Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall

Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall Velkommen til BVFH og Krabbeskjeret. Hallen vart offisielt opna 22. juni 2024. Sjekk ut festa innlegg for relevant informasjon.

For leige av møterom/klubbhus eller kjøp av abonnement (Basseng/trening), ta kontakt med driftstelefon på 905 34 307. Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall vart offisielt opna 22. Sidan 1967 har det vore jobba for å få på plass eit adekvat symjetilbud i bygda. På 1990-talet vart det danna ei bassengnemnd som hadde som mål å realisere "draumen om eit symjebasseng". Sidan 2012 har det vore jobba med det som i dag er "Hallen" i bygda. Frå 2022 til 2024 vart det lagt ned ca. 10.000 praktiske dugnadstimar i prosjektet. Totalt med administrasjon, så har det nok vore brukt nermare det dobbelte antal timar for å få prosjektet realisert. Hallen har fasilitetar som symjebasseng med dusj og garderobar, Tropicana/avslappingsrom, treningsrom på 150m2, aktivitetssal med buldrevegg, klubbhus, møterom og eit servicebygget for bubilturistar. Vi har tru på at dette vil vere tilbod som vil bli sett stor pris på og som kan gje positive ringverknadar for øyane våre. Som hovudpunkt i ferdigstillinga har Bulandet Idrettslag sett opp fire punkt som hallen skal levere på:

1. Levere eit adekvat symjetilbod til innbyggjarane og tilreisande.
2. Levere gode treningsfasilitetar for variert aktivitet.
3. Levere eit attraktivt forsamlingslokale.
4. Bidra til eit betre bumiljø på Bulandet og Værlandet. Krabbeskjeret Bobil og Camping er tilbodet for tilreisande bubilar og campingturistar. Dei kan nytte fasilitetane i servicebygget som dusj, toalett, vaskerom med vaskemaskin, tilgang til straum, vatn og tømming av septiktank. Vår visjon er at "Hallen" skal vere ei sosial kontaktflate og vere eit hus som ungdommen skal kunne bruke på fritida. Vi håper at dette med åra skal påvirke Bu-Lyst og bidra til at ungdommen vil flytte tilbake og bidra til liv i bygdene våre. Bulandet Skule har no sin timeplan 3 dagar kvar veke i symjehallen, og har prioritet. Vi ber alle besökande ha respekt for skulen sine aktivitetar i bygget. Vi vil ynskje dykk alle velkomen i "Hallen" og “Bygda sitt hus" på Bulandet og Værlandet.

Ben Ward frå NRK serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.." kjem til hallen onsdag 30. september kl. 18.Her vil h...
30/08/2026

Ben Ward frå NRK serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.." kjem til hallen onsdag 30. september kl. 18.

Her vil han halde eit foredrag om livet under gjenreisinga av fjellgarden Kroken i Lusterfjorden. Han vil óg komme inn på forteljingar om livet på godt og vondt og om dét å skape noko sjølv.

Billett pris: kr. 250,-

Det vil bli høve til å stille spørsmål og det blir boksal etter foredraget.

Vi gleder oss til å motta Ben til Bulandet og Værlandet.

Møt opp i god tid for ei kjekk stund i hallen.

Arrangør er BVFH ilag med Sogn og Fjordane Folkeakademi

29/08/2026

Ei lita påminning til alle som har med seg barn i hallen ❤️

Vi er svært glade for at folk tek med seg barna sine i hallen, og at både store og små får glede av aktivitetane våre. 😊

Heile denne helga er rommet ved klatreveggen og rom ved kjøkken utleigd, og kan derfor ikkje nyttast. Vi ber difor alle som har med seg barn i hallen om å passe på at barna ikkje går inn i dette rommet.

Det er heilt fint å ta med barna i hallen – vi ønskjer berre at dei held seg til dei områda som er opne og tilgjengelege. ❤️

Takk for at de hjelper oss å ta vare på både gjestene våre og tinga deira! 🙏

A little reminder to everyone who brings children to the sports hall ❤️

We are very happy that people bring their children to the hall, and that both young and old can enjoy the activities we offer. 😊

The room by the climbing wall and the room by the kitchen are rented out for the entire weekend and therefore cannot be used. We kindly ask everyone who brings children to the hall to make sure that they do not enter these rooms.

It is absolutely fine to bring children to the hall – we simply ask that they stay in the areas that are open and available. ❤️

Thank you for helping us take care of both our guests and their belongings! 🙏

Hei alle!«Sommaren 2026» er på hell, og vi vil gjerne takke alle gjestar i hallen for besøket. Sidan opninga i 2024 har ...
14/08/2026

Hei alle!

«Sommaren 2026» er på hell, og vi vil gjerne takke alle gjestar i hallen for besøket.

Sidan opninga i 2024 har hallen blitt ein hjørnestein i samfunna på Bulandet og Værlandet, der hallen leverer treningstilbud, møtelokaler og mogelegheiter til velvære 365 dager i året!

Den fantastiske dugnadsinnsatsen og alle gjestane sin bruk og støtte av bygget, er det som må til for å betale utgiftene.

Vi håper dykk har hatt ei gledeleg tid i hallen, og kom snart igjen! 🥰

02/08/2026

Vi ser at interessa for å leige symjehallen er større enn vi hadde venta, og samtidig må vi tenke på dei som har kjøpt abbonement i hallen. Vi har derfor gjort nokre endringar.

