03/05/2026
Fjelltrimmen for barn/ungdom:
Alle fødd 2008 og eldre er med i vaksenklassen der målet er å samle poeng. For barn og ungdom yngre enn dette er det eigen fjelltrim med spesifikke postar(3 ulike klassar). Du skal framleis registrere turane/sjekke dei inn på postane i Trimpoeng-appen, men vi har plukka ut spesifikke postar dei skal prøve å samle i laupet av sesongen(1.mai-30.september 2026). Skulle barna i tillegg til å samle postane passere 200 poeng er dei også med i trekning av ekstra premie. Så de må gjerne gå på andre turmål også enn dei som er plukke ut i deira klasse.🤩
Avkryssingskort:
Til dei to yngste klassane har vi laga og laminert avkrysningskort som de kan ha hengande synleg i heimen og evt ha med på tur(Korta er laga ved hjelp av AI og litt kort produksjonstid, så litt skrivefeil og litt avvik på turmålsbilda, men kjekt for dei små lell 😆). Her funkar det å krysse av med ein god sprittusj. Ta kontakt med Robert Inge Svoren eller Silje Marita Vallestad om de vil ha eit slikt til barna, det er produsert opp og klar for utlevering.
Korleis finn du turmåla/registrera du barna sine turar i Trimpoeng-appen?:
Turmåla ligg alle inne i Trimpoeng-appen. Det er kart slik at du ser markert kor innsjekkspunktet er. Legg barna til som underbrukera når du melder deg på via påmeldingslinken. Du kan sjekke dei inn når de er på turmålet. Eller du kan registrere turen deira i etterkant inne på appen(dømesvis viss barna har vore med andre enn deg på tur). Det går heilt fint om kun barnet er medlem i idrettslaget og at du kun registrera deira turar, men ein vaksen må sjekke inn for dei som ikkje har telefon/kan bruke appen.
Fødd 2022 eller seinare har 5 postar(Har avkryssingskort):
Noranakken, Maurstadbenken, Fjellet på Søholmen, Vassdalsosen og Gamlebruna.
Barna i denne klassen må ha gått mesteparten av turen sjølve, men det er sjølvsagt greitt om dei har blitt bært delar av turen.
Fødd 2017 - 2021 har 8 postar(Har avkryssingskort):
Høgeberget, Holevatnet, Draumeplassen, Maurstadnakken, Sætrevatnet, Rundshaugssetra, Skorsteinshola og Movatnet.
Fødd 2009 - 2016 har 8 postar:
Bekslehornet, Vaulsnipa, Høgeberget, Maurstadnakken, Draumeplassen, Movatnet, Grønlidkollen og Fiskevatnet.
Vi vil igjen takke til Kvernevik As for at dei støttar oss og at vi kan skape meir aktivitet for barna🫶🙏 Samtidig vil vi også tipse om Bryggja Sanitetsforening og deira onsdagsturar og at dei har turar til nokre av postane til barna🥰