20/11/2023
Full rulle i Fureparken, Byrkjelo. Gloppen kommune, Nordfjord .
I vinterbasen vår, Fureparken på Byrkjelo, er det igjen full aktivitet. Etter eit halvt med diverse andre og alternative bruksområder, var det kjekt å starte med primæraktivitetane igjen. Krokpollen får dermed lov å kvile seg gjennom vintermånadane.
"Ungdom i medvind" hadde ei aktiv og god samling denne helga, med både nye og gamle deltakarar.
whirlpool bath, massasje, og film i Hawaiiavdelinga, ei rekke småkonkurransar i aktivitetsgarasja,
musikkverkstad i "man-caven", og sjølvsagt god mat, samtalar, kortspel, og chilling i hovudhuset.
Laurdag prøvde vi skeisene på Myra på Sandane, og grilla pølser i det flotte anlegget dugnadsgjengen til Åsen Vel har laga til.
Taekwondo.
Vi fekk med oss dei første NM-medaljane til Breimningar under NM i kampsporten taekwondo, som vart arrangert i Trivselshagen (sjå bileta). Eit spennande og flott arrangement av Gloppen taekwondo klubb.
Både Elena Dale (gull), og Vanessa S. Hjorteset (bronse), imponerte storleg under NM.
Etter 2 timar i trivselsbadet hadde dei fleste fått brukt mykje av eigen energi denne laurdagen.
Moder jord sine eigne klimautslepp.
Søndag reiste vi på Bergheimsvatnet, for å dokumentere moder jord sin produksjon av gassar. Vi kunne konstantere at det ikkje berre er kyr som prompar i dette landet, men i høgste grad også jorda sjølv. Slik har det alltid vore, og slik vil det alltid vere. Vår rikdom og velstand i Noreg skuldast i hovudsak rotnelsesprosessar (olje og gass). Når isen legg seg på vatna våre, slepp ikkje gassen ut i atmosfæren med det første, men vert mellomlagra som kvite bobler under isen. Då er det kjekt å stikke hol på gassboblene, ligge klar med ein lighter, å sette fyr på gassen. Ei slik boble kan brenne i fleire minutt, om ein er heldig med størrelsen på holet i isen. Underteikna har opplevd slik "boble", som brann i over 2 timar ! (Sandalsvatnet). Vi kunne kokt middag på den.
Dette vart ein lærerik, spennande, og morosam ekskursjon, der stimulering av pyromani ikkje var hovudmålet...
Med magen full av kjøttkaker, tok vi desserten i Breimshallen, der idrettslaget hadde basar, med kaffi og kaker. Med kvar sin 100-lapp i handa, var oppdraget til ungdomane å bruke opp det meste av pengane på noko anna enn seg sjølv. Lodd og årar... og litt spenning på kjøpet. Basar er det ikkje alle som har opplevd. I Breimshallen vart det utdeling av heider og ære, utmerkingar, verdsettingar, og mange basarvinnarar.
Basecampen i Fureparken er eit glimrande utgangspunkt for dei mange ulike aktivitetar kommunen og området kan by på.
Vi vil påstå at deltakarane våre er litt heldige, som får oppleve det beste av alle årstider, gjennom sommarbasen i Krokpollen, ved sjøen, og i vinterbasen Fureparken, blandt fjell, skog, elv, vatn, bre, snø og is, og med høve til ei rekke kulturaktivitetar. Samla vert dette lærerik variasjon !
I tillegg opplevest det stabilt og trygt for ungdomane, når dei har det same personalet på begge stadar. Stabilitet er viktig i einkvar oppvekst, men dessverre er det ikkje alle ungdomar som får oppleve det.
Tusen takk til ungdomane for ei flott helg !
Nyt bileta med kommentarar.