11/12/2021
Finn .fram dei beste kustgrasskoa og puss dei for no er det klart for avspark på Dingemoen Arena ⚽️⚽️⚽️
Eivind Antonisen, dagleg leiar i HAFS Betongbygg as, signerer her beviset på at Dale IL har fått seg ny storstove for fotball.
Som hovudentreprenør har HAFS Betongbygg as, verkeleg jobba godt med dette prosjektet og fortener stor ros. Dei har vore punktlige og samarbeidsvillige heile vegen, og har levert eit solid stykke arbeid.
Med seg har dei hatt eit godt lag med lokale entrepenørar og det er verkeleg grunn til å takke alle for ein formidabel innsats.
Vi rettar ein stor takk til:
MK Myklebust Entreprenør
Jarstad Rør As
Blikås Elektro
Vestbygg A/S
Sjølve hallen er levert av Besthall.
Inititativet til å få på plass denne hallen kom for 8 år sida og det er Dale IL Fotball som heile vegen har løfta prosjektet og haldt framdrifta oppe. Det er spesielt ein person som har vore ein sentral motivator og det er Vegard Strand. Tusen takk for ditt engasjement og enorme innsats for å realisere hallen. Så er det mange fleire som entusiastisk har vore med desse åra og vi rettar ein stor takk til alle dykk.
Det er Dale IL og Fjaler kommune som eig hallen og vi vil takke alle bidragsytarar som har vore med å finansiert prosjektet.
Spesielt rettar vi ein stor takk til Sparebankstiftinga Fjaler/ Sparebanken Sogn og Fjordane som ser verdien av aktive lokalsamfunn og har bidratt med 6 millionar.
Både privatpersonar og lokalt næringsliv i Fjaler og Sunnfjord har vore med å fullfinansiere dette.
DETTE ER EIN STOR LAGSEIER.
GRATULERER DALE, FJALER OG HAFS! ⚽️⚽️⚽️