09/10/2025
Det er bra med aktivitet på tennisbanen for tida - det er veldig gøy å sjå at så mange er i gang med å spele!
Vi køyrer flat struktur i Dombås-tennisen, men nokre trivselsreglar må vi ha på plass. Ta ein kikk på plakaten som heng på tennisbanen før du skal spele.
Hovedpunkta finn du her👇
👟 Du treng ikkje tennissko, men vi anbefaler sko med flat såle, for eksempel vanlege joggesko. Da unngår du å tråkke over, og vi tek vare på banedekket. Ein klassisk vinn-vinn-situasjon, der altså. Ikkje bruk sko med knottar/piggar.
💡Det er éin knapp på tennisbanen. Finn du den og trykker på den, har du ljos i 90 minutt.
🧹Hugs å koste banen etter bruk. Bruk den store banekosten og beveg deg i sirklar inn mot midten på kvar banehalvdel.
🚯Vi har ingen vaktmeisterteneste, så vi må alle ta med oss søpla vår når vi drar.
🤝Viss banen er i bruk når du kjem, gjer du ein avtale med dei som spelar om når banen blir ledig. For at så mange som mogleg skal få spele, set vi ei maksgrense for speletid på 1 time når det er fleire som vil spele (altså frå det kjem nokon som ønsker å overta banen).