelista etter siste gruppespelskamp.
No ventar B-sluttspelet, der vi startar med 1/16-delsfinale mot Ridabu IL onsdag kveld kl. 19.40. Med den utviklinga laget har vist gjennom gruppespelet, er det all grunn til å sjå fram til fortsetjinga.
Heia Eikelandsfjorden! ❤️🔴⚽