Nytt frå 1. august:
🏊 Leige av symjehallen skjer no i bolkar på 1,5 time
💰 Prisen er justert opp til kr 600/300 per leigeperiode (+ pris for sosialt rom)

Torsdag 6. august:
🏊 Symjehallen er reservert kl. 12.00–13.30.
☕ Konferanse-/sosialrommet er reservert kl. 11.00–14.00.

Vi opnar døra på sørsida slik at de framleis kan nytte bassenget når symjehallen er ledig, sjølv om det er aktivitet i konferanse-/sosialrommet. 🙂

31/07/2026

Lørdag 1.august er resepsjonen bemanna
kl 13:30 - 14:30 🌷🙂

08/07/2026

Dei neste vekene er eg eller andre i drift eller leiing innom hallen stort sett kvar dag, så berre gje eit vink om de treng fornying av abbonement, så avtaler vi fornying og levering av nøkkelbrikke 🌷🙂 For dei som gjerne vil møte oss i resepsjonen er den open lørdag 11.juli kl12:00 - 12:45 🙂

Mvh Laila M. Blom, tlf 909 14 312

06/07/2026

🌟 Takk for den flotte aktiviteten i Fleirbrukshallen – og ei lita påminning 🌟

Vi blir oppriktig glade av å sjå kor mykje liv, trening, glede og fellesskap det er i hallen om dagen. Det betyr mykje for oss som driv hallen, og for reinhaldarane som stiller opp kvar dag på dugnad. Det er fantastisk å sjå at så mange bruker både treningsrommet og symjehallen – det er akkurat slik vi ønskjer at hallen skal vere: ein plass der folk koser seg, er aktive og kjenner seg velkomne.

Samtidig vil vi gjerne komme med ei lita oppfordring. Då reinhaldarane kom på jobb sist veke, låg det vekter og treningsutstyr utover golvet i treningsrommet, og i dusjen i herregarderoben var dusjforhengene dratt ned på golvet. Slike ting gjer det både vanskelegare og meir tidkrevande å halde hallen rein og trygg for alle.

💛 Vi ber difor om at alle som bruker hallen hjelper til med å rydde etter seg.
Legg vekter tilbake på plass, heng opp utstyr, og ta vare på garderobane slik at dei held seg fine for alle som kjem etter.

Hallen er eit felles gode – og saman kan vi sørge for at den held fram med å vere ein triveleg, rein og trygg plass for heile bygda.

Tusen takk for at de er med og bidreg. Vi set enormt stor pris på dykk alle! 💛💪

Hei alle.I dag fyller Reiaren, Ektemannen, Pappaen og Samfunnsbyggeren Dag Ove Hillersøy 40 år, noko vi i Hallen så gjer...
04/07/2026

Hei alle.

I dag fyller Reiaren, Ektemannen, Pappaen og Samfunnsbyggeren Dag Ove Hillersøy 40 år, noko vi i Hallen så gjerne vil få markere.

Dag Ove er ein av hovedgrunnene til at Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall i det heile vart fullført.

Han tok over som leiar for Bulandet Idrettslag i 2020, og fekk kort tid der etter innsyn i prosjektet og det krevjande arbeidet som då låg føre med både kronerulling, planlegging og generell oversikt.

Dag Ove var igjennom heile ferdigstillinga frå den tidlege planlegging til opninga 22. juni 2024 ei heilt avgjerande drivkraft, som personleg sto rakrygga for alle dei avgjerdene som måtte gjerast.

Det er slik vi alle kjennar han. Rakrygga, ærleg og trygg.

Fokuset til Dag Ove var å auke bulysta på øyane og på den måte bidra til å gjere øyane meir attraktive både for å få ungdommen til å flytte heim att, bidra til at næringslivet ser positivt på å bruke sine pengar på øyane og ikkje minst at øyane skal vere ein god plass å bu.

Dag Ove var med for å vise veg og loste prosjektet i hamn med ei trygg hand på rattet.

Vi i hallen og alle andre som hadde noko med ferdigstillinga av Hallen å gjere sender våre hjartelegaste helsingar til Dag Ove og takkar for den formidable innsatsen du la ned og som du fortsett å bidra med i den daglege drifta.

Gratulerer så masse med dagen, og nyt den!

Hjarteleg til lykke.

Helsing alle som er glade i hallen. :)

23/06/2026

Arrangement
Torsdag 25.juni -26
Kl 11:00-13:00

Sosialt rom er i bruk til arrangement.

Treningsrommet kan nyttast som normalt, men vis omsyn ved bruk av musikk.

Bassenget kan nyttast som normalt, men bruk inngangsdør på sørsida av bygget (døra er open i tidsrommet arrangementet pågår).

Social room is in use for an event.

The gym can be used as normal, but please be considerate when using music.

The pool can be used as normal, but please use the entrance door on the south side of the building (the door is open during the event).

Det er ein del utleige denne veka. Vedlagt bilder viser kortid bassenget er opptatt. Beklager sein publisering. Vi jobbe...
01/06/2026

Det er ein del utleige denne veka. Vedlagt bilder viser kortid bassenget er opptatt. Beklager sein publisering. Vi jobber med å få til kalenderen på heimesida, som vil gje alle betre oversikt 😊

Adresse

Hellersøyvegen 92
Bulandet
6987

Åpningstider

Mandag 07:00 - 21:00
Tirsdag 07:00 - 21:00
Onsdag 07:00 - 21:00
Torsdag 07:00 - 21:00
Fredag 07:00 - 21:00
Lørdag 07:00 - 21:00
Søndag 07:00 - 21:00

Telefon

+4790534307

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall:

Snarveier

Del