06/02/2025
💃 Nok ein fin Balansekonferanse på Litteraturhuset i Bergen - denne gongen med fokus på seniorutøvaren!
❓ Kva tek vi med oss frå kvelden?
⭐ For å nå visjonen "Idrettsglede for alle" må kvinner og menn ha same moglegheiter i idretten. Det er vertfall generalsekretrær i Norges idrettsforbund, Else-Marthe Sørlie Lybekk, heilt klar på!
👪 Familie, jobb og idrett går an å kombinere og balansere! Berre spør Randi Marie Berntsen Farnes (Vestland idrettskrets), Ingrid Stenevik og Mette Hammersland (SK Brann Kvinner) som på kvar sine måtar balanserer rolla som mamma med idretten.
🫄 (Topp)idrett og graviditet kan gå fint, men bør individuelt tilpassast. Dette er Sportsklubben Brann-spelar Cecilie Redisch Kvamme eit godt eksempel på, som har fått god støtte av klubben, blant anna fra fysioterapeut Kari Fykse.
‼️ Mykje av forskning som er gjort på trening, er gjort på menn. Denne kan ikkje utan vidare overførast til kvinner. Vi treng meir forskning på kvinner, meiner Pia Mørk Andreassen ( Vets-Norge).
💦 Urininkontinens rammer mange idrettskvinner, og kan vere hemmande for prestasjon og trening. Fysioterapeut Nina-Margrethe Theodorsen (Universitetet i Bergen) oppmodar difor idretten til å oppsøke og spre kunnskap om tilstanden og om behandling.
🤝 Ønskjer du fleire kvinner i styret ditt? Her er Magnus Hesjedal Hartwig (Norges idrettsforbund) og Ann-Kristin Kristoffersen (Bergen Næringsråd) sine råd til korleis du kan gå fram:
💬 Spør og spør igjen, og fortel kvifor nettopp det er vedkommande du vil ha inn i rolla.
‼️Anerkjenn og snakk høgt om at vi treng både kvinner og menn i sentrale roller.
🙈 Rekrutter blindt – kanskje du blir overraska?
🤩 No ser vi fram til neste Balansekonferanse 6.mars, då med fokus på masterutøvaren. Du kan melde deg på allereie no:
https://www.idrettsklyngevest.no/arrangement/kvinner-i-idretten-masters
NFF Hordaland
Vestland idrettskrets
Norges Håndballforbund Region Vest
Idrettsklynge Vest