Nordfjordhallen Kultur- og Idrettsarena

Nordfjordhallen Kultur- og Idrettsarena Måløy si storstove innan kultur og idrett

Det skjer mykje kjekt i Nordfjordhallen framover! 🎭Her er fire arrangement du kan glede deg til:oktober – Sporsem & Brun...
13/08/2026

Det skjer mykje kjekt i Nordfjordhallen framover! 🎭

Her er fire arrangement du kan glede deg til:

oktober – Sporsem & Brungot: Høy og mørk
november – The Swan Lake: Symphony of Lights
desember – Gubben og Katten og Nissemaskina
februar – Per Henrik Stenstrøm: Idiotene på jobben! 2

Sveip gjennom og sjå kva som fristar 😊

Billettar finn du på nordfjordhallen.no

Klar for ein episk kamp mellom det gode og det onde? ⚔️He-Man er tilbake! 🤩Torsdag av kan du oppleve Masters of the Univ...
06/06/2026

Klar for ein episk kamp mellom det gode og det onde? ⚔️
He-Man er tilbake! 🤩

Torsdag av kan du oppleve Masters of the Universe på stort lerret ved Måløy Måløy kino– full av action, eventyr og legendariske heltar!

Ta med venner og familie for ein skikkeleg kinooppleving 🍿
Billetta finn du her: https://checkout.ebillett.no/234/events/3514/purchase/setup?kanal=dxf

03/06/2026

Når du trur du berre skal springe maraton…
…men plutseleg dukkar the ghost opp og melder seg på løpet 👻🏃‍♂️

Om to veker kjem Scary Movie til Måløy Kino, og vi mistenker at dette blir akkurat passe tullete, teit og hysterisk for alle som likar skrekk med glimt i auget.

Dette er filmen du bør planlegge kinobesøket til no – gjerne saman med nokon som skvett lettare enn deg.

🎬 Scary Movie
📍 Måløy Kino
🎟️ Sikre deg billett og gjer deg klar for latter, skrekk og fullstendig useriøs moro: https://nordfjordhallen.no/scary-movie-dxm20251037/

Tagg ein venn som hadde sprunge frå the ghost før startskotet gjekk. 😂

26/05/2026

For ei helg – og for ein gjeng å få besøk av! 🇳🇴

Det har vore stor stas å få vere husvert for Hans Majestet Kongens Garde i Måløy denne helga. Med overnatting på feltsenger i Samfunnshallen, bruk av idrettsanlegget, kantina til både sosialt samvær og biljardspeling, har det vore veldig kjekt å ha denne flotte gjengen hos oss.

Ekstra kjekt var det å kunne huse ei ekte gardeframsyning inne i fotballhallen, med publikum som fylte både løpebana og tribuna. Det er ikkje kvar dag vi får oppleve noko slikt i Nordfjordhallen – og det sette vi stor pris på.

Vi fekk også gleda av å presentere lokal middag frå ein av våre gode mattilbydarar i Måløy, Havfruen Måløy.

Hans Majestet Kongens Garde er hjarteleg velkomne tilbake ved eit seinare høve. Vi håpar verkeleg det ikkje blir lenge til neste gong.

Stor stas frå start til slutt!
Takk for besøket.

07/04/2026

🎨✨ MAGI + TEGNING – LIVE I MÅLØY! ✨🎩

Kva med ein skikkeleg kjekk familieaktivitet neste helg? Laurdag 18. april kl. 16:00-18:00 👨‍👩‍👧‍👦

No kjem Øisteins Blyant (kjent frå TV!) saman med ein av Norges mest erfarne magikarar – Daniel Larsen – til eit show fylt med:
🎩 magi
😂 humor
✏️ fantastiske teikningar
🤩 og masse deltaking frå barna!

👉 Perfekt for barn (ca. 4–10 år) og heile familien

📍⏱️ Måløy – 18. april kl. 16:00-18:00

Daniel har over 30 års erfaring og har underholdt alt frå Color Line til Slottet – medan Øistein har begeistra over 400 millionar sjåarar verda over 🌍

💬 “Beste vi har sett! Kontakten med barna var heilt unik”

🎟️ Sikre deg billettar her:
https://checkout.ebillett.no/234/events/3315/purchase/setup?kanal=dxf

Ta med barna, besteforeldre – eller gjer det til ein kjekk familieutflukt 💛

Vi gler oss!
– Daniel & Øistein

Adresse

Nordfjordvegen 9111
Deknepollen
6718

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4757756000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nordfjordhallen Kultur- og Idrettsarena legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Nordfjordhallen Kultur- og Idrettsarena:

Snarveier

Del