01/06/2026
Laurdag 30.mai var det igjen duka for NM i Gymnastikkhjul i Skjåkhallen, for andre år på rad. Det var i år 34 utøvarar, og heile 16 av desse representerte Skjåk IL. Dei andre kom frå Rygge IL, Spydeberg IL og frå Vardal IL.
Øvelsane det konkurrerast i er hopp, spiral og linje. Dette er ein veldig underhaldande sport å sjå på, og innimellom gjekk det også eit gisp gjennom publikum på grunn av imponerande gjennomføringar.
Her var det mange gode prestasjonar!
For at det skal kunne kårast ein Norgesmester må det vera minst 10 utøvarar i klassa, og dei må vera over 13 år. Det var derfor berre i klassa junior jenter det vart kåra Norgesmester, medan resten konkurrerer i nasjonale klassar. Skjåk IL hadde ingen i Norgesmesterfinala i år, men i dei nasjonale klassane tok skjåkverane fire gull, fire sylv og fem bronsemedaljer. Fantastisk bra!
NM-helga er også ei sosial helg for utøvarane og dei rundt. Dei har fellestreningar både før og etter, dei er i svømmebassenget saman og dei har bankett.
Vi seier takk for i år, og vel blåst til turngruppa i Skjåk IL for solid og svært bra gjennomføring!
Det vil komme til eit eige innlegg med eit par filmar frå dagen.
Gymnastikkhjul i Norge
Innlandet Gymnastikk- og Turnkrets