26/02/2020
⚽️⚽️OBOS-Vinterserie og fremtidsplanar ⚽️⚽️
OBOS-Vinterserie er nylig lagt bak oss, der me har spelt 3 kampar med varierande hell. Me står med to tap mot Ørnen og NHH 4, men rodde i land ein fullt fortjent siger mot Lindås forrige veka. Alt i alt betyr dette at me ryk ut av gruppespelet, og førebur oss no mot sesongstart i april. Det er mykje positivt me tar med oss fra desse kampane, og i samtlige kampar har me vist gode tendensar i angrepsspelet.
På treningsfeltet ser det for tida lyst ut, der me som regel er over 15 mann på kvar trening. Fleire nye ansikt har vist sin interesse, og kun små kontraktsforhandligar gjenstår før me kan presentera fleire nye spelarar. Me har blant anna lykkes med å henta inn ein ny og lovande målvakt, ettersom vår solide sisteskanse gjennom fleire år, som også har vært verdens beste 7. div keeper, Asbjørn Isdal har valgt å trappa ned satsinga vår mot toppen. Vidare har me henta inn forsterkningar i alle ledd, noko som byr på hardare konkurranse om plassane.
Gjennom mars og fram mot sesongstart i april, har me i ledargruppo planar om å organisera fleire treningskampar mot god motstand. Baune og Eidsvåg har vist sin interesse, og me håpar også på å få ordna fleire kampar. Kanskje blir da ein ny "bortetur" til Stord for å møta Trott 2? Kanskje skal Trott 3 for første gong erobra Bømlo ved å bekjempa Bremnes? Vidare skal me holda fram med gode treningar, slik at me er klare for sesongstart.
Me vil kontinuerlig legga ut rapportar fra treningar og kampar på vår Instagram konto (trott3_bergen), og da ryktes også at spelarpresentasjonar vil forekomma om kort tid. Gå gjerne inn å følg oss på den plattforma også!
Me avslutte ved å dela ein limerick fra vår huspoet og hedersmann Erik Habbestad (bilde):
"Fotball e kjekt
Da føles som ei slekt
Vinteren e sur
Men me har kultur
Seriegull er vårt prosjekt"